Henrik Thune i siste episode av podkasten Verdensproblemer:
– 80 prosent av iranarane har forlatt revolusjonen
Revolusjonsgarden styrer Iran med jernhand. Men under overflata har eit heilt samfunn allereie endra seg. Og vegen til fred er blokkert av to partar som begge trur dei har vunne krigen, i følge Henrik Thune.
Henrik Thune har arbeidd med konfliktdiplomati i mange år, i UD, ved Statsministerens kontor og ved NUPI og Noref. I siste episode av Verdensproblemer avviser myten om den geniale fredsmeklaren som nesten åleine snur historia. I tida før dei første bombene fall over Teheran sat han på telefonen med den iranske viseutanriksministeren.
– Kva er det eigentleg ein norsk diplomat kan bidra med i ein sånn situasjon?
– Det er avgrensa. Det meste handlar om å lytte, oversette og levere bodskap mellom partar som ikkje snakkar direkte saman. Det høyrest banalt ut – men det er ofte avgjerande, seier Thune.
Hør episoden her:
I slutten av februar ringte han viseutanriksministeren i Iran. Bodskapen var todelt: Noreg tok avstand frå drapene på mellom 5 000 og 10 000 demonstrantar i januar. Og han peika på kva konkrete steg Iran måtte ta for å unngå krig med USA.
Kommunikasjonskanalane som stenger
– Kvifor lukkast ikkje diplomaties i siste fase?
– Det same skjedde i Libya i 2011. Eg sat i Tripoli med sonen til Gaddafi i timane før bombinga. Han hadde ikkje forstått at dersom dei ikkje leverte noko konkret, ville krigen kome. Årsaka var at kommunikasjonskanalen med omverda hadde brote saman. Dei fekk berre høyre det dei ville høyre, frå allierte som klappa dei på skuldra, seier Thune.
Han trur det same skjedde med Iran – og med Trump.
– Rundt mektige leiarar, særleg i opptakten til krig, oppstår det kommunikasjonsbobler. Eg trur ikkje Trump har hatt full oversikt over alt som har skjedd. Han får servert gode nyheiter, seier Thune.
Thune har reist mykje i Iran dei siste åra og skildrar eit land i djup indre spenning. I sentrum av Tehran, rundt universitetet, møtte han ein generasjon som har brote med den islamske revolusjonen.
– Kvinner har heva sløret. Unge les politisk litteratur. I bokvindauga ser du persiske omsetjingar av fransk fridomslitteratur frå 1968. Dei går ikkje tilbake i flaska – og regimet veit det, seier Thune.
Han anslår at rundt 80 prosent av den iranske befolkninga for lengst har forlate revolusjonen som eit meiningsfullt prosjekt.
Regimet svarte med skot
– I januar skaut regimet mot sine eigne demonstrantar. Kva seier det om situasjonen?
– Regimet slo hardt til mot demonstrantane. Mellom 5 000 og 10 000 unge vart drepne i gatene. Men å skyte folk er éin ting – å hindre eit heilt samfunn i å endre seg er noko anna, seier Thune.
Han understrekar at makta i Iran ikkje lenger ligg hjå dei religiøse, men hjå Revolusjonsgarden – eit apparat som har gått frå å vere ideologisk til å bli eit reint sikkerhetsapparat med store økonomiske interesser. Hovudlinja deira er enkel: Iran bøyer seg ikkje under press.
Kva USA feilvurderte
– Kva undervurderte USA og Israel før dei gjekk til åtak?
– Den største feilen var å tru at dei raskt kunne fjerne trusselen frå iranske droner og missilar. Det har dei ikkje greidd. Og sidan dei ikkje har greidd det, sit Iran igjen med evna til å stenge Hormuzstredet og true verdensøkonomien, seier Thune.
Iranske missilar og dronar ligg djupt inne i fjell. Etter kvar bombing kjem gravemaskinar og ryddar tunnelane. Deretter kjem missilrampane ut att. Iran har i tillegg desentralisert kommandostrukturen sin, noko som gjer det nærast umogleg å slå dei ut med eitt åtak.
– Iran er eit regime som alltid har sett på seg sjølv som truga av omverda og vil stå åleine. Det er meir enn ein strategi – det er ein mytologi. Dei har bygd eit forsvar basert på at omverda alltid vil ha meir makt enn dei, seier Thune.
Hardlinarane blokkerer fred
Han fortel at meklingsarbeidet til Pakistan har fungert godt, men at dei i stor grad har fungert som telefonrøyr.
– Mykje av arbeidet har handla om å halde kommunikasjonen i live. Pakistanarane har fungert godt, men i stor grad som telefonrøyr. Amerikanerne kjem med skriftlege krav og ønsker ein deal. Iranerne veit òg kva dei vil ha. Problemet er at begge ser seg sjølve som sigerherrar, seier Thune.
Forhandlingane dreier seg framleis om éit teknisk spørsmål: retten til å anrike uran. USA krev full stopp. Iran nektar.
– Kva skjer etter krigen?
– Revolusjonsgarden må velje. Slår dei hardt ned på nye opptøyer, isolerer dei seg som Nord-Korea. Men dei kan òg velje gradvise reformer – dei er no frigjort frå noko av den religiøse arven etter Khomeini som Khamenei alltid vakta. Det er inga rask overgang til demokrati, men historia går i éi retning, seier Thune.