Margunn Indrebø Alshaikh er programdirektør i Norec, under Utanriksdepartementet. Ho likar ikkje å fylle ut reiserekningar og å passe på at dokument ligg i rett arkiv, men elles trivst ho godt som byråkrat.

Byråkraten: Skal ein lytte mest til givar eller mottakar? spør Margunn Indrebø Alshaikh

Margunn Indrebø Alshaikh (43) tok tre mastergradar og jobba 15 år for FN i utlandet. Så tok ho med seg mann, born, hundar og kattar heim til Førde for å verte avdelingsdirektør i Norec.

Publisert Oppdatert

I fjor bestemte Margunn Indrebø Alshaikh seg for å slutte i FN-toppjobben i Botswana. Etter å ha jobba for FN sitt program for utvikling (UNDP), først i Sudan og Libanon og så i Botswana, freista fjella, heimgarden og ei spennande stilling som programdirektør i Norec i Førde. I stillinga har ho det øvste ansvaret for dei UD-finansierte programma til Norec, der norske og utanlandske organisasjonar og verksemder kan få støtte til utvekslingssamarbeid og nordmenn rekrutterast til FN-stillingar.

Byråkraten

Byråkratiet er selve bautaen i samfunnet vårt, og byråkratene er tannhjulene som får det hele til å gå rundt. Men hvem er de egentlig, alle disse byråkratene som sitter på kontorer og i åpne landskap i departementer og direktorater over det ganske land? Og hva driver de egentlig med? I denne spalten får du møte noen av dem.

– Korleis starter du dagen?

Den startar med at snooze-funksjonen får gjere sitt mellom klokka 06.30 og 06.50. Så passar eg på at tre ungar, tre hundar og to kattar får tilgang på frukost, før dei må segle sin eigen sjø og eg set meg i bilen til jobb. Der pustar eg letta ut, finn ein kaffikopp og tenker at «no kan dagen starte».

– Kva er det beste med jobben din? 

Folka, heilt klart. Både flinke kollegaer som brenn for samfunnsoppdraget, men òg alle mottakarane av tilskot, som gjennom litt støtte frå Norec, får til utrulig mykje spennande.

Det er òg eit privilegium å kunne vere tett på mottakarar. I april fekk eg møte ein gjeng unge zimbabwiske landbruksentreprenørar som var på utveksling i Kenya. Dei snakka varmt om vertane sine, og alt dei hadde lært om ressursbruk og økologiske vekstmetodar. Dei gleda seg til å ta desse med seg tilbake for å vidareutvikle verksemdene sine i heimlandet. 

Sjølvsagt er det ikkje berre rosenrødt å skulle reise til eit anna land og samarbeide på tvers av språk og kulturar, så latteren sat laust då den eine etter den andre historia kom om misforståingar og startvanskar. Men det er akkurat dette som er så kjekt å sjå: Kor mykje ein kan lære av kvarandre. Der ligg meirverdien for verksemdene som til sjuande og sist kan utvikle nye tenester og produkt for ei meir berekraftig framtid – og der ligg drivkrafta mi.

– Og kva likar du minst?

Å fylle ut reiserekningar og passe på at alle dokument ligg rett i arkivet. Det er gjerne dei stundene eg treng mest påfyll av sukker og kaffi for å halde produktiviteten på topp.

– Kor ofte tenkjer du på at det er skattebetalarane sine pengar du forvaltar?

Ofte. Det etiske spørsmålet eg stiller meg, er korleis vi best handterer spagaten vi står i med tanke på ansvarleggjering. Givarar i bistandsverda stiller visse krav og føringar nettopp fordi ein forvaltar skattebetalarane sine pengar. Men kva gjer det med ansvaret vi har overfor dei som til sjuande og sist treng bistand? Kva skjer med deira føringar og prioriteringar? Det er ikkje alltid det er samsvar mellom desse omsyna, og det skal vi vere ærlege på. Overfor kven har vi mest ansvar, og kven har vi mest tillit til? Dette er spørsmål eg tenkjer mykje på, og kva som krevjast av oss for å dulte forvaltninga i rett retning.

– «Byråkrati», «byråkrat» og at noko er «byråkratisk» har nærmast vorte skjellsord i Norge. Byråkrater vert ofte skulda for å være trauste og kledelege. Er dei det?

Det er klart at når ein byråkrat stangar hovudet mot veggen av reglar og prosedyrer, så kan skjellsorda mot byråkratiet komme. Men eg kjenner på ingen måte at det er traust og kjedeleg på innsida. Innsida her i Norec er fylt med dyktige, engasjerte folk som ynskjer å utvikle betre tenester for samfunnet. Så er det klart at vi nokre gonger kjenner på at det tek for lang tid å endre system, men handlingsrommet er likevel stort. Det er bra i ei verd som endrar seg raskare enn Dagsrevyen evnar å tekste innslaga.

– Er du stolt over å væra byråkrat? 

Ja, absolutt! Då eg først starta i FN var det mange som sette spørsmålsteikn til kvifor eg ville inn i det som for mange vert sett på som verdas største og mest dysfunksjonelle byråkrati. Her tenker eg at ein har eit val, ein kan sitte på utsida og sjå inn med sine høglydte meiningar, eller bli med på innsida og gjere det ein kan for at byråkratiet skal bli betre. Det viser seg at eg trivast på innsida. Eg har ein jobb med meining, og det er eg takknemlig for.

– Kva for ei sak engasjerer deg for tida?

Oi, det er mange. Ukraina-krisa og korleis den påverkar bistanden til resten av verda og det geopolitiske spelet som no utfaldar seg på alle kontinent. Korleis det går med familie, venner og gamle kollegaer i Sudan, som atter ein gong får teppet raska ut under føtene på seg, og håpet om ei meir positiv framtid, noko som verkar meir og meir uoppnåeleg. Førdefestivalen og kor utruleg kjekt det er å sjå at det er mogleg å skape internasjonalt nettverk og partnarskap frå ein liten by på Vestlandet. Så er det sommarferie, og vi har tre gutar som går på sjølvstyr heime i åtte veker, medan mamma og pappa er på jobb. Her er det mange tankar og ballar i lufta på same tid.

– Viss du ikkje hadde vore byråkrat – kva er draumejobben?

Eg har alltid sagt at når eg begynner å snuse på nettstudier innan arkitektur og design, så er det på tide å skifte jobb. Det har skjedd med jamne mellomrom, men enn så lenge har eg vore fornøgd med å bevege meg inn ei ny utfordring i eit nytt land og ny del av byråkratiet.

– Heilt på tampen: Kva er dine beste lesetips?

Akkurat no har eg tre leseprosjekt på gang: Ikke for å konkurrere – Strategi for fellesskapets tenere av Christine Meyer og Victor Normann, Thinking, Fast and Slow av Daniel Kahnemann og Omgitt av idioter av Thomas Erikson. Her er det mykje snadder om offentleg forvaltning, korleis hjernen fungerer og kommunikasjon- og samarbeidsstrategiar. For dei som er nysgjerrige på innovasjon, systemendring og nyskaping er òg Twitter-kontoen til ein tidlegare kollega, Giulio Quaggiotto, eit eldorado av lenker til artiklar, bøker og spanande tankar.

Powered by Labrador CMS