Kommentar:
Fredsforhandlingane mislukkast ikkje. Dei blei overkøyrde
Omans utanriksminister hadde gode grunnar til å snakke om gjennombrot i forhandlingane mellom USA og Iran kort tid før krigen var eit faktum. Problemet var alt det som skjedde utanfor forhandlingsrommet.
Dette er ein kommentar. Meiningane i teksten er skribenten sine eigne.
Det kunne ved første augekast sjå i overkant naivt ut då Omans utanriksminister, Badr al-Busaidi, få timar før det amerikansk-israelske åtaket på Iran, snakka om betydeleg framgang i samtalane mellom Iran og USA.
På CBS-programmet «Face the Nation» sa han at ei avtale var innan rekkevidde. Grunngivinga var at dei iranske representantane hadde strekt seg lenger enn i tidlegare rundar. Ifølgje al-Busaidi låg det an til ei løysing som ville sikre at Iran ikkje kunne utvikle atommateriale til bruk i ei bombe.
Dersom det stemde, låg det med andre ord til rette for ei avtale som på fleire punkt kunne blitt meir omfattande enn den Barack Obama fekk på plass, og som Donald Trump sidan trekte USA ut av.
Omverda forstod ikkje omfanget av avtala
Det er ikkje uviktig kven som sa dette. Omans utanriksminister har vore ein sentral meklar gjennom heile prosessen. Han visste kva som låg på bordet. Han hadde også heile vegen argumentert for diplomati framfor militærmakt. Poenget hans var at omverda ikkje fullt ut hadde forstått kor langt desse samtalane faktisk hadde kome.
Ser vi isolert på det forhandlingane handla om, er det mogleg å hevde at dei ikkje var mislukka. Tvert om kan dei ha vore nær eit gjennombrot. Fredsmekling og konfliktforebygging bør dermed ikkje kome svekka ut av denne runden, trass i at haukane vann igjen.
Problemet var at forhandlingane berre handla om ein del av konflikten.
To maksimalistiske krav om Iran
Det er mykje som tyder på at den amerikanske presidenten samstundes har vore påverka av langt meir maksimalistiske krav enn dei som låg til grunn i det Oman-leia sporet.
Det eine handlar openbert om trugselen mot Israel utover sjølve atomspørsmålet. Det gjeld mellom anna Irans ballistiske missil og dei regionale allierte og væpna nettverka regimet har støtta, som Hizbollah. Dette låg ikkje på bordet i dei konkrete atomforhandlingane.
Det andre handlar om ønsket om regimeendring. Det ønsket fekk ny kraft etter den brutale knusinga av fredelege demonstrasjonar i Iran tidlegare i år. Heller ikkje regimets framtid var del av mandatet for samtalane.
Dermed er det fullt mogleg å seie at krigen vel så mykje handlar om det som ikkje var del av forhandlingane, som om noko som faktisk gjekk gale i sjølve forhandlingane. Dersom samtalane mislukkast, var det først og fremst fordi dei var for smale til å romme dei reelle politiske måla til dei som til slutt valde militær konfrontasjon.
Det gir grunn til å tru at Omans utanriksminister hadde rett då han sa at ei avtale var nær. Samstundes gir det grunn til å tru at haukane, med Israels statsminister Benjamin Netanyahu i spissen, fekk langt større gjennomslag overfor den amerikanske presidenten enn dei som ønskte å halde fast ved diplomati.
Tre sannsynlege utfall av krigen
For alle som no følgjer situasjonen i Iran, peikar det seg ut tre hovudscenario for dei neste dagane, vekene og månadane. Alle må ta forbehold om at informasjon frå innsida av Iran per no er særs mangelfull.
Det første er at krigen skaper ei form for maktvakuum. Det finst allereie sterke spenningar internt i landet, og fleire perifere område har lenge vore prega av uro og væpna motstand. Dersom regimet byrjar å vakle for alvor, kan indre splitting, lokale opprør eller eit kupp innanfrå presse fram eit maktskifte. Det er truleg dette Trump-leiren håpar på. Om det skjer, vil mellom anna avhenge av kor mange som vågar seg ut i gatene, og kor hardt regimets øvste lag blir ramma.
Det andre scenarioet er at krigen held fram utan at regimet fell med det same. Ayatollah Ali Khamenei og kretsen rundt han kan halde stand, samstundes som presset veks gradvis: meir uro, fleire demonstrasjonar, hardare samanstøytar og eit meir kaotisk landskap. I eit slikt scenario kan eit maktskifte framleis kome, men meir som følgje av langsom oppløysing enn av eit plutseleg samanbrot.
Det tredje scenarioet er at regimet overlever. Det føreset at få nok vågar å protestere, at sentrale personar i leiarskapet kjem gjennom den første fasen av krigen, og at styresmaktene reknar med at dei amerikanske åtaka ikkje kan halde fram i det uendelege. Trump er sårbar for motstand også internt, særleg dersom krigen blir langvarig eller kostbar.
Dyster konflikt-spådom fekk rett
Så langt er det vanskeleg å slå fast kva for eitt av desse utfalla som er mest sannsynleg. Men i alle tre scenario ligg det an til store sivile lidingar og tunge dagar og veker for vanlege iranarar. Og det vil vere tre scenario der dei verkelege humanitære krisene i Midtausten – som den på Vestbreidda og på Gazastripa – vil hamne i skuggen av endå ein storkrig. Som Jørgen Jensehaugen nyleg skreiv hos oss i Panorama nyheter: «De store taperne når noen kaster en oppmerksomhetsgranat, er de svakeste».
Det er grunn til å frykte dei humanitære konsekvensane. Det er lett å gløyme at Iran er eit særs folkerikt land. Ein eventuell flyktningstraum vil krevje store humanitære ressursar i lang tid. Dessutan må vi sjå krigen i Iran opp mot den som tidlegare i veka starta i nabolandet mellom Taliban-regjeringa i Kabul og Pakistans militære. Ingen sivile i Iran, Afghanistan eller Pakistan tener på krig og valdsbruk.
Dessutan er utviklinga i Iran (og Afghanistan) heilt i tråd med den dystre spådommen som leiaren for konfliktindeksen ACLED Clinoaidh Raleigh kom med på Norad-konferansen, om at det ville komme ei betydeleg auke i det globale konfliktnivået dei neste seks månadane. Og som Norad-direktør Gunn Jorid Roset sa ved same høve: «Krig er utvikling i revers».
Det er nettopp det som gjer det så bittert: Det kan godt vere at diplomatane var nær ei løysing på den delen av konflikten det faktisk fekk høve til å handtere.
Likevel vakna verda til krig, igjen.
Les også:
-
Irans regime advarer studenter som protesterer
-
Krig med Iran?
-
Kilder i Iran: Opp mot 30.000 kan ha blitt drept
-
– Iran har gode forutsetninger for demokrati
-
Open linje til Teheran
-
Her er åtte grunner til protestbølgen i Iran
-
Norske redere og Irans ayatollah bisto apartheid-regimet
-
– Hadde det ikke vært for Larvik, hadde jeg sittet i fengsel i Tehran nå
-
Regimet i Teheran strammer grepet
-
Farlege frontar mellom atommaktene India og Pakistan