Konflikten med Pakistan forverrar situasjonen for ei allereie fattig og undertrykt afghansk befolkning, meiner Arne Strand, seniorforskar ved CMI i Bergen.

Utsyn:

Krigen i skuggen av Iran

Medan verda er oppteken av Iran-konflikten held krigen mellom Pakistan og Afghanistan fram. Terrorangrep, tvangsretur av flyktningar og stengde grenser rammar begge landa. Kina har fått partane saman, India er i kulissene, men så langt finst inga løysing.

Dette er ein kronikk. Meiningar i teksten er skribenten sine eigne.

Mange av dagens konfliktar har ei lang forhistorie og ei rekke uavklarte spørsmål.

I ein endra verdssituasjon og med nye konfliktarenaer, slik vi no ser i Midtausten, kan terskelen for å gjenoppta krigar minske. 

Det gjer verda meir uforutsigbar og fattige meir sårbare.

Pakistan og Afghanistan

Dei to nabolanda har ein konfliktfylt historie. I 1893 vart briten Henry Mortimer Durand og den afghanske kongen Abdur Rahman einige om ei grense mellom det då britiske India og Afghanistan

Grensa skulle sikre ei buffersone mot Russland gjennom Vakhan-korridoren, men skar også grensa gjennom det pashtunske stammefolket og la Balutsjistan-området i dåverande India. 

Etter delinga av India i 1947 vart det som er omtala som Durand-linja til grensa mellom Pakistan og Afghanistan, noko Afghanistan då avviste og ingen seinare afghansk regjering har anerkjent.

I ein endra verdssituasjon og med nye konfliktarenaer, slik vi no ser i Midtausten, kan terskelen for å gjenoppta krigar minske.

Men grensekonflikten ved Durand-linja vart overskygga av ei rekke krigar. Etter Sovjetunionen sin invasjon av Afghanistan i 1979, som del av den kalde krigen, flykta fleire millionar afghanarar til Pakistan. Med internasjonal støtte og pakistansk godkjenning vart det etablert sju politisk-religiøse parti som dreiv treningsleirar og krigføring over Durand-linja. 

I krigen mot terror frå 2001 balanserte Pakistan mellom å formelt støtte USA og den afghanske regjeringa sin krig mot terror, og samtidig tillate Taliban-leiinga og soldatar å søkje tilflukt der. I tillegg opererte både Al-Qaida og East Turkestan Islamic Movement (ETIM) i Afghanistan. Rundt 2007 voks også ein pakistansk Taliban-versjon (TTP) fram og frå 2014 ei lokal avdeling av Den islamske staten, ei Khorasan-gruppe (ISKG), som opererte i begge landa.

Nato trekte ut sine styrkar og Taliban tok makta i august 2021, etter å ha lova at terrorgrupper ikkje skulle operere frå Afghanistan. Pakistan forventa då ei regjering som prioriterte deira interesser og krav, inkludert å stenge ned TTP. Det skjedde ikkje. Det var berre ISKG som Taliban-regjeringa definerte som ein fiende. 

Pakistan fekk heller ikkje forrang mellom nabolanda. Taliban-regjeringa søkte kontakt med alle, inkludert India, Pakistan sin erkefiende. Pakistan sitt svar var tvangsreturnering av afghanarar frå Pakistan, noko også Iran følgde opp med, og som begge landa intensiverte i 2025. Sidan 2021 har om lag 4,5 millionar menneske vorte returnerte til Afghanistan. Det har auka den afghanske befolkninga med 10 prosent.

India og Pakistan

Pakistan har lenge vore ramma av lokal uro og terrorangrep, etter ein nedgang fram mot 2021 har talet på angrep auka dramatisk dei siste åra. Det skjer spesielt i dei pashtunske stammeområda, som ønskjer større grad av sjølvstyre, og i den ressursrike, men fattige Balutsjistan-provinsen der forskjellige grupper slåst for uavhengigheit frå Pakistan. 

Desse områda var også prioritert for det store kinesiske prosjektet China-Pakistan Economic Corridor (CPEC), som inkluderte jernbane, veg og hamneutbygging i Gwadar. Det medførte etter kvart også angrep på kinesiske prosjekt og personar, hovudsakeleg utført av balutsjiske grupper. Kina på si side forlanga at Pakistan vernar deira prosjekt og borgarar.

Pakistan har lenge vore ramma av lokal uro og terrorangrep.

Forholdet mellom India og Pakistan var alt spent etter fleire krigar, delvis grunna konflikten over grenseområdet Jammu og Kashmir. Eit terrorangrep tidleg i mai 2025, der hinduar vart singla ut for likvidering, utløyste ein kortvarig krig mellom dei to atommaktene, som også i større grad trekte inn Afghanistan.

I slutten av mai erklærte pakistanske styresmakter at balutsjiske terrorgrupper og organisasjonar skulle omtalast som Fitna al-Hindustan, eller «indisk-støtta grupper». Dette inkluderte også ikkje-valdelege og rettigheitsgrupper. Pakistan anklaga vidare India for å finansiere Afghanistan for å huse og støtte både TTP og balutsjiske grupper, og forlanga umiddelbar stogg.

Tidleg i oktober var Taliban-regjeringa sin utanriksminister Amir Khan Muttaqi på det første offisielle besøket til India sidan 2021. Då vart det annonsert auka samarbeid, og at India skulle gjenåpne ambassaden i Kabul.

Frå konflikt til krig

Møtet mellom Taliban-regjeringa og India vart ikkje godt motteke i Pakistan, som gjennomførte fleire flyangrep i Kabul som dei hevda var retta mot TTP-leiaren Noor Wali Mehsud

Taliban-regjeringa svara med angrep på pakistanske grensepostar og Pakistan bomba mål i Kandahar og Helmand – området Taliban-leiar Haibatullah Akhundzada held til i. Det var intense kampar ved fleire grensepostar, og stenging av all trafikk og handel mellom landa. Pakistan held fram med flyangrep dei hevda var retta mot TTP, men som ifølgje Taliban, og også dokumentert av FN, drap sivile.

Medan kampane pågjekk forhandla Qatar, Tyrkia og Saudi-Arabia fram ei våpenkvile som kom på plass 19. oktober, men seinare fredsforhandlingar førte ikkje til noko endeleg avtale. Det vart oppgitt at den store usemja gjaldt utlevering av TTP-medlemmer til Pakistan, og kva overvakingsmekanisme avtalen skulle ha.

Våpenkvila vart stort sett overhalden trass i gjensidige verbale angrep, og spenninga auka etter eit sjølvmordsangrep i Islamabad i november 2025.

Det endra seg 21. februar 2026 då Pakistan erklærte igangsetjing av Operasjon Ghazab lil Haq, og at dei var i open krig med Afghanistan. Den vart ført med omfattande luftangrep og kampar langs grensene, der det ikkje lenger berre var TTP som var erklært mål, men også Taliban-basar og soldatar. India støtta Taliban, og USA støtta Pakistan sin rett til å forsvare seg mot dei.

17,5 millionar treng humanitær hjelp, og 85 prosent av befolkninga lever under fattigdomsgrensa.

Krigen fekk mindre merksemd etter oppstart av USA og Israels krig mot Iran den 28. februar. 17. mars ramma eit pakistansk flyangrep eit rehabiliteringssenter for rusavhengige i Kabul. Minst 100 vart drepne og Kina oppmoda også til ein slutt på krigshandlingane. 

Samtidig arbeidde den pakistanske hærleiinga og politikarar iherdig for å posisjonere seg som forhandlarar mellom Iran og USA. Det førte til at direkte, men mislukka, forhandlingar fann stad i Islamabad 10. og 11. april.

Då hadde Kina alt annonsert at Afghanistan og Pakistan hadde vore einige om å møtast til forhandlingar i Urumqi i Kina. Forhandlingane i Urumqi førte til ei våpenkvile og semje om vidare forhandlingar. Der står situasjonen i dag. 

Det kjem lite nytt frå verken Islamabad eller Kabul, men det finst rapportar om regionale semi-offisielle initiativ som utforskar mogelege løysingar.

Eit fattig og sårbart Afghanistan

Både Afghanistan og Pakistan slit med ein svak økonomi, samanlikna med India som har hatt stor økonomisk framgang. Men presset er størst på Afghanistan som alt er underlagt internasjonale sanksjonar og har fått store kutt i internasjonal bistand, inkludert full stogg i USAID-støtte

Når den viktige handelen med Pakistan er blokkert, forverrar det den økonomiske situasjonen, der dei allereie må reintegrere 4,5 millionar tvangs-returnerte menneska og har mangel og stigande prisar på bensin og gass.

FN er svært uroa. I sine siste oppdateringar oppgjer dei at 17,5 millionar treng humanitær hjelp, og 85 prosent av befolkninga lever under fattigdomsgrensa på ein dollar om dagen

I tillegg kjem den vedvarande uroen over at Taliban framleis nektar jenter utdanning over 6. klasse, og avgrensar kvinner sin rett til betalt arbeid.

For mange afghanarar er det familienettverka som sikrar dei, og støtte frå slekt utafor landet. For Noreg sin del vart afghanarane i 2025 gruppa som overførte det største beløpet heim. Mange bidreg med månadlege beløp.

Alt dette legg press på Taliban-leiinga for å finne ei løysing på konflikten med Pakistan. Samtidig vil dei ikkje la seg presse militært og fryktar intern splitting med tanke på den sterke folkelege motstanden mot Pakistan si krigføring, inkludert frå tidlegare president Hamid Karzai.

For Pakistan, og ikkje minst den afghanske befolkninga, er spørsmålet om dei vurderer forholdet til Afghanistan for seg sjølv, eller om dei let den langvarige konflikten med India vere førande.

Powered by Labrador CMS