Hundrevis av medlemmer av Kokonoku-samfunnet hadde gjennom fleire månader freista å «frigjere Moder jord».

Urfolk protesterer i Colombia - leiarar vart drepne

Ein fredsavtale er underskriven, men for mange urfolksleiarar i Colombia er det knapt nokon fred å feire. Berre i delstaten Cauca vart minst 16 organisasjonsleiarar drepne i fyrste halvår av 2017. Dei fleste urfolk. Aukande polarisering trugar fredsprosessen eitt år etter fredsprisen.

Publisert

I oktober vart den unge urfolksleiaren og radiojournalisten María Efigenia Vásquez Astudillo skoten då opprørspolitiet gjekk til angrep på ein urfolksprotest. Hundrevis av medlemmer av Kokonoku-samfunnet hadde gjennom fleire månadar freista å «frigjere Moder jord». Dei okkuperer land dei meiner høyrer til Kokonuko-folket. Men opprørspolitiet gjekk til valdsamt angrep med tåregass. Det vart skote med skarpt.

María Efigenia Vásquez Astudillo vart drepen av to kuler – den eine gjekk inn gjennom ryggen, fortel helsearbeidarar på sjukehuset i Popayan. Ho var berre 31 år då ho døydde.

Urfolksorganisasjonen CRIC skriv at María Efigenia var «ei kvinne frå enkle kår, smilande, velutdanna, engasjert i arbeid for bygda si, og mor til tre born som ho lærte å glede seg over livet». FLIP, organisasjonen for pressefridom i Colombia, protesterte mot drapet og kravde full etterforsking. Men det skapte lite tillit då det vart kjent at ei anna avdeling av politiet skal gjennomføre etterforskinga.

Politiet nektar for at dei bruker skytevåpen mot uvæpna demonstratar. Men aktivistar har allereie spreidd filmklipp på nettet som skal vise at opprørspolitiet hadde skytevåpen då dei gjekk til åtak mot demonstrantane.

Håp om ei fredfylt framtid

Få stadar har vore så hardt råka av krigen som nettopp Caldono i Cauca. Og Cauca er framleis særskilt utsett for vald. Vegen til Caldono stig langsamt opp gjennom grøne dalsider og glid stille innom landsbyar yrande av liv. Varleg vender kvardagen attende til smågrendene i dalsidene. I Siberia har dei jamvel byrja å bygge nye småhus på stadar der det før berre stod ruinar.

– ­­Ingen ville ha funne på å byggje akkurat der, forklarar Martin Vidal og peikar i retning av det som nyleg berre var restar av eit hus. Det var før. Men no byggjer dei nytt.

– Sidan det er nabotomta til politistasjonen, kunne ingen bu der. Kvar gong FARC gjekk til åtak, måtte alle flykte, legg han til.

­– Me har ikkje tal på kor mange gongar geriljaen gjekk til åtak, fortel X, som er leiar av ein av dei lokale organisasjonane for krigsoffer og som me her vel å gjere anonym av omsyn til tryggleiken. Det byrja gjerne ved morgongry, skyting og bombing med tunge våpen. Bombekastarar eller bilbomber. Deretter kunne snikskytarar gjere det ulevelig i mange dagar. Hundrevis av menneske vart drepne her i distriktet, og tusenvis måtte flykte, seier ho.

Styresmaktene meiner å vite at FARC gjorde minst 348 væpna angrep i kommunen Caldono i løpet av krigen. Men no rår det altså ein slags vaktsam optimisme i fjellsidene i Cauca.

Men alt er ikkje som det burde vere. Ei ettertenksam stille senker seg då me spør om freden no har kome til Caldono.

– ­Nei, fred er det i alle fall ikkje, slår Andres Almendras fast.

Almendras er leiar for det øvste rådet for urfolksorganisasjonar i den nordlege regionen av Cauca. Men våpna har dempa seg, legg han til. Det er mindre open krigføring, meir stille enn før. Men den sosiale situasjonen er framleis den same. Diverre er det slik at andre grupper og kriminelle bandar veks i området. Difor vert så mange drepne, legg han til, endå fleire no enn før.

Vanskeleg å vite sikkert kor mange som er drepne

Redaksjonsrådet («Consejo De Redacción»), som minner om den norske «Faktasjekktjenesten» Faktisk.no, har undersøkt drapa på organisasjonsleiarar. Dei kom fram til at minst 16 leiarar vart drepne frå januar til juli berre i nordområda av Cauca.

Ifylgje ColombiaCheck, vart like mange leiarar drepne dei fyrste seks månadane i 2017 som i heile 2016. Men ColombiaCheck viser også kor vanskeleg det er å finne påliteleg informasjon om slike saker. Ifylgje El índice Global de Impunidad 2017, i to av tre tilfelle av drap på menneskerettsaktivistar i Colombia, får ein aldri vite kven som står bak. Ulike paramilitære organisasjonar står bak den største delen av dei resterande drapa, men også FARC og ELN blir skulda for fleire ti-tals drap i perioden etter 2009. Sjølv om etterforskinga syner at ei bestemt gruppe står bak, er regelen at ingen vert straffa. 95 prosent av drapa på menneskerettsaktivistar fører ikkje til fellande dom eller straff. Ein side-effekt er at alle diskusjonar om slik vald i Colombia raskt vert innhylla i tåke som fører til handlingslamming. Ingen treng å ta ansvaret.

Det er fleire ting som tyder på at situasjonen er verre enn på mange år. Amnesty International rapporterer at «ei bylgje av drap på urfolk understrekar mangelfull gjennomføring av fredsavtalen». Tryggingsrådet i Dei sameinte nasjonar hylla nyleg innsatsen for fred i Colombia, men «uttrykkjer uro» over dei mange drapa den siste tida, mellom anna på sivile leiarar. Fleire organisasjonar meiner at stadig fleire sivile leiarar vert utsette for målretta drap i Colombia.

– For oss i urfolksorganisasjonar er for så vidt ikkje drap og trugsmål noko nytt. Det var ikkje vår krig, men det var likevel me som fekk lide mest, seier Andres Almendras.

Urfolksorganisasjonane i delstaten Cauca stifta i 1971 CRIC («Det regionale urfolksrådet i Cauca»). Før organisasjonen var 40 år kunne dei namngje meir enn 500 leiarar som hadde vorte drepne i desse åra. Det er ikkje uvanleg med 15 - 20 drepne CRIC-leiarar på eitt år. Likevel er 16 på seks månadar mykje, særleg når det deier seg om dei fyrste månadane etter fredsavtalen.

Metode

To dagar før me reiste til Caldono vart ein familiefar kidnappa midt på lyse dagen i sentrum av landsbyen. I august vart et observatørteam frå Dei sameinte nasjonar utsett for eit bakhaldsangrep. Eit team-medlem vart skada. Typisk nok var det ingen som visste sikkert kven som stod bak.

Det er naudsynt å reise i fylgje med folk som kjenner området godt i Cauca, og me reiste difor saman med tre svært erfarne lokale «aktivist-journalistar» med band til organisasjonen CRIC. Dei kunne opne dører som elles ville ha vore stengde.

Denne artikkelen kan ikkje gje seg ut for å vere korkje «nøytral» eller «distansert» - to vanlege kjenneteikn på såkalla «objektiv» journalistikk. Det er 20 år sidan fyrste gong eg møtte representantar for CRIC og laga reportasjar frå urfolkssamfunn i Cauca. Mange av kjeldene har sidan den gong vorte mine vener. Dei siste fire åra har eg dessutan koordinert eit utdanningsprosjekt der om lag 15 representantar frå urfolkssamfunna har vore med som master- eller ph.d-studentar. Samstundes er banda til urfolkrørsla også årsaka til at me har fått tilgang til spesielt mange relevante kjelder. Nokre er intervjua individuelt, men dei fleste har delteke i fokusgrupper, som fell mest naturleg hjå nasa-folket (som ofte er motviljuge til å gje uttrykk for personlege eller individuelle meiningar).

Til saman har 32 leiarar frå ulike organisasjonar teke del i desse intervjua. Dei er frå organisasjonar av «offer» for krigshandlingar i Caldono, representantar for lokale eller regionale urfolksorganisasjonar og medlemmer av FARC. I tillegg har me snakka med ei rad andre sentrale personar som av omsyn til tryggleiken lyt få vere anonyme i denne artikkelen.

Økonomiske drivkrefter og krig

I Caldono samla ei gruppe på sju leiarar seg i ei moderne murbygning. Dei sju representerer organisasjonen Cabildo Sat Tama Kiwe. Saman freistar dei å forklare dei viktigaste årsakene til valden mot sivile leiarar i distriktet: Det fyrste problemet er knytt til militsen til geriljaorganisasjonen FARC. Geriljasoldatane er no samla i leirar og har gitt frå seg våpena.

Med FARC-soldatane er det ikkje noko problem, forklarar mennene. Men det er uro knytt til dei mange hundre medlemmene av militsen til FARC. Militsen var sett saman av folk, gjerne ungdom, som budde og levde i landsbyane medan dei arbeidde for geriljaen. Dei har familiar som dei lyt forsørgje, og gardsbruk som krev stell. Frå kjelder i geriljaen får me stadfesta at mange av militsmedlemmene reiste frå leirane for demobiliserte FARC-soldatar etter berre nokre dagar eller veker. I fylgje rapportar frå hæren og politiet som er lekka til colombiansk media, skal minst to større grupperingar av avhopparar frå FARC no vere i kamp om kontrollen over produksjon og sal av marihuana i Cauca. Leiarane av urfolksorganisasjonen i Caldono er varsame med å trekke raske slutningar, for ingen veit enno sikkert kven som står bak dei nye væpna gruppene som er observerte i regionen.

Likevel har dei observert at Ejército de Liberación Nacional (ELN) har etablert seg i nabokommunane og har byrja å spreie propaganda også i Caldono. ELN var den minste av dei to store colombianske geriljaorganisasjonane. Politiet hevdar å ha arrestert fleire ELN-medlemmer som skal ha drive utpressing og kidnapping i regionen.

– Erfaringane frå tidlegare fredsprosessar gjer både oss og geriljasoldatane skeptiske, forklarar Omar, ein annan urfolksleiar i Caldono. Tusenvis vart drepne i løpet av fredsprosessen i 1980-åra. Her i Cauca demobiliserte hundrevis av medlemmer av urfolksgeriljaen Quintin Lame i 1991. Men dei vart gåande i årevis før styresmaktene sette i gang dei økonomiske og sosiale tiltaka dei hadde lova.

- Det er ein fare for at me vil oppleve det same ein gong til. Kvar gong ei væpna gruppe har demobilisert, har ei annan teke over. Så har krigshandlingane byrja på igjen, meir valdsamt enn nokon gang før, seier Almendras.

Aukande produksjon av koka

Det er fleire underliggande årsaker som gjer situasjonen ustabil i regionar som Cauca. Produksjon av koka er ei viktig inntektskjelde for både politisk motiverte opprørsgrupper og kriminelle organisasjonar. Det siste året har produksjonen i Colombia auka kraftig, også i Cauca. I løpet av 2016 auka arealet brukt til kokadyrking med 52 prosent, i fylgje United Nations Office on Drugs and Crime (UNODC). Det er nettopp i områder som Cauca at konsekvensane av illegal handel vert synlege når ulike grupperingar kjempar om kontroll over handelen.

– FARC skapte på godt og vondt ein slags ro og orden i enkelte områder. No er det ingen som kan sørge for orden, seier Almendras.

Dei sameinte nasjonar freistar å fylgje med på produksjonen av marihuana, men målingane er for usikre til å seie noko påliteleg om utviklinga over tid. Likevel tyder alt på at produksjon av marihuana no påverkar væpna organisasjonar minst like mykje som kokaproduksjon.

– Men det som uroar oss i Caldono aller mest, er framveksten av nye paramilitære grupper, «BACRIM». Her i vår kommune er det fleire dårlege teikn, fortel urfolksleiarane i Caldono.

Dei paramilitære har tradisjonelt vore nasjonalistiske og høgreorienterte, gjerne stifta og finansiert av storbønder og næringsdrivande i samarbeid med narko-mafia. Slike paramilitære grupper har stått for størsteparten av valden i Colombia. Dei paramilitære er ekstremt brutale mot alle som er mistenkte for å sympatisere med venstreorienterte organisasjonar.

– Det sikraste teiknet på at slike bandar opererer i distriktet, er utpressing. Det er ei bylgje av utpressing for tida. Me har dokumentert at minst 57 næringsdrivande i Caldono vert pressa for pengar av ulike grupper. Det er svært alvorleg og skadeleg, fortel Almendras.

Organisasjonen kan enno ikkje føre prov for kven som står bak, men mistanken er sterk.

– Me har funne løpesetlar frå paramilitære organisasjonar som sirkulerer i distriktet. Dei paramilitære ynskjer å rekruttere lokal ungdom for å byggje seg opp. Dei lover i løpesetlane å betale godt, og me fryktar at nokre kan la seg freiste sidan det er mange ungdommar her som manglar både arbeid og inntekt. Dei kan dermed vere sårbare for slike løfter.

Også den nasjonale statistikken over born og ungdom som forsvinn kvart år, er ein indikasjon på kva som går føre seg under overflata. Kvart år forsvinn fleire tusen unge menneskje i Colombia. Forsvinningane har vorte sett i samanheng med den væpna konflikten og rekruttering til væpna organisasjonar. Etter våpenkvila mellom FARC og hæren, fall talet på forsvinningar, men mykje mindre enn det om var venta. I 2016 forsvann det om lag 10 prosent færre enn året før, men talet held seg faretrugande høgt.

FARC-leiren

I regionen Caldono, like ved grenda Pueblo Nuevo, ligg ein av leirane for demobiliserte geriljasoldatar frå FARC. Langs innkøyrsla ragar digre plakatar med portrett av leiarane av FARC. Lenger ned, under åskammen, står sirlege rekker av nybygde småhus med bølgjeblekktak tett i tett. Det er ikkje mange menneskje å sjå, men ei kvinne ruslar oss i møte med eit granskande blikk.

Det er Marcela Gonzalez (foto over), nestleiar for geriljasoldatane i området og ei av kvinnene som deltok i fredstingingane med regjeringa i Havanna. Ho ser utover leiren og fjellmassivet som reiser seg i bakgrunnen.

– Nesten ingenting var klart då me kom hit, seier ho. Husa var uferdige. Det var ingen plass å lage mat.

Slik var det i mange av leirane som skulle ta imot demobiliserte geriljasoldatar. Arbeidet med leirane kom for seint i gang og vart for dårleg leia. Mange meiner at den svake innsatsen indikerer manglande vilje og evne frå styresmaktene si side, men regjeringa slit også med å få kongressen til å løyve nok pengar til fredsprosessen. Rapportar frå Dei sameinte nasjonar viser at leirane i Caldono var mellom dei aller dårlegaste som venta på demobiliserte geriljasoldatar.

– For oss geriljasoldatar var det eigentleg ikkje det største problemet at husa var uferdige og mangla det meste. Dersom du har levd i fjella i årevis, så veit du å takle slikt.

– Mykje verre er det at det manglar tilbod om helsestell, utdanning og andre sosiale tiltak. Mange her har ikkje ein gong fullført grunnskulen, fortel Marcela Gonzalez. Det hastar med å kome i gong med utdanningstiltak. I leiren har dei allereie undersøkt kva kvar enkelt har av utdanning.

Marcela Gonzalez slutta seg til geriljaorganisasjonen for 31 år sidan. I 18 år deltok ho i militære operasjonar i området rundt Caldono. Ho kjenner kvar krik og krok av dei endelause, grøne fjella kring Pueblo Nuevo. Marcela smiler, endeleg, medan ho peikar og forklarar. Det er ikkje tilfeldig at dei har slege seg ned nettopp her. FARC legg planar for ei framtid som enno ligg langt der framme.

– Det er ikkje alle som forstår det, men FARC var eit kommunistisk eksperiment. Me delte alt me hadde, alt var felles eige, i områda der FARC styrte. Vi har erfart sosialisme i vår målestokk. Det er denne lange tradisjonen me no ynskjer å omsette i praksis her i leirane, og det er dette idealet partiet skal føre vidare.

Strid i Pueblo Nuevo

FARC etablerte seg som politisk parti frå august i år, og er garantert minst fem representantar kvart av dei to kammera i nasjonalforsamlinga Dessutan får kvar demobilisert geriljasoldat 650 dollar som eingongsstønad i tillegg til ei fast «løn» på 217 dollar i månaden dei fyrste 12 månadane etter at dei la ned våpena. Ei rad andre sosiale tiltak skal også etter planen settast i verk for dei demobiliserte geriljasoldatane. I Pueblo Nuevo vonar dei på utdanningstilbod, stønad til jordbruk og næringsverksemd, sjølv om det er sterke krefter i kongressen som ynskjer å stogge løyvingar til fredsavtalen.

Men hjå nasa-folket i Pueblo Nuevo er det uro. Ei sentralt plassert kjelde fortel at usemja var stor då leiinga i landsbyen gjekk med på å legge leiren for demobiliserte geriljasoldatar hit. Truverdege kjelder meiner at berre eit mindretal var for å etablere leiren så nær landsbyen. Sjølv dei som var for, trudde at leiren berre skulle vere der ei kort overgangsperiode. Men no er det klart for dei fleste at dei demobiliserte har kome for å verte verande for lang tid.

Det er allereie i ferd med å endre maktbalansen i urfolkssamfunnet. Utsiktene til bistandsprosjekt og stønadsordningar i FARC-leiren svekker autoriteten til dei tradisjonelle styresmaktene i landsbyen. Nokre set si von til dei nye, som har kontantar i lommene, framfor dei gamle som mest har ord å by fram. Det knakar i kulturelle og sosiale strukturar.

«Frigjer Moder jord!»

Det erkampen om jord og naturressursar som skaper dei argaste konfliktane i Cauca. Rørsla for «frigjering av Moder jord» har spreidd seg til dei fleste kommunar i regionen. Årsaka er at krigen førte til konsentrasjon av jord på nokre få hender. Fleirtalet av småbrukarar har knapt nok til å brødfø ei familie, medan nesten halvparten av all jord skal vere i hendene på narko-baronane.

Striden i Kokonuko, der María Efigenia Vásquez Astudillo vart drepen, stod om eigedomsretten til nokre varme kjelder som skaper inntekter frå turisme. Folk i Kokonuko meiner at området høyrer til deira tradisjonelle territorium, at det er kollektiv eigedom. Dei viser til «eldgamal tradisjon», men får ikkje stønad av det colombianske rettsapparatet til trass for at dei meiner å kunne dokumentere den historiske retten.

Andre stadar er det gruvedrift som skaper splid. Etter fredsavtalen aukar investeringar frå selskap som ynskjer å posisjonerer seg for utvinning av naturressursar i regionen. Over heile landet fyl valden mot leiarar for sivile organisasjonar det same mønsteret: Vald fylgjer i fotefara der utvinningsindustrien brøyter seg fram.

Protestmarsj

Denne hausten byrja protestane, «la Minga». Minst 50 000 medlemmer av urfolksorganisasjonar marsjerte frå grendene sine i retning samlingspunkt i regionen. President Santos reiste til Popayan for å freiste å stogge protestmarsjen, men lukkast ikkje.

Talspersonen for CRIC, Neis Oliveiro Lame Cameyo (foto over) , krev at styremaktene oppfyller avtalar dei allereie har gjort med urfolksorganisasjonar før det vert snakk om å avblåse protestmarsjen.

Statssekretæren i innanriksdepartementet, Luis Ernesto Gómez, etablerte «eit rundebord» i Caldono for å diskutere krava til urfolka og korleis tidlegare lovnadar kunne oppfyllast.

Etter lange tingingar nådde partane fram til ein avtale som i teorien seier at styresmaktene må oppfylle lovnader som urfolksorganisasjonane meiner staten allereie har lova. Situasjonen er framleis svært spent.

Det er summen av mange konfliktar og stridsspørsmål som no gjer at striden blussa så kraftig opp i haust. Konfliktane kan få alvorlege konsekvensar for utviklinga av ekte fred i Colombia, sjølv om alt tyder på at FARC vil halde sin del av fredsavtalen. Men det er på stadar som Cauca at dei store spørsmåla om krig eller fred i røynda vert avgjort. Innhaldet i fredsavtalen mellom dei to væpna partane vert sett på prøve: Er det dette som skal til for å byggje eit fredeleg samfunn? Dei underliggande kreftene verkar i motsett retning: Kokainproduksjonen aukar. Striden om marihuana-marknaden skaper nye væpna bander. Småbønder mister jorda dei dyrkar når det kjemgruveselskap og andre som vil utnytte naturressursane. Alle desse meir eller mindre illegale industriane korrumperer politi og rettsvesen. Dei kjøper opp lokale styresmakter.

Til saman verkar slikt til å sette urfolkssamfunn og -organisasjon i press. Det er øydeleggande for urfolks særskilde domsrett. Mange stader kjem det splid og intern strid i staden for fellesskap og sjølvstyre.

– Ein verdig fred kan ikkje skapast utan gode fellesskap, seier Neis Oliveiro Lame Cameyo. – Det er nedanfrå, frå vanleg folk, at fred kan byggjast.

Det treng ikkje å gå med Colombia som det har gått med andre fredsavtalar dei siste åra. Lite tyder på at det vil bryte ut nye kampar mellom dei væpna partane, slik som på Sri Lanka etter våpenkvila der. Det er lite truleg at dei væpna opposisjonsgruppene kløyver seg i fraksjonar som drep kvarandre i eit omfang som i Sør-Sudan eller Gaza. Det mest naturlege er å samanlikne med Guatemala der fredsavtalen medverka til å etablere eit formelt demokrati med ytringsfridom og andre formelle rettar, men der den organiserte kriminaliteten skaper eit valdsnivå som kan samanliknast med dei siste åra av borgarkrigen.

– Mest av alt fryktar folk «mexicanisering» av samfunnet, forklarar Neis Oliveiro Lame Cameyo. Folk er redde for at Colombia skal verte eit relativt rikt, «moderne» samfunn med formelt demokrati og godt samband til USA og Europa, men plaga av kriminell vald som øydelegg både heile samfunn og liva til enkelmenneske.

Powered by Labrador CMS