Politiske årsaker til svoltkatastrofen
Det er ikkje lett å vera Afrika-optimist for tida. På toppen av aidsepidemien og eit utal væpna konfliktar blir land etter land råka av matmangel og svolt. Bileta me ser på TV blir meir og meir groteske. Og verre kan det bli ut over hausten viss hungeren får lov til å herje.
Flaum og tørke har ført til dramatisk fall i matproduksjonen, men årsakene til svolten er like mykje politiske som klimatiske. Malawi selde unna landets maisreserve etter at det var klart at det kunne bli matmangel. Det har lite med veret å gjera. Styremaktene har sagt at det blei gjort etter «råd» frå IMF, men det tilbakeviser IMF. Nyleg måtte ein minister i regjeringa gå av etter at namnet hans dukka opp i ein rapport om kven som stod bak salet. Zimbabwe er eit enda verre døme på at vanstyre fører til naud og elende.
Tørke og feilslåtte avlingar skal ikkje kunne utvikle seg til hungersnaud i demokratiske land fordi ulike pressgrupper, media og organisasjonar lenge før katastrofen er eit faktum skal gjera det umogeleg for styremaktene å ikkje reagere i tide. Månadene som kjem vil vise om matvarekrisa og svolten i det sørlege Afrika får utvikle seg til ein katastrofe.
Fleire av landa som no er hardast råka er skjøre demokrati med høg prioritet både i norsk og internasjonal bistand. Blant dei Malawi og Zambia. Land som ikkje har utmerka seg med verdas beste styresett, men me har då rekna dei for demokrati. Med nokolunde frie val, ein opposisjon som ikkje er redd for å seia frå, nokolunde fungerande rettsvesen og aktive miljø i det sivile samfunnet. Mosambik ser ut til å koma betre ut av det. Sjølv om dei har hatt mykje av det same veret, har dei tatt politiske val som har sett dei i stand til å fø folk i ei krisetid.
Situasjonen stadfestar kor viktig arbeidet med demokrati og styresett er. Men det er ein svært langsiktig jobb å bidra til demokratisk utvikling i land utan demokratiske tradisjonar.
Mange afrikanske leiarar tek ein del underlege val. Uforståelege val som ikkje kan godtakast, men dersom me skjøna litt meir av kvifor det skjedde kunne me kanskje føre ein dialog som gjorde bidraga våre endå meir relevante for ei utvikling som går i rett retning.
Det viktigaste no er å ikkje gje opp. Tilbakeslaga skjer samtidig som det skulle vera grunnlag for større optimisme enn på lenge. Det er ei aukande erkjenning blant afrikanske leiarar at kontinentet sjølv må ta hovudansvaret for utviklinga. Internasjonalt er det større semje om mål og midlar enn nokon gong før. Gjevarane samarbeider betre enn før. Og det ser ut til å vera vilje blant dei rike landa om å opne marknadene sine og bruke meir pengar på langsiktig utviklingssamarbeid. Det er viktig å ha med seg før Afrika-pessimismen heilt får overtaket.
AVE