Bistand til land i konflikt
Store delar av den norske bistanden blir forvalta innanfor usikre rammer. Pågåande, nyleg avslutta eller ulmande konfliktar er røyndomen i mange av landa. Få av mange døme er Dei Palestinske områda, Angola, Sri Lanka og Afghanistan. Noreg har lang erfaring med å forvalte bistand til land i konflikt. Erfaringar viser at dei vanskelege rammevilkåra i desse landa set klare krav til innrettinga på bistanden - både for å oppnå målsettingane om utvikling og for å bidra til fred. Bistanden i desse landa blir forvalta under stor risiko. Det er derfor viktig å ha ei fleksibel tilnærming. Eit minstekrav må vera at bistanden ikkje forverrar konflikten.
Ei av utfordringane er ikkje å la kortsiktige og humanitære omsyn overta det langsiktige i bistand til land med valdelege konfliktar. Bistanden bør byggje opp under fredsprosessar utan at bistandsaktørane i seg sjølv blir fredsmeklarar. Men for å oppnå best mogeleg resultat - både av fredsmeklinga og bistanden - er det viktig at også bistandsaktørane veit korleis bistand kan påvirke både fredsprosessar og konfliktar på landnivå.
For å oppnå målsetningen for bistand til eit konfliktområde, er det nødvendig at bistadnen byggjer på grundige analyser. Måten ein yter bistand på har stor innverknad på resultatet. Det er derfor viktig å vurdere dei tilgjengelege kanalane og kva fylgjer bruk av dei ulike kanalane vil få.
Institutt for Fredsforsking (PRIO) har laga ein studie av fredsbygging i dei fire opprinnelege Utstein-landa (Noreg, Storbritannia, Tyskland og Nederland). PRIO understrekar at fredsbygging er bistand med ei spesiell målsetting og i ein spesiell samanheng. Studien viser til generell mangel på konfliktanalyser som utgangspunkt for bistandsinnsatsen, men syner også til at forvaltninga av den norske bistanden til Dei palestinske områda og Guatemala i stor grad byggjer på grundige analyser av både landa og konfliktane.
Studien tilrår klarare strategiske rammer for fredsbygging og meir bruk av konfliktanalyser og konflikt konsekvensanalyser både på landnivå og tiltaksnivå. UD har no bede Norad vurdere ulike verktøy for fred- og konfliktkonsekvensanalyse. Både erfaringane frå den norske og internasjonale debatten omkring bistand og fredsbygging, viser at det er behov for å styrkje innretninga og utforminga av bistandstiltak i forhold til målsettingane om fredsbygging og konflikthandteringa.
Norad meiner det ikkje er behov for å utvikle eigne norske instrument for freds-og konflikt konsekvensanalyse. Det finst alt mange slike instrument. Men dei bør i større grad byggje på breiare kunnskap om situasjonen i dei aktuelle landa. Det bør derfor utviklast betre system for «tidleg varsling» for betre regelmessig oppdatering.