Jonas Gahr Støre i intense samtalar med sikkerheitsrådgivar Thomas Boe Hornburg og statssekretær Andreas Kravik, like før møtet med Irans president i FN. Det var del av eit møtemaraton utan like under høgnivåveka i New York, skriv ansvarleg redaktør Emil Erstad.

Jakta på ein kur mot verdskollaps

Vi drog til FNs generalforsamling for å finne ut korleis organisasjonen skal overleve.

Publisert Sist oppdatert

Vent litt, er ikkje det der Marco Rubio? På veg mot toalettet? Joda, det er det.

Trump har stått i den gullforgylte rulletrappa, kasta ut ordflaumen sin frå talarstolen og no minglar vi med verdsleiarane i korridorane på FNs generalforsamling.

Arendalsuka på speed, er det ein som seier.

En gruppe politikere går gjennom en korridor mens pressefolk fotograferer.
På veg frå toalettet opnar plutseleg ei dør seg, og ut kjem USAs utanriksminister Marco Rubio.

I mylderet av diplomatar, statsleiarar og sikkerheitsfolk ser alle ut til å ha det travelt. Samstundes er stemninga nokså avslappa, trass i alle rapportane om at FN er i krise.

Eller kanskje folk pustar letta ut fordi Donald Trump ikkje fann fram til knappen som slo av lyset for godt i FN-bygningen?

Likevel er det umogleg å ikkje høyre summinga av folk som snakkar om at dersom ingenting skjer, vil FN døy.

Andre meiner organisasjonen allereie er dead man walking.

Her i korridorane er det mange menn som går, og dei ser forbausande levande ut, alle mann. Og apropos det: Ei dør opnar seg. Er det ikkje Recep Tayyip Erdogan? Og hans utanriksminister Hakan Fidan?

Jo, det er det, og deira entourage av fleire titals gravalvorlege tyrkiske menn.

Dei går sakte framover, fyller heile korridoren, og snakkar lågt til kvarandre på tyrkisk. Det lyder nesten som ei slags messing.

Tyrkia er ikkje åleine om å ta høgnivåveka på alvor. Fleire av dei autoritære statsleiarane stiller mannsterke. Dei har openbert ikkje tenkt å overlate FN til alle dei som meiner organisasjonen er utdatert eller død. Litt seinare må eg gni meg i augo då eg står og ventar, og brått ser Russlands utanriksminister Sergej Lavrov og folka rundt han fikle med kortet sitt for å komme gjennom ei tryggleikssluse.

Det finst ingen andre stader som denne, tenker eg.

Seinare på dagen står vi i plutseleg i kjellaren under lobbyen i FN-bygningen, saman med Volodymyr Zelenskyj. Det var ikkje planen at han skulle møte oss pressefolk. Han skulle møte Jonas Gahr Støre og Alexander Stubb. Medan vi står der på gangen med dei myndige sikkerheitsvaktene, kjem kona Olena Zelenskaja gåande forbi. 

Ho ser på same vis som mannen sin, sliten og eldre ut.

Støre skildrar han slik:

– Han er under eit enormt press.

(Eg skreiv om møtet her)

Monstera i New York

Om FN fungerer etter intensjonen eller ikkje, stridest dei lærde – og det har dei gjort heilt sidan starten.

Men inne i generalforsamlingssalen er det orden, hierarki og ei talarliste som vaggar sakte framover gjennom veka. Øvst står dei viktigaste statsleiarane. Først mot slutten av veka kan vi vente oss utanriksministrane, og vår eigen Espen Barth Eide.

Vi veit endå ikkje at han har funne fram den italienske filosofen Antonio Gramsci til manuset for Norges innlegg.

Gramsci sat i fengsel under Mussolini. Der skreiv han om ei gammal verd som døyr, ei ny som strevar med å bli fødd, og monstera som dukkar opp i mellomtida. Vi lever i ei verd der monster finst, skal bli bodskapen frå den norske utanriksministeren nokre veker før halloween.

Eides tale skal vekke ein del merksemd, fordi den er oppsiktsvekkande tydeleg til ein diplomatisk utanriksminister å vere. Men det veit vi ikkje endå.

Vi veit at nordmennene ikkje er heilt fornøgde med rolla FN speler. I podkasten Verdensproblemer sa statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik det ganske rett ut, rett før høgnivåveka starta:

– FN spelar ikkje den rolla vi skulle ønske når det gjeld fred og sikkerheit. 

Då Donald Trump inntok FNs talerstol, var det så fullt i salen at nokre måtte sjå talen på skjerm. Men då president Mahmoud Abbas heldt Palestinas tale eit par dager seinare, stod mange seter tomme. Talen vart førehandsinnspela, fordi den palestinske delegasjonen vart nekta innreisevisum til USA.

Førebels ser vi få monster i korridorane, sjølv om det sikkert kan diskuterast.

Kvinna som skal rydde opp

Det vi veit, og som dei fleste er samde om i aust og vest, nord og sør, er at organisasjonen treng reform. Ein ting er pengemangelen, som er synleg også inne i FN-bygningen.

Du kan sjå det på slitne vindaugskarmar, eller på øydelagde teppekantar som ikkje er bytta ut. Vedlikehaldet held ikkje det same effektive nivået som inne i den norske stortingsbygningen.

FN80 heiter reformprosessen, som på «folkemunnet» blant diplomatar og forståsegpåarar kallast FN-reform. Det mange ikkje veit, er at dette ikkje er éin reform, men tre ulike reformer.

Den første handlar om å spare pengar. Den andre om å rydde opp i alle oppgåvene medlemslanda har gitt FN. Den tredje om å endre sjølve organisasjonen, kanskje slå saman nokre av dei mange FN-organa.

Endå færre er nok klar over at ho som har noko av det tyngste, daglege ansvaret for å sikre framdrift i reformarbeidet, er Norges eigen FN-ambassadør Merete Fjeld Brattested.

Ho har fått ein jobb som høyrest omtrent like lystig ut som å rydde i ein kjellar som ikkje har vore opna sidan 1945.

Saman med Jamaicas FN-ambassadør Brian Wallace leier ho arbeidet med å få oversikt over oppgåvene medlemslanda har gitt FN gjennom 80 år.

– Eg synest dette er utruleg morosamt arbeid, seier ho til Panorama.

Frå kontora til Norges FN-delegasjon i 35. etasje i One Dag Hammarskjöld Plaza, kan Noregs FN-ambassadør sjå rett bort på hovudkvarteret til ein organisasjon i krise. Budsjetta kuttast og fleire stormakter stiller no spørsmål ved sjølve ideen om internasjonalt samarbeid.

I 80 år har medlemslanda vedteke nye resolusjonar og gitt FN stadig fleire oppgåver. Men knapt nokon har gått tilbake for å undersøke om dei gamle framleis trengst. Kvart oppdrag kostar pengar, tid og ressursar. Og det er tre ting FN har stadig mindre av.

No har FN fått eit digitalt register med over 40 000 resolusjonar og vedtak. Rundt 4000 er knytte til aktiv gjennomføring rundt omkring i verda.

Brattested fortel ivrig om korleis dei no – takka vere ekspertise Norge har vore med på å betale for – kan søke seg gjennom vedtaka, samanlikne dei og sjå korleis tekstane har vakse seg stadig lengre.

Skulle du ha mykje tid til overs, er FNs mandatregister ein stad å drukne timar og dagar.

Alt skal skrivast, omsettast og tolkast. Møte skal førebuast, gjennomførast og rapporterast frå. Det blir mykje papir. Og mykje pengar.

Men det mest interessante Brattested seier, handlar om kven ho meiner har skulda.

– Det er vi som medlemsland som i så fall sørger for at FN verken fungerer eller leverer.

Ho held fram:

– Det er vi som bestemmer kva FN skal bruke ressursar på. Eller vi bestemmer noko, men så følger vi det ikkje opp med ressursar, til dømes.

Det er lett å seie at FN er tungrodd, overbyråkratisk og lite effektivt.

Men finn fram spegelen, for det er der vi kan sjå på syndarane. Det er oss, det er medlemslanda.

Diplomatar og politikarar frå små og store land møtast kvart år til FNs høgnivåveke. I New York talte fredsprisvinnar og Afrikas første folkevalde kvinnelege president, Ellen Johnson Sirleaf, for betre pandemiberedskap og for fleire kvinner i leiarstillingar, som ho meiner handlar om noko meir enn representasjon.

Ingen vil miste si hjartesak

Men sjølv om alle vil ha eit meir effektivt FN, er det ikkje like mange som vil gi opp noko sjølv. Brattested fortel at ei rekke utviklingsland fryktar at reformarbeidet eigentleg handlar om å redusere vestlege lands bidrag.

Ho avviser at det er Norges motiv.

– Dette handlar ikkje – for Norge i alle fall – om at vi ønsker å kutte budsjetta. Det handlar om at vi ønsker at dei pengane vi har, faktisk skal gi resultat for folk der ute.

Problemet er at det er lettare å vere samd om effektivisering enn om kva som skal effektiviserast bort. FN har til dømes foreslått å slå saman UN Women, som arbeider for likestilling, og FNs befolkningsfond UNFPA. Det har møtt kraftig motstand.

– Her har det gått altfor mykje oksygen til å diskutere om UN Women og UNFPA skal slåast saman til éin organisasjon, seier Brattested.

Ho innrømmer at det er følsamt å rydde i oppgåvene medlemslanda har kjempa for. Derfor samanliknar ho reformarbeidet med å snu eit tankskip.

Seinare, då Barth Eide endeleg skal få komme seg på talarstolen seint fredag kveld, skal han seie at FN står i ei trippelkrise. Folkeretten blir broten, pengane tek slutt og organisasjonen har blitt så komplisert at han knapt klarer å styre seg sjølv.

Eit gjennomsnittleg utviklingsland har minst 23 ulike FN-organisasjonar til stades, skal han seie.

Tjuetre!

Men korleis reformerer ein eigentleg ein organisasjon der nesten alle skal vere samde?

Heilt sidan Trygve Lie, Dag Hammarskjöld og U Thant leia FN, har organisasjonen vore møteplass når usemje mellom land skal ryddast av vegen. No står FN i ei eksistensiell krise, der flere stormakter stiller spørsmål ved eller undergrev sjølve ideen om internasjonalt samarbeid.

Når pengane forsvinn

Fleire av dei vi møter i FN-systemet denne veka, snakkar om eit system som manglar pengar. Den eine nedbemanninga etter den andre fyller timeplanen til fleire av dei tilsette i den høge bygningen.

Og det er ikkje berre papirflyttarar som forsvinn. FN må også redusere arbeidet med rapportar og statistikk som fattige land er avhengige av. Befolkningsframskrivingane kjem sjeldnare. Andre oppgåver blir utsette.

I dei humanitære delane av organisasjonen står tilsette overfor langt meir brutale prioriteringar. Eit dårleg møte mindre, er truleg berre bra. Ein hjelpearbeidar mindre, kan vere forskjellen på liv og død.

Ein morgon er vi på frukostmøtet «Banking on Development». Heller ikkje her er det berre småkårsfolk som har møtt opp. FNs visegeneralsekretær Amina J. Mohammed er på plass, saman med Verdensbankens president Ajay Banga og Sheikh Thani bin Hamad bin Khalifa Al-Thani, som leier Qatars utviklingsfond. 

Under «Banking on Development»-frukostseminaret i FN-hovudkvarteret, arrangert av Qatar Fund for Development, la Verdsbank-sjef Ajay Banga vekt på at meir kapital må nå dei vanskelegaste marknadene, og at investeringar i utviklingsland må gi arbeidsplassar og målbare resultat.

Dei sit til bords med utviklingsminister Åsmund Aukrust, og dei er alle på jakt etter nye land og institusjonar som kan vere med på å finansiere utvikling.

– Tida er over for at nokon er givarar og andre er mottakarar, seier Aukrust frå scena.

Han meiner vi må finne pengar og partnarar på nye stader. Norge, Canada, Qatar, Verdensbanken og andre finansinstitusjonar må samarbeide meir, seier han.

Medan vi ventar på statsministeren

Ein kveld under høgnivåveka er vi inviterte til mingling i residensen til den norske FN-ambassadøren Merete Fjeld Brattested.

Mykje av kvelden går praten mellom diplomatar, politikarar og journalistar, medan det store trekkplasteret – statsminister Jonas Gahr Støre – lét vente på seg.

Med utsikta frå 32. etasje over sentrale delar av Manhattan og deilig tapas, er det ein enkel jobb å vente.

Og vi ventar, og ventar.

Støre kjem svært seint. Men så har han trass alt vore på mottaking med Donald Trump og dei andre statsleiarane.

Den same mannen som tidlegare på dagen hadde stått på talarstolen og truga den iranske sivilisasjonen med utsletting. Støre og hans folk hadde ikkje klappa for talen, som ein stille diplomatisk protest.

Men om kvelden må han altså stå i ein lang kø for å ta den same mannen i handa, og gjere det han kan for å godsnakke med han. Slik er diplomatiet, slik er FN og det finst kanskje ingen god veg utanom, uansett kva skikk det blir på FN-reform?

Inne i sjølve generalforsamlingssalen utviklar det seg ein stadig sterkare trend med at delegasjonane i salen går ut i protest mot den eine eller andre. Det vart så mykje gåing inn og ut, at det må ha ført til høgare kostnadar for teppevaskinga i FN-bygget.

Og er det ikkje litt av poenget med FN at alle er der, så kvifor gå ut? 

Utanfor bygningen er det heller ikkje stille. Ved inngangen til FN-hovedkvarteret er det demonstrasjonar gjennom veka. Utanfor Senegals FN-delegasjon protesterer folk mot sin eigen president. Andre demonstrerer mot Benjamin Netanyahu.

Høgnivåveka trekk også folk utanfor politisperringane rundt FN-bygningen. Då Benjamin Netanyahu skulle tale til generalforsamlinga, blokkerte hundrevis av demonstrantar Second Avenue, nokre kvartal unna hovedkvarteret, i protest mot Israels krigføring i Gaza.

Tilbake på FN-kontoret arbeider FN-ambassadør Brattested vidare med oppryddinga.

Ho og kollegaen frå Jamaica har fått frist til april 2027. Då håpar ho at dei kan overlevere det ho kallar ei gåve til alle FNs medlemsland.

Den neste sjefen

Men FN skal også få ny generalsekretær. António Guterres går av ved årsskiftet, etter ti år der organisasjonen har blitt utsett for stadig sterkare press.

Det er han som har sett i gong FN80-prosessen, som no skal effektivisere drifta, rydde i vedtaka og endre organiseringa av FN-systemet.

Det er openbert avgjerande for reformarbeidet kven som får jobben. FN er avhengig av å ha ein ny generalsekretær som ønsker å reformere. Ikkje ein som ønsker reform for reforma si skuld, eller fordi vedkomande ønsker at FN skal vere mindre FN, men ein som ønsker at organisasjonen skal bli sterkare til å levere.

Støre har eit ganske tydeleg ønske til den neste FN-sjefen:

– Noreg har alltid støtta ein sterk og modig generalsekretær. Ein som tør å vere litt general og ikkje berre sekretær.

Han meiner den neste sjefen må ha «fett på nervane» og tole å stå opp mot stormaktene.

Det trengs meir enn fett på nervane om generalen skal dra ei FN-reform i land.

Rommet var berre ein liten bås med skilleveggar rett innanfor foajeen til FNs generalforsamling, men tema var store då Jonas Gahr Støre møtte Irans president Masoud Pezeshkian under FNs høgnivåveke. Støre kalla iranske åtak på sivil skipsfart «uakseptable» og sa han var «djupt bekymra» for menneskerettane i Iran. Pezeshkian på si side bad om dialog og sa at press og makt aldri vil få iranarane til å gje seg.

Tilbake i korridoren

Det er lett å finne feil ved FN. Det er langt verre å finne ei erstatning. For kven skal samle land som Russland, USA, Kina, Iran, Noreg og dei nesten 190 andre medlemslanda rundt same bord?

Kven skal lage spelereglar for ei verd der dei mektigaste ofte har minst lyst til å følge dei?

Og kven skal hjelpe menneska som bur i land som verken har stormaktsstatus, vetorett eller råd til å klare seg sjølve?

I New York har vi sett presidentar og utanriksministrar komme og gå. Nokre har snakka om fred, andre om krig. Fleire har kritisert FN for å vere udugeleg.

På veg ut av området inne på generalforsamlinga ein av dei siste dagane møter vi på ho som er Haitis kandidat til Miss Universe, Tatenda Josephina Rameau. Ho seier til oss at ho vil bruke missekrona på hovudet til å fremme utdanning for unge haitiarar. 

Blikka ned, telefonane opp. Alle er på veg ein annan stad: til neste sidearrangement, neste handtrykk. FNs høgnivåveke samlar statsleiarar og diplomatar, næringsliv og presse – ei Arendalsveke på speed. På veg inn i FN-hovudkvarteret seier Tatenda Josephina Rameau, som er Miss Universe Haiti 2026, at ho vil bruke krona til å fremje betre utdanning i heimlandet.

For slik er FN: Alle møter opp. 

Eg tenker på Rubio, Lavrov, Erdogan og Trump – og på den norske FN-ambassadøren som synest det er frykteleg morosamt å rydde i 80 år med vedtak.

Det kan jo hende at ho har rett.

Det er i alle fall vanskeleg å komme på noko som er viktigare akkurat no.

Powered by Labrador CMS