Miljøtoppmøte med små skritt framover
Den store konferansen om miljø og fattigdom i Johannesburg blei ikkje den katastrofen mange hadde frykta på førehand. Dei fleste som har oppsummert i etterkant, har konkludert med at det i alle fall ikkje blei eit tilbakeskritt i forhold til Rio- konferansen. Men noko stort skritt framover for verdas fattige og miljøet blei det heller ikkje.
For ti år etter Rio burde det ha vore mogeleg å kunne seia at verda hadde gått litt framover, at dei problema som den gong blei framheva, hadde blitt løyste og nye forpliktande mål var sette.
Det blei ikkje heilt slik og det er kanskje naturleg så lenge målet er å finne minste felles multiplum for så mange og ulike interesser.
Den norske innsatsen gav overraskande stort gjennomslag. Det syner at eit lite land kan få til ein god del med fagleg dugleik, entusiasme og stort pågangsmot.
Noreg og Sveits lykkast i å stoppe eit framlegg som kunne føre til at handelsreglane i WTO blei overordna internasjonale miljøavtaler.
Tusenårsmålet om å halvere talet på dei som ikkje har tilgang på reint drikkevatn innan 2015, blei utvida til også å gjelde sanitære forhold. Det blei også oppnådd konkrete mål på biologisk mangfald og kjemikaliar. På klimaområdet inneheld handlingsplanen ei oppmoding om at dei som ikkje har ratifisert Kyoto-avtalen bør gjera det.
Og det viktige «føre var»-prinsippet frå Rio skal førast vidare.
Men resultatet burde ha vore betre når det gjeld energi. Det blei ikkje semje om ei avtale om at tilgangen på energi for dei fattigaste skulle aukast og heller ikkje konkrete avtaler som gjeld fornybar energi.
Kanskje Aftenpostens kommentator Ole Mathismoen har rett når han seier at tidspunktet er feil. Verda er ikkje klar til å ta ansvar for seg sjølv enno. Det er ikkje ille nok. Dei fattige er langt borte frå dei rike, og trea er framleis grøne!
Totalt sett kunne resultatet ha vore betre. Men Johannesburg-konferansen retta verdas augo mot fattigdom og miljøkriser. Og den synte oss politikarar som veit, men ikkje alltid vil.
Og det er kanskje det viktigaste ved gigant-møter som dette. Alt frå statsleiarar til frivillige organisasjonar og mediefolk set i nokre veker fokus på miljø og fattigdom - saker som så absolutt fortener å vera øvst på dagsorden med jamne mellomrom.
AVE