
Meiningar:
Farlege frontar mellom atommaktene India og Pakistan
Atommaktene India og Pakistan var nær ein full krig etter terrorangrepet i Kashmir i april. Ei skjør våpenkvile har dempa krigsretorikken, men Kashmir er berre ein liten del av konflikten mellom landa. Bak ligg større uløyste konfliktar om vatn og stormaktrivalisering.
Dette er ein kronikk. Meiningane i teksten er skribenten sine eigne.
Det starta i Kashmir 22. april. Landområdet har vore delt og omstridt sidan opprettinga av India og Pakistan i 1947, med auka motstand etter at India i 2019 reduserte sjølvstyret i den delen av Kashmir som dei administrerer.
Etter drapet på 26 turistar, la India skulda på ei Pakistan-støtta militant gruppe, The Resistance Front (TRF).
Det utløyste ei massiv militær opptrapping på begge sider og ei gradvis auke av militære angrep. Sivile i Kashmir vart spesielt hardt ramma.
Media i begge land følgde opp med krigsretorikk og gjensidige skuldingar om støtte til terrorgrupper, etter kvart også med falske nyheiter om eigne sigrar og motparten sine tap. Ei midlertidig våpenkvile kom til slutt på plass etter internasjonal oppmoding, inkludert frå Kina og USA.
Som takk for rolla president Donald Trump spelte i å få på plass våpenkvila mellom India og Pakistan, har Pakistan sagt at dei formelt vil nominere Trump til Nobels fredspris. Dette skjedde etter at Trump hadde eit møte med den pakistanske hæren og etterretningssjefen rett før bombeangrepa i Iran starta.
Dei store problema
I skuggen av Kashmir-konflikten trer ein større konflikt mellom atommaktene India og Pakistan fram. Fleire tiltak verkar å ha vore planlagt lenge. Det gjeld spesielt India si oppheving av ein vassfordelingsavtale med Pakistan frå 1960, The Indus Water Treaty.
Først kom truslar om å stenge elveløp, og seinare trappa India sin statsminister Modi opp retorikken om at Pakistan ikkje skal få noko vatn som rettmessig tilhøyrer India.
Det India ikkje lukkast med, var å blokkere eit høgt tiltrengt lån til Pakistan frå Det internasjonale pengefondet.
Konflikten vart også ein test av Kina og USA sin lojalitet og støtte, og landa sin posisjonering i regionen. Medan Kina og Pakistan har eit tett diplomatisk og militært samarbeid, har Kina ein pågåande grensekonflikt med India. India har felles interesse med USA om å demme opp for Kina sin auka internasjonale innflytelse.
Testing av våpen og grenser
Etter angrepet i Kashmir lova India å slå tilbake, og Pakistan nekta å ha vore involvert. Medan retorikken vart trappa opp, starta skyting over grensa i Kashmir, med sivile tap som følgje av det.
Alt eskalerte då India annonserte «Operation Sindoor» og angreip militære mål i Pakistan, inkludert i Rawalpindi, tvillingbyen til hovudstaden Islamabad, med rakettar og dronar.
Pakistan hevda å ha skote ned indiske fly og å ha gjennomført angrep inne i India, som på si side hevda å ha påført Pakistan store tap.
Pakistan nytta i stor grad kinesiske våpen og fly, medan India brukte russisk og vestlegprodusert materiell – mellom anna franske fly. Det som starta som ein lokal konflikt vart ein arena for testing og marknadsføring av våpen, særleg kinesiske, og vart ein del av det internasjonale rustningskappløpet.
Mediekrig
Media i begge land køyrde mediekampanjar om eigne sigrar. I India dukka det opp KI-genererte videoar av fiktive militæroperasjonar mot pakistanske byar, som vart hylla i sosiale medium.
Begge land hevdar å ha vunne den militære konflikten og påført motparten store tap.
Stor grad av mediemonopol, låg pressefridom og oppretthalding av eit historisk fiendebilete, gjer lite rom for andre synspunkt eller forslag om å roe ned konflikten. Konflikten vert òg spelt på innanrikspolitisk.
I Pakistan skuldar styresmaktene India for å finansiere opposisjonen mot regjeringa. Det som er definert som balutsjiske terrorgrupper skal omtalast som Fitna al Hindustan, men om dette også inkluderer sivil opposisjon, er uklart.
Den farlege vasskonflikten
På sikt kan ein avslutning av avtalen om eit felles vassystem verte mest øydeleggjande. Vatn frå Indus er heilt grunnleggjande for jordbruk og levesett i begge land.
Det er det desidert viktigaste elvesystemet for Pakistan sin jordbruksproduksjon og vasstilførsel. Det er også viktig for jordbruket i det nordvestlege India, området har alt eit underskot på vatn. Begge land har bygd dammar for å utnytte og regulere flyten av vatn over landegrensene, men Pakistan står fram som mest sårbart då mykje av vatnet flyt gjennom indiske område.
Medan India og Pakistan har kontakt om ei løysing av den væpna konflikten og president Trump igjen har lova å løyse Kashmir-konflikten, treng den eskalerande vasskonflikten større internasjonal merksemd. Elles kan den «fyre opp» att dei andre konfliktane.
Les meir:
-
Ble fengslet og torturert i Pakistan – nå vinner hun norsk menneskerettspris
-
– Det føles som hele Kashmir-dalen står i brann
-
Her er fem grunner til at Sør-Asia er på randen av storkrig
-
Pakistans myndigheter har fengslet Nobel-nominert aktivist, hvorfor er Norge stille?
-
Er eigentleg Kina ein nøytral utviklingsaktør?
-
Utøya – en plattform for ytringsfrihetsforkjempere fra hele verden
-
Pakistans blasfemilov – ein tragedie for minoritetar