Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) fekk mandag sjå dei vanskelege tilhøva for internflyktningar i Somalia. Foto: Ane H.Lunde, UD

Tvinnereim i Somalia:

Kunngjer millionhjelp til tørke- og konfliktramma somaliarar

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim lover 25 nye millionar kroner til det tørke- og konfliktramma landet. Samstundes gir Noreg 300 millionar til hjelp på lang sikt gjennom Verdsbanken.

Utviklingsministeren besøkte mandag to flyktningleirar i Somalia og fekk sjå dei vanskelege tilhøva med eigne auge.

– Vi må klare å gjere noko med dei enorme og akutte behova samstundes som vi tenkjer på korleis vi skal hindre at dette skjer igjen. I tillegg til at vi nå gir nye 25 millionar i humanitær støtte, signerer vi også ein avtale med Verdsbanken som særleg skal gå til godt styresett, klimatilpassing og langsiktig matsikkerheit, seier Tvinnereim i ei pressemelding.

Somalia er ramma av den verste tørken på 40 år. Manglande nedbør i fleire regnsesongar har ført til at over 36 millionar menneske nå er ramma av tørke i delar av Etiopia, Kenya og Somalia.

Høge matvarepriser som følgje av Russlands krig i Ukraina, gjer situasjonen endå verre.

Meir enn 20 millionar menneske på Afrikas horn har ikkje nok mat og treng hjelp nå, og talet stig raskt. Talet for Somalia aleine er på rundt 7,5 millionar, ifølge UD.

Den akutte naudhjelpa går til Det humanitære landfondet for Somalia (SHF), som vert forvalta av FNs kontor for koordinering av humanitær innsats, Ocha.

– Desse pengane vil gå til å avhjelpe akutte humanitære behov i det tørkeramma landet, seier Tvinnereim.

Tidlegare har Noreg gitt i underkant av 200 millionar kroner i humanitær støtte til Somalia i 2022. Dei viktigaste partnarane er FN, Raude Kross-bevegelsen og norske strategiske humanitære partnarar.

Verdsbanken har vore den største enkeltkanalen for norsk langsiktig bistand til Somalia dei siste ti åra. Noreg har bidratt med 890 millionar kroner til bankens fleirgjevarfond sidan 2015, og er tredje største gjevar til fondet, etter EU og Storbritannia.


Powered by Labrador CMS