Enhet, frihet og bevissthet

Zimbabwiske Transit Crew uttrykker si rastafari tru og sine politiske standpunkt gjennom sin original skrive musikk. Fredskorpser Cecilie Giskemo forteller med tekst og video om sitt møte med reggae-bandet.

Publisert

Artistisk demokrati

I desse tider er det byttehandel som gjeld i Zimbabwe, dog i svært ukommunistisk stil. Den amerikanske dollaren har funne rotfeste i landet, og naturleg nok er det ikkje alle som har like stor tilgong på denne grøne, litt asymmetriske pengeseddlen, og då er det berre kreativiteten som sett grenser for kva ein kan få til på det artistiske, og ikkje minst, generelle, plan.

Eg prøvar meg og på denne taktikken og gjer ein avtale med eit av Zimbabwes høgtståande og mest respekterte reggae band om at mot eit to timars vokal seminar for bandets vokalistar, får eg gjere ein times intervju, med filming og lydopptak. Begeistra over å ha fått halt i land ei sopass dynamisk utveksling, troppar eg opp på ei av Transit Crew sine øvingar i Kingston House i Harare, med kamera, lydutstyr, penn og papir og ei litt nervøs seminar plan: Kan desse rasta gutane vere interessert i mine vestlege vokal tekniske øvingar, med fokus på solar plexus, pust og artikulasjon? Eg ender opp med å gje eit av dei beste og mest humoristiske seminar eg nokon sine har gitt, for Transit Crew sitt mannskap er utruleg opne, dynamiske, lærevillig og ikkje minst interessert i alt som kan gjere dei til betre formidlarar av det dei elskar mest av alt på denne jord, nemleg Reggae.

The Transit Crew

Bandet Transit Crew er eit prosjekt som var initiert av jamaikanaren Munya Brown, som etter å ha studert i Zimbabwe på 1980- talet, no er basert i England. Bandet har hatt ulike besetingar sidan oppstart i 1988, og det er berre bassist Munyaradzi Nyemba og gitarist Samita Zindi, begge referert til som ”the elders”, som er direkte medlammar av det originale bandet. Dei andre originale medlemmane har anten flytta utanlands, medan andre er ikkje lengre iblant oss. Sjangeren som Transit Crew representerar kom frå initiativtakar Brown si naturlege interesse for jamaikans og reggae musikk. I 1988 var ikkje reggae musikken so utbredt i det sørlege Afrika som den er i dag, og som resultat av dette, fikk bandet mykje oppmerksamheilt og ære for å vere eit av dei tidleg innflytelsesrike reggae banda i Zimbabwe. Gitarist Zindi forklarar kvifor han valte å jobbe med akkurat denne sjangeren: ”Reggae is an international music and it is a revolutionairy music, and at that time (på 80-tallet red. anm.) reggae music was talking about the freedom of Africa, so naturally we had to identify with that music”.

Etter å ha etablert eit solid rykte i Zimbabwe, har bandet etablert seg i det store utland. Transit Crew turnerte Japan i seks månader, kor dei opptrådte på ulike World Music festivalar, og vidare til Sør Afrika i 2007 der dei delte scene med, den no avdøde, reggae artisten Lucky Dube på Macufe Festivalen i Bloemfontein.

Gjennom turne og festival jobbar, samt samarbeid med store reggae artistar som Dennis Brown, Misty in Roots og Eric Donaldson, har bandet nådd eit internasjonalt nivå innan sin sjanger.

Sjølvdrive business

Å overleve som musikar i Zimbabwe i dag er mildt sagt ei utfordring med unntak for dei artistane som mottek midlar frå nasjonale eller internasjonale organisasjonar og donorar. Transit Crew har klart det nesten umogelege, nemleg å overleve utan dei store midlar og min nysgjerrigskap etter å få innsyn i bandets business struktur er stor. Dei fortel at bandet er sjølvdrive, men har blitt hjelpe framover av ulike individ som har forelska seg i bandet. Eg kan lett sjå kvifor dette kan skje, for desse menn som sitt framfor meg, til trass for dei harde tider dei har vore igjennom, oser av den perfekte balanse mellom sjølvtillitt og sjølvironi. Dei har ein genuin kjærleik for reggae musikken, og med det som drivkraft er bandets mål å få spreitt bodskapet som er grunnlagt i rastafari bevegelsens og reggae musikkens filosofi. Bandet er eit registrert selskap, der alle medlemmane har visse forpliktelesar i forhold til bandets politisk filosofiske standpunkt, samt i forhold til det administrative og kreative. Dei eldste i bandet har hovudveto, men ikkje som i ei hierarkisk plassering, berre i forhold til å inspirere og ”lære opp” dei yngre reggae artistane, som på eit vis blir ansett som reggae disiplar. På denne måten fungerar Transit Crew på eit anna plan enn vanlege band, med ei solid kjerne av spiritualitet, filosofi, vennskap, og ikkje minst, utveksling av kunnskap og erfaring.

Rastafari bevegelsen

Det er ein kjend klisjé å komme heim frå Afrika med dreadlocks, trefarga armband og ein dusin reggae plater i bagasjen. Eg kan forstå kvifor dette skjer, og eg er glad for å innrømme at eg er ein av desse nordmenn som kjem til å gjere akkurat det. Det er noko umiskjenneleg fascinerande med denne musikken, og ikkje minst filosofien som ligg bak. Det er sant lite ein eigentleg veit om reggae og rastafari bevegelsen der ein sitt å nynnar til Bob Marley på den nordlege halvkalott; marihuana, vegetarisme, synkoperte rytmar og dreadlock dekker vel det meste for dei fleste, men sanninga er at dette er ein utruleg kompleks og rik bevegelse. Eg spør Transit Crew om deirans syn og dei legg ettertrykkeleg vekt på at rastafari er ein afrikansk religion, der Gud, eller Jah Almighty og Selassie I er relevante komponentar i den religiøse seremonien. Dei relaterer seg til rastafari bevegelsen som til andre afrikanske religionar og er stolte over at rastafari kjem originalt frå Afrika, via dei karibiske øyer, og at den handlar om å ivareta afrikansk tradisjon og identitet. Zindi nemner tilslutt rastafari bevegelsens fokus på helse og velvære og på bruken av marihuana som spirituelt hjelpemiddel i religiøse seremoniar og gjerne som del av kreative prosessar. Transit Crew uttrykker si tru og sine politiske standpunkt gjennom sin original skrive musikk, ein musikk som uttrykker det essensielle i rastafari bevegelsen sin filosofi: unity, freedom and consciousness.

Framtidige mål

Transit Crew har stor tru på framtida, både som band og som rastafarians. Når eg forsiktig spør dei om kva dei ser for seg i framtida, og då med tanke på det faktum at dei jobbar som kunstnarar i eit land prega av dårleg økonomi og lite rom for politisk uttrykksfridom, kjenner eg på denne respekten som eg møter dagleg i mitt liv nordmann i Zimbabwe: Pågangsmot. Transit Crew ynskjer i stor grad å spreie bodskapet om viktigheita av bevisstskap innan politikk, helse, AIDS, økologi, identitet og ikkje minst afrikansk kultur og tradisjon gjennom musikken sin. Dei ynskjer å fremme unge reggae artistar slik at dei kan forsikre seg om at det skjer ei vidareføring og vidareutvikling av reggae musikken i Zimbabwe, og at vidare samarbeid med internasjonale festivalar og artistar kan: ” bring reggae artists closer to forge unity”. Dei ynskjer og å setje eit positivt fokus på Zimbabwe som land, og bruke musikken sin til å få verden til å sjå baksida av det som gjentatt gonger er spegelbilete av Zimbabwe i verdens nyheitene. Zimbabwe er meir enn politikk, det er eit land fullt av kreativ aktivitet, av pågangsmot og styrke, av nytenking og løysingsorientet, av menneske som vil noko, og som ikkje gir opp sjølv om det ein jobbar med er totalt samfunnsmessig nedprioritert og ulønna i form av gull og grøne skogar. Som kunstnar har eg stor respekt for det Transit Crew skapar og trur på, og stor respekt for alle som ikkje lar nokon bøyg knekke den kunstriske fridomen og framdrifta i Zimbabwe.

Cecilie Giskemo jobbar som Fredskorpsdeltakar på Zimbabwe College of Music. Prosjektet heiter MONOZI og er i regi av Fredskorpset og Kulturskolen i Fredrikstad.

 

Powered by Labrador CMS