Meiningar:
Global helse ved eit vendepunkt
Helseleiarar frå heile verda er i Genève for å drøfte reform av den globale helsearkitekturen. Det som skjer globalt, har òg innverknad på nasjonale helsesystem. Korleis kan dette arbeidet inspirere regjeringa i Noreg til å gjere eigne endringar gjennom Vendepunkt-prosessen?
Dette er ein kronikk. Meiningane i teksten er skribentene sine eigne.
Denne veka er helseleiarar samla til Verdas helseorganisasjon (WHO) si generalforsamling i Genève. Det er alltid mange saker på dagsorden i desse møta, om alt frå einskildsjukdommar til økonomi, prioriteringar og arbeidsprogram for WHO.
Ei sak som står fram som særleg viktig i år, er saka om reform av den globale helsearkitekturen.
Sidan eit forslag om dette – Lusaka-agendaen – vart presentert hausten 2023, har saka vorte drøfta i ei rekkje internasjonale fora og prosessar.
Noreg har bidratt sterkt både til å setje agendaen for den globale helsearkitekturen slik vi kjenner den frå dei siste 25 åra, med stor vekt på finansiering gjennom vertikale fond, men leia saman med Kenya reformarbeidet som leidde fram til Lusaka-agendaen.
Lusaka-agendaen foreslår fem grunnleggande endringar: større vekt på primærhelse og styrking av helsesystem, auka innanlandsk finansiering av helse, fokus på rettferd i helseutfall, globale helseinitiativ innretta etter nasjonale prioriteringar og støtte til forsking og utvikling, inkludert lokal produksjon av vaksiner og legemiddel.
Regjeringa er venta å foreslå endringar på området global helse i den komande Vendepunkt-meldinga. Den kan hente inspirasjon og retning frå det som skjer i dei globale prosessane.
Framgang i global helse
Det har vore stor framgang i globale helseutfall dei siste 30 åra, målt som auka levealder, redusert dødelegheit for mødre og barn, betre vaksinasjonsdekning og meir effektiv behandling for sjukdomar som hiv/aids, tuberkulose og malaria.
Målretta helsebistand har bidratt effektivt til dette, men det skuldast òg betre tilgang til reint vatn og sanitærforhold, redusert fattigdom og betre utdanning.
Framleis står likevel mange låg- og mellominntektsland igjen med sårbare og svakt utbygde helsesystem, usikker finansiering og mangel på utdanna helsepersonell.
Kvifor treng vi reform?
Reformarbeidet vart sett i gang for å sikre at land i det globale sør sjølv har handa på rattet for å styre investeringar og prioriteringar i helse etter ein plan, eitt budsjett og eitt rapporteringssystem.
Det globale helsesystemet er framleis ikkje rigga for dei store endringane i nasjonal og regional helsekapasitet i låg- og mellominntektsland, eit endra sjukdomsbilete med større vekt på kroniske og ikkje-smittsame sjukdomar, redusert bistand frå ei rekkje land, nyvinningar i teknologi og vaksineutvikling, og problemet med ein maktubalanse der prioriteringane enno i stor grad er dominerte av gjevarar i det globale nord.
Med store løyvingar til dei globale helseinitiativa dei siste 20 åra har det òg utvikla seg eit stort og fragmentert bistandsbyråkrati på helseområdet, med organisasjonar som til dels har overlappande mandat, ukoordinerte ansvars- og rapporteringslinjer og med store hovudkontor i byar som Genève, New York, Washington, London og Oslo – langt unna dei landa der innsatsen er tenkt å verke.
Parallelt med dette reformarbeidet kom Trump-administrasjonen på ny til makta i USA i 2025. På starten av året trakk USA seg ut av 66 internasjonale organisasjonar, inkludert WHO. Dette har svekka det multilaterale systemet, svekka fagmiljø og forsking, politisert helsespørsmål og sett den globale helsetryggleiken i fare.
Investeringar i global helse er til nytte både for mottakarland og gjevarland. Det handlar både om nasjonal folkehelse og om global helse. Det er ikkje to sider av same sak, men to saker som heng nøye saman.
Helsebistand betrar folkehelsa i mottakarlandet, men styrker òg global helsetryggleik ved å betre beredskapen mot framtidige smitteutbrot og pandemiar, kriser og krig, antibiotikaresistens og klimautfordringar.
«Solidaritet er vår beste immunitet», sa WHO-sjef Tedros Adhanom Ghebreyesus.
WHO si rolle
Ei hovudoppgåve for WHO som den fagleg og normativt leiande aktøren på global helse, er å koordinere innsats mot kriser og helsetrugslar i alle land. Dei siste døma på behovet for slik innsats er handteringa av hantavirus-utbrotet på cruise-skipet Hondius nyleg, der Spania tok ansvar for å ta imot skipet og evakuere passasjerar og mannskap saman med WHO.
«Solidaritet er vår beste immunitet», sa WHO-sjef Tedros Adhanom Ghebreyesus. Den 17. mai erklærte WHO det pågåande ebola-utbrotet i DR Kongo og Uganda som ei internasjonal folkehelsekrise, som gjev utvida fullmakter til WHO for koordinering av innsats knytt til førebygging, overvaking og respons.
Under Verdas helseforsamling denne veka legg WHO fram ein plan for å lande alle dei pågåande reformprosessane for global helse innan eitt år.
Her legg ein opp til endringar som går i denne retning:
- Frå globale til nasjonale og regionale program
- Frå vertikale sjukdomsprogram til integrerte primærhelsetenester
- Frå målretta fokus på smittsame sjukdommar til òg å inkludere ikkje-smittsame sjukdomar, mental helse og klimautfordringar
- Frå fragmentert og donorstyrt finansiering til nasjonal og samordna finansiering
Ei ny stortingsmelding om utviklingspolitikken
Det globale og det nasjonale heng nøye saman. Helse er eit nasjonalt ansvar i alle land, men regionale og globale institusjonar og fond må støtte nasjonale prioriteringar i låg- og mellominntektsland. Regjeringa er venta å foreslå endringar på området global helse i den komande Vendepunkt-meldinga. Den kan hente inspirasjon og retning frå det som skjer i dei globale prosessane.
Nesten 11 prosent av den norske bistanden går til global helse. Vi verdset at UD tek ein lang runde og snakkar med norske bistandsaktørar og andre for å få innspel til meldinga.
For å vere pådrivar for reform av den globale helsearkitekturen meiner vi at ein gjer klokt i å lytte mest til dei som har skoa på. Dei har best kunnskap om, og kjennskap til, helseutfordringane i sine eigne land.
Noreg sin helse- og omsorgsminister, Jan Christian Vestre (Ap), deltok som ein av to ikkje-afrikanske ministrar under Den afrikanske union sitt toppmøte i Addis Abeba, Etiopia, i februar.
Det vart lagt positivt merke til av mange av dei landa som Noreg støttar med helsebistand. Om Noreg vil ha meir effektiv bistand og reform av maktbalansen i global helse, viser historia at det mest effektive er å lytte til – og inngå i sterke og likeverdige partnarskap for utvikling, helse og beredskap.
Bistand til eigen nytte?
Under presentasjonen av arbeidet med den nye stortingsmeldinga la utviklingsminister Aukrust vekt på at bistand også er til vår eigen nytte.
Det er sant, og det er ikkje nødvendigvis ein motsetnad mellom bistand og eigen nytte, men dersom bistand til eigen nytte skal kome i staden for prioritert innsats til dei fattigaste landa i verda, kan det bli ein motsetnad.
Å styrke lokale, nasjonale og globale helsesystem er den beste beredskapen mot utbrot som nettopp ebola; i interesse for dei landa som vert råka, men òg for resten av verda.
Det er viktig og nødvendig i eit nasjonalt folkehelse- og beredskapsperspektiv. Investeringar i globale fellesgode som antibiotikaresistens, klima og helse, beredskap mot kriser, krig og pandemiar kan også kome frå budsjetta til forsvar, energi, helse og justis.
Vi bør gje bistand av solidaritet, og fordi vi har i overflod. Helseberedskap til eigen nytte kan vi òg styrke gjennom andre delar av statsbudsjettet.
Global helse ved eit vendepunkt – er solidariteten død?
Underoverskrifta er tittelen på eit arrangement som Folkehelseinstituttet (FHI) arrangerer under Arendalsveka i august. FHI ønskjer å bidra til ein open og god debatt om desse viktige spørsmåla. Bistand til global helse har gjort stor nytte i mange land. Korleis kan vi ta vare på det beste av dagens struktur i arbeidet med ny global helsearkitektur?
Til dette arrangementet inviterer vi mellom andre aktørar frå land i det globale sør, bistandsorganisasjonar og utviklingsministeren til å delta for å drøfte forholdet mellom bistand, beredskap, makt og folkehelse i eit globalt perspektiv.
Korleis kan Noreg framleis både vere ein viktig aktør og ein likeverdig partnar med land og organisasjonar i det globale sør, til nytte for dei, til nytte for oss og til nytte for alle.
Les meir om global helse:
-
Dette er virusvarianten som nå sprer seg
-
Nær dobling av malariatilfeller i Zimbabwe
-
«De fortjener et monument mens de ennå lever»
-
Norge anklages for å beskytte legemiddelindustrien
-
FN markerer nederlag – tusenvis av helsearbeidere drept
-
Folkehelseekspert og lege Tore Godal får hederspris
-
Han har reddet millioner av liv. Nå våkner Tore Godal av uro om natten
-
– Global helse er blitt sikkerhetspolitikk
-
– Trumps helseavtaler er utpressing
-
Denne sykdommen dreper fortsatt et menneske hvert tjuende sekund