Over 2 millionar har gått på norskteikna skular

Norske arkitektar har bygd landemerker i Afrika som i dag er på pengesedlar og skular som millionar av elevar har gått på. Nasjonalmuseet har no ei utstilling som viser ein ukjent del av norsk bistandshistorie.

Publisert

– Denne skulen her teikna eg, seier den norske arkitekten Gunnar Hyll. Han står å ser på eit bilde som heng på veggen i Nasjonalmuseet - Arkitektur. Ein anna mann ser på det same fotografiet:

– På denne skulen her hadde eg mi første gjensitting. Eg trur det var fordi eg prata for mykje i timen, fortel zambiske Victor Mutelekesha og ler godt. Han var elev på skulen som arkitekt Gunnar Hyll teikna på 1970-talet.

– Skulen står enno og blir brukt den dag i dag, fortel arkitekt Hyll.

Frigjeringsprosjekt

Samantreffet mellom arkitekten og eleven skjedde på utstillinga Forms of Freedom – African Independence and Nordic Models som åpna nyleg i Oslo. Utstillinga er sett opp av Nasjonalmuseets avdeling for arkitektur. Den viser ein mindre kjent del av norsk bistandshistorie.

– Arkitektar blei sendt ned som ekspertar på lik linje med agronomar, lærarar og sjukepleiarar for å hjelpe og bygge opp, fortel kurator og avdelingsleiar ved Nasjonalmuseet Nina Berre. På slutten av 60 og 70-tallet reiste ei gruppe idealistiske norske arkitektar ned til Kenya, Zambia og Tanzania. Oppdraget var å bygge opp landa som nylig hadde blitt frigjort frå kolonimaktene. Utstillinga blei sett opp i sommar i Venezia under Biennale Architettura 2014.

Ville eksportere sosialdemokratiet

Norge og andre nordiske land blei valgt fordi dei ikkje hadde deltatt så aktivt i kolonialiseringa som andre europeiske land. I tillegg så hadde dei nye statsleiarane i Kenya, Tanzania og Zambia eit prosjekt om å bygge ein afrikansk sosialisme. Då passa det også ideologisk godt for dei å hente inn arkitektar frå dei sosialdemokratiske nordiske landa. Den politiske intensjonen var å eksportere det nordiske sosialdemokratiet.

– Vi vil vise den fascinerande og ukjente historia om dei nordiske arkitektane som teikna og bygde svært mykje, fordi det var ein tett kontakt mellom dei nye statsleiarane og sosialdemokratiske nordiske leiarane, fortel kurator Nina Berre.

Landemerker

Dei norske arkitektane har sett eit markant preg:

– Det viktigaste landemerket er kanskje Kenyatta Conference Centre som blei teikna av Karl Henrik Nøstvik og som er eit landemerke i dag. Dette prydar framleis den kenyanske 100-shilling seddelen, fortel kurator Berre. Men noko som har betydd mykje for svært mange er dei 67 skulane som blei bygd av Norconsult med støtte frå Norad og Verdsbanken. Gunnar Hyll var sjefarkitekt for dette prosjektet:

– Alle skulane blir brukt i dag, dei er rundt 40 år gamle. Om ein tek kor mange elevar som har gått der så blir det mellom to til to og ein halv million mennesker dei siste 40 åra, fortel arkitekt Hyll som reiste til Zambia som 34-åring.

Powered by Labrador CMS