Alle muslimer har en plikt til å gi 2,5 prosent årlig av formuen i en form for solidaritetsskatt eller zakat. Illustrasjon: Muhammad Useng

Meiningar:

Lokalisert bistand

Nokon typar av bistand er mindre synleg enn andre. I ei tid med auke i humanitære kriser og mindre tilgang til internasjonal økonomisk støtte vert lokale løysingar viktigare. Alle muslimar har ei årleg plikt å gje 2,5 prosent av si formue, zakat, til dei som treng det meir enn dei sjølve. Mykje av støtta går direkte frå gjevar til mottakar, men noko vert kanalisert gjennom lokale og internasjonale organisasjonar og no òg FN. Den islamske utviklingsbanken anslår den årlege verdien av denne støtta til nærare 3000 milliardar kroner.

Dette er eit debattinnlegg. Meiningar i teksten er skribenten sine eigne.

Religiøse humanitære aktørar har ein lang tradisjon for å hjelpe folk i naud, men dei har ofte vorte møtt med skepsis både frå akademikarar og bistandspraktikarar.

Det har vore stilt spørsmål om grunnleggjande humanitære prinsipp har vorte ivareteke av aktørane, og også om resultata av slik bistand er varige og medverkar til positive sosiale endringar.

Zakat og andre former for religiøst baserte bidrag frå muslimar kom opp som del av ein diskusjon om islamsk sosial finansiering under Verdas humanitære toppmøte i 2016. Det inngjekk som del av FN sin Agenda 2030, og bærekraftmål 17 oppmodar til partnarskap mellom offentlege og private, sekulære og religiøse aktørar.

Desse måla skapte diskusjonar i muslimske land om korleis innsamling og fordeling av til dømes zakat skulle organiserast, og om det var staten, ekspertar eller organisasjonar i sivilsamfunnet som skulle stå for innsamling, fordeling og rapportering. Og også korleis slik støtte kunne sikrast å vere i samsvar med humanitære prinsipp og følgje retningslinjer for zakat gitt i Koranen.

Nokon land, som Pakistan, har eit årleg prosent-trekk for zakat frå alle sine sparekontoar. Andre land oppmodar til å gje bidrag via statlege institusjonar eller overlet det til den enkelte å gje direkte til ein mottakar eller kanalisera støtte via ein organisasjon.

Ein viktig diskusjon her er om støtta er for alle i naud og om også ikkje-muslimar kan motta zakat, og om der er avgrensingar for kva type støtte som kan verte gitt. Mange organisasjonar søkte derfor rettleing hjå islamske skiftlærde for avklaring av slike spørsmål, også om kva krav organisasjonane måtte oppfylle for å verte godkjende som mottakarar av zakat. Det er for eksempel ikkje lov å trekkje frå administrasjonskostnader, eller å sikre seg renteinntekter av bidraga. Råda var klare på at alle, uansett religion, som var kvalifisert som mottakarar hadde rett til zakat.

Les også: Stor mobilisering blant pakistanere i Norge

Zakat skapar eit meir personleg band mellom den som gjer og den som mottek støtte, enn praksisen er i tradisjonell bistand, og dermed større krav til åpenheit om korleis almissa vert forvalta og nytta.

– Arne Strand

Eige zakat-fond

Fleire FN-organisasjonar har opna for slik finansiering og etterspør økonomiske bidrag frå muslimar, ofte i samband med religiøse høgtider. Høgkommissæren for flyktningar (UNHCR) omtalar det som islamsk filantropi og oppretta eit eige flyktning-zakat-fond.

Dei publiserer årlege rapportar om korleis støtta er nytta. Likeins etterspør internasjonale og sekulære ikkje-statlege organisasjonar (NGOar) zakat-bidrag frå muslimar i Noreg, Europa og USA, midlar som før oftast vart kanalisert gjennom internasjonal eller lokale muslimske NGOar eller via moskear.

Ein del av debatten er kva slik støtte kan nyttast til, om det er avgrensa til naudhjelp, eller om den kan nyttast til meir langvarig bistand for å få enkeltpersonar og grupper ut av fattigdom. Fleire organisasjonar, som i Indonesia, argumenterar for det siste, og for å nytte zakat til å adressere utviklingsutfordingar og styrke den lokale økonomien.

Å gje zakat er eit personleg ansvar pålagt innan islam, med ei prioritering for dei i familie eller nabolag som treng støtte. Gitt via organisasjonar fordrar det ei meir detaljert oppfølging og rapportering enn det som er vanleg i vestleg bistand.

Dette skaper eit meir personleg band mellom den som gir og den som mottek støtte enn praksisen er i tradisjonell bistand, og dermed større krav til åpenheit om korleis almissa vert forvalta og nytta. Enkelte organisasjonar har utvikla web-baserte løysingar som gir slike oversiktar.

Indonesia som modell-land

Eit pågåande forskingsprosjekt ser på korleis islamsk finansiering er nytta for å oppnå bærekraftmåla, og innleiande funn tyder på store forskjellar mellom land som Indonesia, Nigeria og Pakistan. Ein viktig faktor er tilliten i befolkningane til at staten forvaltar midlane i samsvar med retningslinjene og til folks beste.

Her kjem Indonesia klart best ut, og dei gjer også rom for å velje mellom statleg og privat forvaltning av midlane. Årsaka synest å vere at styresmaktene har lagt ned mykje arbeid i å dokumentere at bærekraftmåla og islam er i samsvar, same om det er forskjellig oppfatning av om for eksempel kvinner og menn sine rettar og ansvar innan samfunnet.

Motstanden mot statleg og obligatorisk zakat-innkreving er til samanlikning stor i Pakistan, der mange tek ut pengar frå sparekontoane sine for sjølve å bestemme kven dei gjer sin zakat til, og der er også fleire kritiske røyster til å nytte zakat til å oppnå bærekraftsmåla.

I Nigeria er der likeins stor skepsis til statleg forvaltning, men her har dei ikkje innført statleg innkreving. Det som er felles i alle tre landa er at mykje av zakat-midlane vert gitt direkte innan nabolaga, eller via dedikerte zakat- eller frivillige organisasjonar den enkelte gjevar har tillit til.

Alt tyder på at slike lokale organisasjonane forvaltar brorparten av zakat-midlane, men det gjer det vanskeleg å tallfeste den økonomiske verdien av slik bistand.

Varierande syn på nytte

Det er likevel stor skilnad internasjonalt og i desse landa om forståing kva zakat kan nyttast til, om det primært er for å sikre livsopphald eller også bidra til at både den enkelte og breiare lag i samfunnet kan kome seg ut av fattigdom.

Eksempel frå Nigeria syner at mange støtteformer kombinerer begge aspekta med eit mål om å få mottakarane ut av fattigdom. Eit eksempel er å gje kvinner verktøy og materiale for produksjon, samt tilgang til mikrokreditt for å sikre langsiktige inntekter.

Eit anna å gje elevar støtte til utdanning. I Indonesia har eit samarbeid med UNDP sikra lokalsamfunn finansiering for oppretting av mikrokraftverk for å sikre diversifisering av inntekter og økonomisk utvikling. Dette er eit eksempel på korleis zakat kan verte eit viktig bidrag til å nå bærekraftmåla.

Det er vanskeleg å nytte vanlege metodar for måling av resultat og endringar av zakat-støtte som vert gitt direkte eller via lokale organisasjonar, men ein anna viktig faktor vil påverke organisasjonane sin tilgang til slik finansiering. Nemleg den enkelte bidragsytar si tillit til at støtta ho eller han gjer kjem mottakaren til nytte, det har ein alt sett demonstrert i Pakistan.

Powered by Labrador CMS