Abbas Araghchi sit i stol og snakkar, med Irans flagg i bakgrunnen.
Irans utenriksminister Abbas Araghchi under et intervju med al Jazeera i Teheran i dag, 13, januar 2026.

Meninger:

Open linje til Teheran

Norske forhandlarar står i eit enormt dilemma i sitt forhold til det iranske regimet, skriv Emil André Erstad.

Publisert Sist oppdatert

Dette er ein kommentar. Meiningar i teksten er skribentens eigne.

Taha Safari blei berre 16 år. Rasul Kadivorian blei 17

Dei unge gutane står begge på listene over drepne. I rapportane frå Iran er det oppsiktsvekkande mange unge menneske blant dei som har har hamna i skotlinja til revolusjonsgardens våpen. 

Tala på offer for valdsbruken er omstridde og varierande. Det iranske regimet melder via ein anonym tenesteperson at kring 2000 er drepne. Den opposisjonelle gruppa Iran International hevdar at så mange som 12.000 vart drepne torsdag og fredag førre veke. Ingen uavhengige kjelder kan stadfeste det nøyaktige talet, og tala bør lesast med varsemd, fordi informasjonsflyten ut av Iran er såpass usikker.

Det siv likevel nok informasjon ut av Iran til at det opprører ei heil verd. 

Norges viktige rolle i Iran-samtalane

Nokon av dei som følger ekstra godt med på det som skjer, er dei norske diplomatane som har vore involvert i forhandlingar mellom det iranske regimet på den eine sida og USA på den andre. 

Heilt sidan Donald Trump vann presidentvalet i november 2024, tok Norge på seg rolla som tilretteleggar for samtalar om Irans atomprogram. I den perioden vart Oslo også nemnt som mogleg arena for samtalar om Irans atomprogram, ifølgje kjelder som lekka til mellom anna Axios

12. juni i fjor var den iranske utanriksministeren Abbas Araghchi i Oslo som deltakar på fredsmeklingskonferansen Oslo Forum. Der møtte han Jonas Gahr Støre, og det vart tolka som eit teikn på at Noreg hadde kontaktflate inn mot Teheran.

Det vart aldri noko større fredsforhandlingar mellom Iran og USA i Oslo. 

Det sørga mellom anna dei amerikanske B2-bombeflya for då dei natt til søndag 22. juni slapp sine kraftige bomber over tre iranske atomanlegg. Ikkje lenge etterpå sa Irans parlament at Iran ikkje burde ta opp att forhandlingane. I ei melding 22. juni sa den norske statsministeren Jonas Gahr Støre at det var beklageleg at arbeidet for ein diplomatisk utveg og ei ny atomavtale med Iran ikkje førte fram.

Han sa òg til DN at «alle som har kontaktar i Iran, må bruke dei». 

Det er tydeleg at Norge har spelt ei viktig rolle inn mot Iran på måtar som andre land ikkje har gjort. No fortel kjelder til Panorama at desse kanalane framleis er opne, trass valden i gatene. 

Norske forhandlarar har hatt tilgang og kontakt heilt til topps hos regimet i Teheran. Fleire gonger det siste året har desse vore i Iran. Det har gitt moglegheiter til å prate på diplomatisk vis med eit regime som internasjonalt har vore isolert og under hardt press. Det har dessutan gitt USA og andre land moglegheiter til å ha diplomatisk kontakt via Norge.

Dei norske diplomatane sitt store dilemma

Etter at forhandlingane om atomavtala med Iran braut saman i fjor sommar, har norske forhandlarar halde fram dialogen med Iran på eiga hand. 

Det har vore rekna som eit mål i seg sjølv å halde dialogen varm, inntil det ein dag ville bli bruk for den. Samtalane i Iran har dermed ikkje vore av den sorten som ved målretta forhandlingar, fortel kjeldene til Panorama nyheter.

Dei norske aktørane som har vore i Iran, har med eigne auge sett at regimet har vore pressa – også internt. Fleire stader i Teheran har det lenge før dei siste demonstrasjonane braut ut, vore tydeleg at regimet har mista autoritet og kontroll over både klesbruk og livsførsel.

Vi blir også fortald av kjelder med innsikt i samtalane at norske aktørar har hatt kontakt med det iranske regimet også etter regimet byrja å drepe demonstrantar, seinast dei siste dagane.

Her har dialogen handla om å spørre regimets folk om det er noko Norge kan bidra med for å skape ei løysing på den krisa som spelar seg ut i dei iranske gatene. 

Parallellt med demonstrasjonane, har president Donald Trump bygga opp eit militært press mot Teheran. Kjeldene Panorama nyheter har snakka med i og rundt Utanriksdepartementet, fortel at målet med dette presset også er å få på plass ei diplomatisk – ikkje militær – løysing i Iran. Ei slik løysing kan handle om regimeskifte.

Ein vanskeleg skvis

For norske forhandlarar er det store dilemma knytt til dialogen med Iran. Ettersom situasjonen på bakken i Iran har potensial til å endre seg raskt, vil det kunne få betydning for dialogen. Til dømes er det ei frykt for at dialog og eventuelle forhandlingar med regimet, kan bidra til at regimet vil overleve lenger enn det bør. Det er eit sensitivt spørsmål det ikkje blir snakka høgt om i korridorane i UD, og særs få er innvidd i kretsen som diskuterer desse problemstillingane.

Her støter nemleg dei norske aktørane på ei anna interessekonflikt. Som USA viste ved regimeskiftet i Venezuela, er ikkje den amerikanske administrasjonen mest opptatt av å demokrati og menneskerettar. Det er ingen illusjonar om at dei skal vere det i tilfellet Iran. 

Dersom amerikanarane klarar å presse fram ei atomavtale med det sittande regimet i Teheran, kan det vere tilstrekkeleg for Trumps folk. Dei kan også tenkast å utsette det iranske regimet for det same kanonbåtdiplomatiet dei har gjort i Venezuela, ved å presse fram ei lydig haldning i Teheran, slik dei har gjort i Caracas. Kort sagt: Washington kan komme til å slå seg til ro, lenge før vanlege iranarar lever i eit fritt og rettferdig system.

Alt dette set norske fredsdiplomatar i ein vanskeleg skvis. Norge skal jo snakke med alle, slik det er opplest og vedtatt. 

Ved å ha dialog med det iranske regimet kan norske diplomatar i verste fall bidra til overleving for eit regime som eigentleg bør falle.

Powered by Labrador CMS