Kvinner fryktar barseldauden
Fransina Nkutu ligg i det som må vere den minst verdige stillinga for ei kvinne. Ho er på Gogo Chatinkha Maternity Ward, ho ligg på ryggen og har store smerter.
Ei jordmor held ein bolle av rustfritt stål like ved dei mest private kroppsdelane hennar, mens ein sjukepleiar stryk henne taktfast over underlivet. For kvart tak handa til sjukepleiaren tek, sprutar det blod ned i bollen, og blodstraumen ser ikkje ut til å stanse på lenge enno. Fransina har nettopp mista barnet sitt.
Sjukepleiaren som steller henne, fortel at Fransina mista barnet fordi ho ikkje kom til sjukehuset i tide. Slektningane hennar seier at dei kom for seint fordi dei venta på at ektemannen til Fransina skulle gi dei lov til å ta henne med til sjukehuset.
Ved fødeklinikken, utanfor Queen Elizabeth Hospital, ventar seks kvinner på konsultasjon. Instinktivt har dei lagt ei vernande hand på den svulmande magen. Dei pratar om kor trist dei synes det er at barnet til Fransina døydde. Men det er dessverre ikkje eineståande. Fem babyar har dødd i løpet av den tida dei har gått til den rutinemessige svangerskapskontrollen. Dei kan også fortelje at ei gravid kvinne døydde på grunn av sviktande oppfølging og andre komplikasjonar. Dei er redde den same lagnaden ventar dei, og dei veit ikkje korleis dei kan unngå risikoen. Kvinnene skuldar på sjukehuset for å forsømme oppgåvene sine, og synest at styresmaktene må gjere meir for å auke tryggleiken.
- Vi synest at det er på høg tid at noko blir gjort for å unngå slike hendingar. Vi er redde, seier dei i kor.
Kvinnene har all grunn til å frykte at dei kan døy i barsel. Talet på tilfelle er nemleg raskt stigande. Nye tal indikerer at av 100.000 kvinner som er gravide dette året, vil 1120 døy under fødselen. Dei to tidlegare åra blei det berre rapportert 620 tilfelle. Desse tala er vanskeleg å underbyggje, men ein kan rekne med at det er eit lågt samanlikningsgrunnlag for å måle kor mange kvinner som døyr på grunn av komplikasjonar under fødslar eller svangerskap i Malawi.
Grace Matola, som er oversjukepleiar ved Gogo Chatinkha Maternity Wing ved Qeen Elisabeth Central Hospital, gir personellmangelen ved sjukehusa skulda for den høge dødsraten. I eit intervju uttalte ho at ein sjukepleiar ved QECH tek hand om mellom 20 og 30 fødslar kvar dag. Under markeringa av verdas befolkningsdag i år, sa helseminister Grace Hiwa at ein av femten gravide kvinner døyr i samband med svangerskapet eller fødselen. 20-30 prosent av desse opplever komplikasjonar under svangerskapet. Og døyr pasientane på landsbygda, vil det aldri kome ein lege for å sjå til dei.
- Dødsfalla skuldast mangelen på utstyr og personell på sjukehus, sa ho vidare.
Kvinner mellom 15 og 19 er hardast råka fordi organa deira ikkje er fullt utvikla. I følgje Hiwa blei meir enn 900 kvinner varige arbeidsuføre på grunn av slike komplikasjonar.
For å betre tryggleiken for dei som ventar barn har styresmaktene sett i gang ein opplysningskampanje for å trygge tilhøva for mødrene. Men til tross for tiltaka til styresmaktene, er god tryggleik under svangerskap og fødsel berre ein draum.
Direktør ved Population Services, Robert Ngaiyaye, uttalte nyleg at alvorlege blødingar, infeksjonar etter fødselen, høgt blodtrykk på grunn av svangerskapet, langvarige fødslar og abortar er dei viktigaste årsakene til at dødstala stig.
Fransina vil heilt sikkert føde fleire barn. Men for henne og andre kvinner i Malawi, der 95 prosent av folket lever under fattigdomsgrensa, og der døden er meir vanleg enn livet, er det to ting som enno kan gi håp. Det er ei sterk tru på Gud og at folk held fram med å ønskje seg barn.