Bistand, misjon og påverking

Bistandsaktuelt følger opp sin fokusering på misjon og bistand i siste nummer. Dette opplever eg – som ein av dei det blir fokusert på – som både interessant, positivt, lærerikt og litt frustrerande.

Publisert

Det interessante er at det blir sett søkelys på koplinga mellom bistand og påverknad. I praksis er det forholdet mellom det å vera misjonsorganisasjon og det å vera aktiv i bistand det blir fokusert på. Dette er ein spenningsfull virkelighet.
Vår organisasjon har aldri lagt skjul på sitt verdigrunnlag og sin basis. På det grunnlaget har vi søkt NORAD-støtte til prosjekt vi finn i tråd med våre strategiar. Når NORAD finn prosjekta fagleg gode nok, får vi støtte. Signala frå NORAD den siste tida er nettopp at mangfold i tilnærming er eit gode. Vi blir oppmoda til å framstå med klar profil. Dette forsøker vi å gjera. Det fritar oss verken frå fagleg arbeid eller kritisk holdning til korleis vi arbeider. Her har vi openbart mykje å læra - som dei fleste andre i bistandsbransjen - kanskje til og med meir. Det er interessant at nettopp denne koplinga blir problematisert i NORAD sitt blad.
Det positive med denne fokuseringa er at det blir debatt om misjonsorganisasjonar sitt bistandsarbeid. Det treng vi - både internt og eksternt.
Det er alltid lærerikt å bli fokusert på. I siste nummer har Bistandsaktuelt fokusert på noen artiklar frå Mali i Misjonstidende. Her har ein retta kritisk søkelys mot våre historiar om enkeltpersonar som skifter religion (til kristendom) og så opplever utfrysingsmekanismar frå sine nærmiljø. Vi må konstatera at den ramma desse historiane blir tolka inn i, er annleis enn dei premissane som ligg i botn frå vår side. Under vår presentasjon av desse einskildlagnadane ligg i hovudsak følgande: Ei forundring over at menneske i Mali foretar val som har så sterke sosiale følger. Det undrar oss særleg at det skjer i Mali. For der meiner vi verkeleg at vi har gått fram med takt i høve til lokalmiljø og lokale religiøse forhold. Vi har vore forsiktige med å kopla saman vår kristne grunngiving med dei konkrete prosjekta vår organisasjon har hatt der, meir varsame enn eg meiner vi treng vera.
Då eg blei oppringt av journalisten (Camilla Solheim) om dette, må eg til eiga skam erkjenna at eg ikkje fekk med meg kva som låg under spørsmålet. Ei forestilling om at NMS her driv «misjonering» - med andre ord har ei framferd som er uakseptabel i møte mellom menneske med ulike religionar og kulturar. Dette er lærerikt, for eg burde ha skjønt det - slik Lisbet Holtedahl og umiddelbart gjorde, og svarte på ein etter mi meining klargjerande måte.
På eit punkt til er dette lærerikt: I misjonssamanheng er det ein fortellartradisjon som desse historiane på sett og vis går inn i; ein slags frå-lys-til-mørke-sjanger. Dette har det vore ført ein debatt om i hovudsak i avisa Vårt Land. Eg innser at dette er ein sjanger som er svært ubeskytta i forhold til den tolkinga som dei blei gitt her. Dette er ting vi må arbeida vidare med også i vår presentasjon av oss sjølv. I møte med ein så komplisert røyndom som den fleirreligiøse, multikulturelle vi har å gjera med mange stader i Afrika, er det ikkje vanskeleg å vedgå at her har vi mykje å læra.

Og samtidig er det frustrerande å oppleva at ein må kjempa mot bilde av kva vi er og kva vi gjer som er såpass langt unna det eg vil hevda er røyndommen. Vi er ein misjonsorganisasjon som lever nettopp i tverrkulturelle og fleirkulturelle og fleirreligiøse samfunn. Det pregar vårt arbeid. Vi driv ikkje og pådyttar andre menneske vår tru og overtyding med ufine og voldsomme midlar. Tvert imot arbeider vi heile tida bevisst med å visa respekt for annleis tru og annleis kultur. Sjølvsagt har vi mykje å læra om det og. Men vi har ein levande debatt om det. Og enkelt sagt: Vi har alt å tapa på å oppføra oss uansvarleg utan varhet. Om dette forventar eg meir enn sjablongmessige forestillingar der vi blir tilskrivne modellar og arbeidsformer som høyrer heime enten i vikingtid eller kolonialismens heyday for så på den basis å bli argumentert mot. Men uansett - trass i frustrasjonane viser dette likevel at her har vi ein jobb å gjera - i det minste kommunikativt.
På den andre sida reknar vi med og ønsker debatt om framferd, arbeidsformer og metodar. Det er viktig at det blir påpeikt kva som fungerer dårleg og kva som er kritikkverdig av det vi faktisk gjer og er. Og eg erkjenner heilt klart at mange vil kritisera ikkje bare måten vi ønsker å påverka på, men også sjølve saka. Mange finn det uakseptabelt at vi i det heile framstår med ein ideologi, eit livssyn og ei overtyding som vi ønsker på ansvarleg vis å meddela andre, slik at dei sjølve kan vurdera om dei ønsker å forholda seg til det eller ei. Det er ein annan debatt - og den er real nok. Men dei som står for den, får det ikkje lett når dei skal forklara korleis dei omgåast menneske av annan kultur eller religion - utan å påverka. Det spørst om det finst terreng som ikkje er ulendt når menneske med ulik kultur møtest. Spørsmålet er heller korleis ein bygger vegar i terrenget.

Kjetil Aano tiltrådte tidligere i år som generalsekretær i Det norske misjonsselskap (NMS). Han er tidligere stiftskapellan/rådgiver i Stavanger bispedømme, misjonsprest på Madagaskar (1978-88) og redaktør av Misjonstidende (1990-96).

Powered by Labrador CMS