Statsminister Jonas Gahr Støre møtte Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj saman med Finlands president Alexander Stubb i et lite kjellerlokale i FN-hovudkvarteret i New York onsdag.

Kommentar:

Kan han snart få fred?

Det er vanskeleg å tenke seg ein mann som meir velfortent burde få kvile, enn Volodymyr Zelenskyj. I FN denne veka gjorde han eit nytt forsøk på å få det.      

Publisert

Dette er ein kommentar. Meiningar i teksten er skribentens egne.

Han såg sliten og eldre ut, Volodymyr Zelenskyj. Inne i eit møterom under lobbyen i FN-bygningen var det noko tungt over blikket til mannen i den svarte dressen. Han såg ut til å ha blitt langt meir enn fire år eldre på dei fire og eit halvt åra han har vore president i full krig.

Det var ikkje planen at han skulle møte oss pressefolk denne morgonen i New York. Møtet var med statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), Finlands president Alexander Stubb og deira næraste medarbeidarar. Men vi fekk nokre minutt med Zelenskyj før dørene lukka seg.

Han stod stille medan fotografane tok bilete, og svarte ganske uengasjert på eit spørsmål om kva han håpa å få ut av møtet.

Hjarteskjerande historie om Zelenskyjs familie

Det er ikkje nødvendig å spekulere i kva krigen har kosta Zelenskyj. I snart fem år har arbeidsdagen hans handla om russiske åtak, drepne soldatar og sivile, mobilisering, våpenleveransar, luftvern, øydelagde kraftverk, statsfinansar og diplomatiske forhandlingar om korleis landet skal overleve. Samtidig veit han at avgjerdene han tek, kan vere spørsmål om liv og død for menneske han aldri har møtt.

Også familien hans har betalt ein pris. Kona Olena Zelenska har fortalt at familien i lange periodar har levd frå kvarandre, og at barna berre sjeldan får sjå faren sin. I 2023 formulerte ho det ganske brutalt: Ho trong mannen sin, ikkje «ein historisk figur». Seinare har ho fortalt at barna prøver å få mest mogleg ut av kvart minutt med han. Krigen har gjort Zelenskyj til ei verdshistorisk skikkelse, men teke frå familien noko så grunnleggande som eit normalt familieliv.

Rett etter at vi vart sendt ut av møterommet, kom Olena slentrande forbi. Også ho såg sliten ut.

Ukrainas støttespelarar og rådgivarar

Men det var då det verkelege arbeidet byrja inne i møterommet. Støre, Stubb og Zelenskyj diskuterte kva som må skje dei neste vekene, og fordelte oppgåver mellom seg. Kjelder med innsikt fortel at det handla om alle dei store spørsmåla: Våpen, luftvern, pengar og fredsforhandlingar. Kven som kan påverke amerikanarane, og kven som kan påverke andre land.

Folk rundt Støre skildrar det som eit forhold der Zelenskyj bruker nordmennene og finnane både som støttespelarar og rådgivarar: to land som Ukraina har høg tillit til, og som ikkje har eigne territorielle eller stormaktspolitiske interesser dei skal presse ukrainarane til å ta omsyn til.

Det seier noko vesentleg om den Zelenskyj dei møter no, samanlikna med den dei møtte etter invasjonen i 2022. Då var den ukrainske presidentens viktigaste jobb å få verda til å forstå at landet hans kunne overleve, dersom det fekk våpen og støtte raskt nok. No koordinerer han sjølv eit stort internasjonalt nettverk av land, statsleiarar, våpenprodusentar og finansinstitusjonar. Han er blitt ein langt meir erfaren diplomat og kriseleiar, nettopp fordi han har vore nøydd til å vere det. 

«Hadde landet ditt overlevd dette?»

Nokre timar etter møtet med Støre og Stubb stod den same Zelenskyj på talarstolen i FNs generalforsamling. Også talen bar preg av korleis rolla hans har endra seg. Dette var mindre ein desperat appell frå eit land i akutt fare, enn ein detaljert plan for kva andre land må gjere dersom Ukraina både skal overleve krigen og finne ein veg ut av den.

Først måtte han likevel minne salen på kva Ukraina faktisk har halde ut. Russland har ifølge Zelenskyj skote meir enn 2100 missil mot Ukraina berre i år, over 950 av dei ballistiske. Dei første åtte månadane av året brukte Russland, ifølge dei ukrainske tala han la fram, 63.000 angrepsdronar mot landet. Poenget hans var kva ein slik konstant trussel gjer med eit samfunn: med økonomien, infrastrukturen og barn som skal gå på skulen.

Så stilte han spørsmålet til statsleiarane i salen:

Hadde landet ditt overlevd dette?

Putin blir ikkje fornøgd med små kompromiss

Men den viktigaste politiske bodskapen var argumentet hans for kvifor krigen framleis held fram. Han argumenterte hardt mot førestillinga om at Vladimir Putin kan få ein avgrensa territoriell gevinst og deretter seie seg nøgd.

I talen kalla han Putin «patient zero», utgangspunktet for ein krig han meiner får spreie seg så lenge den russiske presidenten har pengar, våpen og politisk rom til å halde fram. Det er Zelenskyj sitt hovudargument mot dei som meiner ei territoriell innrømming i seg sjølv kan skape varig fred.

Difor var store delar av talen ein konkret gjennomgang av maktmidla som etter Zelenskyj sitt syn må brukast. Russiske inntekter må ned. Sanksjonane må haldast oppe. Våpenproduksjonen må aukast. Ukraina bygger saman med europeiske land opp Freya-programmet for vern mot ballistiske missil, der også Noreg er med, og Zelenskyj brukte FN-talen til å invitere fleire land inn. Same dag inngjekk Ukraina ein ny droneavtale med Finland. Ukraina presenterer seg med andre ord som eit land som etter fire og eit halvt år med krig sit på militær teknologi og erfaring andre land treng.

Det siste er viktig fordi det elles er lett å høyre talen som eit argument for meir krig. Zelenskyj sa sjølv noko anna: Ukraina treng både diplomati og styrke. Dagen før hadde han møtt Donald Trump og diskutert det den ukrainske presidentadministrasjonen omtalar som konkrete steg for nedtrapping som kan opne vegen for diplomati. Samtidig prøver han å sikre luftvern og andre garantiar dersom Russland ikkje går med på ei slik utvikling.

Logikken er den same som gjennom store delar av krigen: Ukraina kan berre forhandle om fred dersom Russland har meir å tape på å halde fram enn på å avslutte krigen.

Donald vs. Volodymyr på talarstolen

Det gjer oppgåva hans nesten umenneskeleg komplisert. Zelenskyj må på same tid overtyde ukrainarane om å halde ut, europeiske land om å bruke meir pengar, amerikanarane om å halde fram engasjementet, våpenindustrien om å produsere raskare og Russland om at kostnaden ved vidare krig blir større enn gevinsten. Og han må gjere alt dette utan å vite om dei politiske føresetnadene i Washington, Moskva eller europeiske hovudstader ser dei same ut om seks månader.

Det var også ein slåande kontrast mellom Zelenskyj og Donald Trump på den same talarstolen inne i FN med eitt døgns mellomrom. Det kvite hus oppsummerte sjølv Trump-talen som eit forsvar for amerikansk styrke, amerikanske interesser og nasjonal suverenitet, og som ei avvising av «global control». Zelenskyj argumenterte dagen etter frå den motsette posisjonen til eit krigsutsett mellomstort land: Ukraina er avhengig av at andre land koordinerer makta si, produserer våpen saman, opprettheld sanksjonar og til slutt stiller tryggleiksgarantiar som Russland trur på.

Det er også ei påminning om kva FN faktisk er i stand til å gjere, og kva organisasjonen ikkje kan gjere. FN kan ikkje avslutte krigen i Ukraina. Det har den ikkje vist seg i nærleiken av å vere i stand til desse fire og eit halvt åra. Russland sit sjølv med vetorett i Tryggingsrådet, og Generalforsamlinga kan ikkje vedta ein fredsavtale som partane må følge. For ein president som Zelenskyj er derfor ikkje FN først og fremst ein institusjon han kan overlate problemet sitt til.

La Volodymyr Zelenskyj kome seg heim

Verdien ligg ein annan stad. I nokre hektiske dagar kvar september kjem nesten alle verdas regjeringar til dei same få kvartala på Manhattan. Ein president som resten av året må koordinere telefonar, reiser og videomøte mellom tidssoner, kan her møte ein amerikansk president den eine dagen, ein norsk statsminister og ein finsk president den neste, og deretter gå opp på ein talarstol og snakke direkte til nesten alle verdas regjeringar.

Det er akkurat det Zelenskyj bruker FN til denne veka. I møterommet med Støre og Stubb handla det om kven som skal gjere kva. På talarstolen handlar det om å forklare resten av verda kvifor dei framleis må bry seg. Det er del av den same jobben med å halde Ukraina samla, halde støttespelarane engasjerte og prøve å skape eit maktforhold som til slutt kan gjere ein fredsavtale mogleg.

FN kan ikkje gje Volodymyr Zelenskyj tilbake dei fire og eit halvt åra krigen har teke frå han. Organisasjonen kan ikkje gje barna hans tilbake åra der dei sjeldan eller aldri fekk sjå faren sin, eller Ukraina tilbake alle menneska som er drepne. Og ingen i New York kan vite om diplomatiske initiativ denne hausten faktisk fører til fred.

Men for første gong på lenge er ein vesentleg del av Zelenskyj sitt arbeid ikkje berre retta mot korleis Ukraina skal halde ut krigen. Det handlar også om korleis landet ein dag skal komme seg ut av han.

Mannen eg såg i FN-bygningen denne morgonen såg ut som han hadde bore krigen lenge. Han minna om Odyssevs i Matt Damons skikkelse frå sommarens storfilm. Ein mann som prøver å finne heim frå ei stri reise.

Det er vanskeleg å tenke seg ein som meir velfortent burde få kvile, enn Volodymyr Zelenskyj.

Powered by Labrador CMS