Forskar og FNI-direktør Iver B. Neumann meiner Epsteinhøyringane er ei brannsløkking heller enn eit grep for å få fram ordentlege resultat.

Iver B. Neumann om Epsteinhøyringane:

– Bortkasta skattepengar

Onsdag startar Epstein-høyringane i Stortinget. Forskar og FNI-direktør Iver B. Neumann kallar det for bortkasta skattepengar og er usikker på kva høyringane skal føre fram til. 

Publisert Sist oppdatert

Onsdag 30. september og torsdag 1. oktober skal Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité gjere kontrollavhøyr av totalt 11 tidlegare og noverande ministerar i fobindelse med Epstein-saka. 

Høyringa har fått den offisielle tittelen «kultur og kontroll i utenrikstenesta» og skal ta føre seg dei siste 20 åra. 

– Mandatet er alt for vidt, perioden som dei skal sjå på er alt for lang og personellet som er valt kan ikkje noko om diplomati, med eitt unntak, seier Iver B. Neumann. 

Han er statsvitar, sosialantropolog, forskar og direktør for Fridtjof Nansens Institutt (FNI).

Neumann meiner høyringane allereie har oppfylt si viktigaste oppgåve – å stoppe munnen på dei som kritiserte Utanriksdepartementet for Epsteinrelaterte ting for nokre månader sidan.

– Høyringane har roa det ned, og eigentleg er resten av denne øvinga overflødig. 

– Så du synest ikkje det er noko poeng med høyringane neste veke?

– Nei, dette er bortkasta skattepengar. 

Uklart mandat

I staden for høyringane meiner Neumann at det burde vore tatt ei ordentleg runde då dette skjedde i utgangspunktet:

– Det burde vore formidla at dette er ting som skjer i kanten av vanleg diplomati.

Han understrekar at situasjonar som denne er ein direkte konsekvens av at ein vel å spele som «libero» i fred og forsoning. Då vil denne type ulykker kunne skje.

– Ein var tilbakehalden med å gi den beskjeden.

Når ein først skal undersøke saka, meiner han at ein burde hatt ei meir kirurgisk tilnærming. 

Han seier at det som kjenneteiknar ein vellukka kommisjon, er eit tydeleg og klart mandat. 

– Det er ikkje tilfelle her.

– Ein burde ha vore heilt spesifikk på kva sekvensar ein skal undersøke, kvar i verda, over kva tidsrom og sett folk som faktisk kan noko om det til å gjere jobben. 

– Kven skulle det ha vore?

– Det kunne for eksempel ha vore pensjonerte diplomatar, folk frå tilstøytatnde departement eller forskarar som har vore borti materien tidlegare. 

Vil ikkje gi svar

Neumann meiner at høyringane ikkje vil gi svar på dei spørsmåla som ein hadde i utgangspunktet – nemleg om det er brodne kar i norsk utanriksteneste som driv med korrupsjon og anna kritikkverdig verksemd under dekke av å halde på med fred og forsoning.

– Det vi har lagt opp til her er ein svært brei gjennomgang. Den er så brei at ein neppe finn noko som helst. 

Sist veke publiserte Dagens Næringsliv ei sak med Erik Solheim der han kallar høyringa ein «heilt absurd overreaksjon og ressursbruk». Han meiner også at høyringa vil gjere folk i Utenriksdepartementet redde for å gjere feil, noko som kan gjere norsk diplomati mindre handlekraftig.

– Eg er fullstendig einig med Erik Solheim for ein gongs skuld, seier Neumann.

Han trur at faren, som Solheim set fingeren på, er at borgarane sin tillit til statssystemet blir dårlegare. Det er alltid uheldig. 

– Kan det kome noko som helst ut av dette?

– Det er alltid slik når ein er på fisketur at ein plutseleg kan få ein torsk, men ein får ikkje oversikt over kva som finst i havet.

Fleire utfordringar

Det vanskelegaste for dei innkalla, trur Neumann blir å sortere kva dei har opplevd som er relevant.

Ei anna utfordring blir å hugse. 

– Nokre menneske hugsar godt kva dei gjer over lange tidsstrekk, andre gjer det ikkje. Det å skulle gå gjennom dette, det kan ikkje bli lett.

– Er det politikarar eller embetsmenn som har noko å frykte når vi no går inn i desse høyringane?

– Det er klart at det vil ligge ting der som kan komme for ein dag, men eg trur dei færraste norske statstenestemenn går rundt og har dårleg samvit og lurer på kva som blir avdekka no. Det har eg rett og slett ikkje tru på. 

Eit reiskap

Kai Eide, tidlegare diplomat og politikar, trur høyringane som skal ta føre seg 20 år med utanriksarbeid, elleve noverande og tidlegare statsrådar, over to dagar, blir ei nesten umogeleg oppgåve. 

– Kor presist er det mogeleg for ein statsråd å svare på ting som ligg 10 til 20 år tilbake i tid?

– Det blir truleg veldig krevjande. 

Tidlegare diplomat, Kai Eide, håper ikkje høyringane fører til dramatisk kritikk av norsk bistand.

I lys av Epstein-avsløringane seier han at det er uunngåeleg at ein går gjennom og ser på kva som har skjedd. Dette er også riktig.

– Eg håpar at ein kan gjere seg ferdig med det slik at ein kan halde fram med arbeidet med bistand, fred og forsoning på ein god måte. 

Han bekymrar seg for at høyringane blir eit reiskap i ein kritikk av norsk utanrikspolitikk og er redd for at enkelte vil bruke mogelegheita til partipolitiske markeringar heller enn at det blir ein sakleg gjennomgang og vurdering av den norske utanrikspolitikken. 

– Det vil vere til skade for norsk politikk og vi må for all del unngå det. Alle har eit ansvar for at dette blir behandla på ein skikkeleg måte. 

Blir skuffa

Eide, som sjølv har vore del av utanrikstenesta i fleire tiår, meiner at norsk bistand i det store og det heile er fornuftig og godt organisert. 

Det han har sett sjølv, har stort sett vore midlar brukt på ein måte som ein kan forsvare. 

– Eg ser ikkje dei store overskriftene kome ut av dette, men at ein i enkelttilfelle ikkje alltid har brukt midlane optimalt. 

Det er også det han meiner blir det viktige for Stortinget å undersøke.

Når det gjeld kritikken til Solheim og Neumann, har ikkje Eide stort å tilføye. 

– Det er allereie avgjort at høyringane skal finne stad:

– Eg trur at dei som ventar at det vil kome nye avsløringar, blir skuffa. 

Powered by Labrador CMS