Kommentar:
Elefanten i FN-bygningen
Donald Trump var ikkje den største elefanten i FN-bygningen denne veka. Bak dei store orda om fred og internasjonalt samarbeid står ein verdsorganisasjon som ikkje har råd til å gjere jobben sin.
Dette er ein kommentar. Meiningar i teksten er skribentens eigne.
FN står i ei eksistensiell krise. Ikkje noko mindre.
Det var åtvaringa frå utanriksminister Espen Barth Eide då han rundt klokka halv ni fredag kveld steig opp på talarstolen i FNs generalforsamling. Han snakka om eit FN som manglar pengar, reformvilje og politisk støtte.
Rundt han var det nesten tomt. I korridorane som hadde vore hektiske heile veka, hadde stilla senka seg. I salen sat berre eit fåtal delegatar att, fleire av dei praktikantar eller andre som var sende ut for å «halde stolane varme». Land som Uganda, Syria, Zambia, Tadsjikistan, Slovakia, Slovenia, Rwanda, Paraguay, Tuvalu, Sierra Leone og Bolivia hadde ingen representantar til stades under det norske innlegget.
Eide hadde sete på plassen sin, fleire timar på overtid, fleire gonger med hovudet i hendene.
Krisa han skildra då han endeleg fekk tale, var synleg også i salen. Rundt han sat delegatane på seter så slitne og opprivne at dei ville blitt bytta ut om dei stod i eit norsk klasserom.
Også resten av FN-bygningen ber preg av å ha sett betre dagar. I eit brev til medlemslanda i 2025 varsla generalsekretær António Guterres sparetiltak i hovudkvarteret. Vedlikehald kunne bli utsett, innkjøp av utstyr avgrensa og temperaturen senka. Sjølv møteverksemda og tolketenestene vart ramma.
Det er noko nesten absurd symbolsk over tilstanden i verdsorganisasjonens eige hus – som eit ekko av talen den norske utanriksministeren heldt.
Den gamle verda døyr
Barth Eide opna med den italienske filosofen Antonio Gramsci sine ord frå eit av Mussolinis fengsel på 1930-talet:
«The old world is dying, and a new world struggles to be born: now is the time of monsters.»
Den gamle verda døyr. Ei ny strevar med å bli fødd. No er det monstra si tid.
Eide skildra ei tredelt krise: Ei normativ krise, der respekten for folkeretten blir svekt. Ei institusjonell krise, der FN har blitt for komplisert og fragmentert. Og ei finansiell krise, der medlemslanda ikkje lenger stiller opp med pengane organisasjonen treng.
Mot den normative krisa tok han til orde for å slutte med doble standardar. Folkeretten må gjelde både når Russland bryt den i Ukraina, og når Israel bryt den i Palestina. Mot pengemangelen vil han ha mindre øyremerking og større fridom for FN til å prioritere. Samtidig tok han til orde for samanslåingar og færre overlappande organisasjonar.
Som representant for ein av FNs ti største givarar varsla Eide at Noreg vil bruke finansieringa si til å fremme reform. Gjennomføringa av reformprosessen UN80 skal bli ein viktig faktor når framtidige frivillige bidrag blir vurderte, sa han. Det kan også lesast som ei åtvaring:
Reform dykk, elles kan pengane utebli.
Men kva skjer dersom FN blir meir effektivt, og pengane likevel ikkje kjem tilbake?
Pengane som forsvann
FNs økonomiske problem om ubetalte medlemskontingentar og eit tungrodd byråkrati, heng tett saman med den langt større krisa i det internasjonale bistandssystemet.
Den internasjonale bistanden fall med over 23 prosent i 2025, den største årlege nedgangen OECD nokon gong har registrert. I år ventar organisasjonen ein ytterlegare nedgang på nær sju prosent.
Kjernefinansieringa til FN-organisasjonane, altså pengane som ikkje er øyremerkte, fall med 27 prosent i 2025. FNs eigne overslag viser at dei samla ressursane kan bli reduserte med rundt 16 milliardar dollar frå 2024 til 2026. Nesten ein firedel av finansieringa kan forsvinne.
Det blir fleire oppgåver og færre pengar.
Til dømes har aldri så mange av FNs medlemsland vore i krig med kvarandre, enn no.
Alle vil ha reform – på sin eigen måte
Men det betyr ikkje at alt i FN-systemet er verdt å forsvare. Barth Eide trekte i talen sin fram eit oppsiktsvekkande tal: Eit gjennomsnittleg utviklingsland har 23 ulike FN-organisasjonar til stades.
Det er nok mykje eit resultat av fleire tiår med gode intensjonar. Når verdssamfunnet har oppdaga eit nytt problem, har svaret ofte vore å opprette ein ny organisasjon, eit nytt fond eller eit nytt program.
Det er lett å skulde på FN-byråkratiet for dette systemet, men det er medlemslanda sjølve som har oppretta organisasjonane, vedteke mandata og finansiert verksemda, ofte med strengt øyremerkte pengar. Norge har sjølv vore med på utviklinga.
Det ligg derfor ei spenning i den norske bodskapen. På den eine sida vil Eide gi FN større økonomisk fridom. På den andre sida vil han bruke norsk pengemakt til å presse fram reformar.
Det er ikkje nødvendigvis ei motseiing, men illustrerer kor vanskeleg forholdet mellom givarane og FN har blitt. Alle ønsker ein sjølvstendig organisasjon, samtidig som dei som betaler, vil ha påverknad.
Under generalforsamlinga vil alle ha reform. Men det er nesten 193 ulike oppfatningar om kva det inneber.
Eit meir effektivt eller eit billegare FN?
Her ligg også ei av utfordringane i Eides resonnement.
FN skal hindre krig, forsvare folkeretten, hjelpe menneske i naud, redde klimaet og no også få kontroll på kunstig intelligens. Lista over oppgåver blir stadig lengre, medan pengane blir færre.
Det er gode grunnar til å rydde opp i FN-systemet. Men det er moglegvis ein forskjell på å gjere FN meir effektivt og det å gjere organisasjonen billegare.
Ved å legge ned unødvendige administrative strukturar, kan meir pengar gå til arbeidet ute i verda og dei som treng det. Men dersom ein kuttar i den humanitære innsatsen fordi pengane er borte, er resultatet berre mindre hjelp.
Å gjennomføre reformar samstundes med dramatiske budsjettkutt, kan gjere det vanskeleg vanskeleg å skilje mellom endringar som gjer FN betre, og innsparingar som berre gjer organisasjonen mindre.
Reformer kan derfor frigjere ressursar, men ikkje trylle fram pengar som aldri kjem inn. Og dersom pengane ikkje kjem tilbake, må medlemslanda svare på spørsmålet Eide berre delvis tok opp:
Kva skal FN slutte å gjere?
Dette er eit spørsmål om politiske val og kva slags internasjonalt system verdas statar vil ønske å oppretthalde.
Når dei store orda er brukte opp
Mot slutten av talen understreka Barth Eide at FN tilhøyrer medlemslanda. Ein kan ikkje skulde på generalsekretæren eller sekretariatet for alt som går galt.
Det var kanskje det viktigaste poenget i heile talen. For gjennom høgnivåveka har verdsleiarar komme til New York for å fortelle kva dei forventar av FN. Dei vil ha ein organisasjon som kan førebygge krig, beskytte menneskerettane, mobilisere mot klimaendringane og hjelpe menneske i naud.
Men forventningane kjem med ein prislapp, og stadig færre ønsker å betale denne.
Då Barth Eide var ferdig med talen sin fredag kveld, var dei fleste statsleiarane for lengst reist vidare. Snart skulle også dei siste delegatane forlate generalforsamlingssalen.
Dei slitne seta er kanskje ikkje det største problemet i verda. Men dei minner oss om at det ikkje er nok å halde festtalar for internasjonalt samarbeid. Nokon må også betale for å halde huset – og organisasjonen – i stand.
Det er elefanten i FN-bygningen.
Medlemslanda kan ikkje halde fram med å love verda eit FN som skal stille opp overalt, dersom dei ikkje vil betale for det. Og dersom dei ikkje vil betale, må dei også fortelje kva FN ikkje lenger skal gjere.
Ellers blir det vanskeleg å møte monstra i vår tid.
Les flere saker fra FNs generalforsamling
-
Svarer på Trumps kutt – vil doble støtten til FNs klimasekretariat
-
Aukrust i New York – jakter nye partnere for norsk bistand
-
Ny klimaminister jakter støtte til gigantisk regnskogfond i New York
-
Kan han snart få fred?
-
– FN må bli mindre for å bli sterkere
-
Trumps mørke tale viste kvifor FN framleis trengst
-
Jonas Gahr Støre vil ha «general» når ny FN-sjef nå skal velges