Aust-Timor ved eit vegskilje
Dei siste to dramatiske åra kjem til å bli ståande som skilsetjande i den austtimoresiske historia. Frigjeringskampen har endeleg nådd målet sitt: Dei indonesiske undertrykkjarane er ute, og landet er fritt, om enn under administrasjon av FN inntil vidare. Men prisen var skyhøg, ei nesten total øydelegging av landet og nye store massakrar.
I skrivande stund er det uråd å vita kor store tapa har vore. Det aller mest kritiske ved FN si maktovertaking i september i fjor, var flyktningesituasjonen og matmangelen. Utsiktene til svoltkatastrofe var reelle. I dag matsituasjoen under kontroll og problemet med internflyktningar løyst, men framleis er det kritisk for titusenvis av flyktningar i grenseområdet mellom Vest- og Aust-Timor.
Etter dei grufulle militsherjingane låg Aust-Timor i ruinar. Det store spørsmålet var korleis ein kunne byggja ein stat frå inkje i eit krigsherja og øydelagt land. Denne krevjande oppgåva fekk ei handfull timoresiske leiarar og høgtståande FN-funksjonærar ansvaret for. Epidemiar og arbeidsløyse gjorde ikkje utfordringa mindre. I dag er ny infrastruktur på veg. Husbygging er i gang over heile landet; straum, vegar og telesamband fungerer att; helsestellet er i framgang; like eins opplæringa av politifolk, advokatar og dommarar. Det største framsteget av alle: Folk treng ikkje vera redde dag og natt.
Aust-Timor er igjen ute av det norske nyhendebiletet. Når me ein sjeldan gong høyrer noko derifrå, er det gjerne om gnissingar mellom FN-administrasjonen og innbyggjarane i landet. Men sett på bakgrunn av det helvetet Aust-Timor har vore i gjennom, blir det perspektivlaust å svartmåla situasjonen sjølv om dei langsiktige problema er framleis enorme. I tida som har gått sidan FN rykka inn i hovudstaden Dili og fekk kontroll over Aust-Timor i slutten av september i fjor, har det kome stadige meldingar om kor kontroversielt hjelpeorganisasjonane har gått fram i Dili og på resten av øya. Det har også vore stor usemje mellom FN og det mellombelse austtimoresiske motstandsrådet CNRT, som ser ut til å botna i at det er uavklart kva rolle den sistnemnde organisasjonen skal ha i gjennomoppbygginga. Xanana Gusmao som leier CNRT med representantar frå geriljaen, kyrkja, studentar og FN-administrasjonen, har også skulda FN for ikkje å ta CNRT med på råd. FN blir av mange oppfatta som formyndarar som ikkje er lydhøyre overfor austtimoresarane.
Det store spørsmålet blir difor på kva måte det austtimoresiske folket får ta del i gjennoppbyggjinga, eit folk som sjølv gjennom 24 år har kjempa for eit fritt Aust-Timor, men som no opplever at organisasjonsmedarbeidarar inntek jobbar på øya som dei sjølve kunne ha utført. Arbeidsløysa er stor. FN har ikkje greidd å skapa arbeidsplassar i særleg stor grad. Dei jobbane FN kan tilby, passar best for folk med utdanning og engelskkunnskapar, og det er det eit fåtal som har. Verkeslause austtimoresarar er frustrerte over ikkje å få ta del. Frustrasjonen ytrar seg gjennom demonstrasjonar og protestar, men også på meir destruktive måtar som kriminalitet. Korleis skal ein få roa ned dei unge arbeidslause, som ikkje eig noko, og som ser dei nye FN-bilane køyre forbi? Svaret er eintydig: Arbeid. Lønnene og arbeidsvilkåra for dei som får jobb, er prega av at dei ikkje er i nokon sterk forhandlingsposisjon. Ei av oppgåvene for politisk bevisste austtimoresarar blir å byggja opp fagorganisasjonar. Aust-Timor treng også støtte til langsiktig utvikling av økonomien. Kaffi, olje og turisme vil bli nøkkelnæringar i åra som kjem. Dessutan er det landskapet med høge fjell og dalar som skapt for vasskraft. I månadane som kjem vil framleis dei humanitære behova blant innbyggjarane vera store. Sjølv om dei fleste austtimoresarane har fått tak over hovuda og somme har byrja å dyrka jorda att, gjer arbeidsløysa at dei manglar naudsynt kapital.
I slutten av august skal det haldast politisk kongress, den fyrste sidan indonesarane invaderte Aust-Timor i 1975. Der skal det gjerast viktig vegval. Det har vore strid om val av nasjonalspråk. At CNRT vil ha portugisisk, kan forklarast ut frå at Gusmao, Horta og dei andre leiarane voks opp med det portugisiske språket. Dei unge og studentane meiner tetun og engelsk er meir nevenyttig. Dei skuldar også CNRT for å tenkja poltitisk strategisk sidan Portugal, den gamle kolonimakta er særs ein viktig økonomisk støttespelar for Aust-Timor.
Gusmao har slege fast at CNRT skal bli oppløyst etter at FN sin mandatperiode er slutt. Målet er å skipa til val allereie neste år og få etablert ei austtimoresisk regjering, i fyrste omgang med skuggeministerar frå FN. Då skal landet få eit normalt fleirpartisystem. Dei siste meldingane fortel at sju parti vil stilla til valet. Å utvikle ein demokratisk kultur og eit politisk system som fungerer, blir ein vanskeleg prosess. Indre motsetnader finst innan motstandsrørsla, og desse vil gje seg uttrykk på ein eller annan måte no når trykket frå indonesarane, deira felles fiende, er borte. I demokratiseringsprosessen framover vil karismatiske Gusmao spela ei nøkkelrolle. Han har blitt ein Mandela-figur for austtimoresarane og har heile tida hatt støtte frå både motstandsrørsla, geriljaen, kyrkja og eksilpolitikarar som nobelprisvinnar José Ramos-Horta. Den tidlegare geriljaleiaren har nyleg sagt at han vil stilla som kandidat til presidentvervet. Sjølv om det i det siste har kome signal på at motstandsrørsla ikkje lenger har den massive oppslutningen i provinsane som ho hadde rett etter folkeavstemminga, har Gusmao framleis ein sterk posisjon blant folket, og han vil truleg vil valt til den fyrste presidenten på Aust-Timor.
Aust-Timor treng ein samlande leiar som Gusmao i den vanskelege forsoningsprosessen dei har føre seg. Etter 24 år med massakrar, arrestasjonar, avhøyr, ransakingar, forsvinningar, tortur, valdtekt og mishandling er austtimoresarar skeptiske til både dei angrande militsmedlemmane og indonesarane. Folket på Aust-Timor ynskjer rettferd og krev at dei angrande militsmedlemmane skal stillast for retten for uretten dei gjorde mot sitt eige folk. Men dei må venta i tolmod på det tidkrevjande arbeidet med å få dømt dei skuldige for ugjerningane dei har påført innbyggjarane i eit kvart hundreår. 200000 austtimoresarar, ein tredel av den opphavelege folkesetnaden på øya, er blitt drepne sidan indonesarane invaderte den tidlegare portugisiske kolonien i 1975, ein invasjon som i løynd var godkjent av Australia og USA. USA frykta sovjetisering etter at det sosialistdominerte Fretilin-partiet blei sitjande med makta på Aust-Timor. I dei 24 år som gjekk frå den indonesiske okkupasjonen til folkerøystinga i fjor der eit stort fleirtal sa ja til sjølvstyre, kjempa austtimoresarane fridomskampen åleine. Dei siste åra har endeleg politikarar og media i Vesten fått opp augo. Mange har i ettertid spurt korleis det i nesten to tiår kunne rasa ein blodig krig utan at verda viste interesse.
Dagen etter generalsekretæren i FN, Kofi Annan, laurdag 4. september 1999 kunngjorde valresultatet frå den historiske folkerøystinga, braut helvetet laus. Som dei fleste kjenner til drukna valsigeren i blod. Militsen - med open støtte frå den indonesiske hæren - sette i gang ein valdsorgie som kosta eit ukjent tal menneske livet. Tre fjerdelar av folket blei drivne på flukt - opp i fjella eller ut av landet. Dei fleste bygningane blei brent til grunnen. Folkerøystinga blei gjennomført etter avtale mellom FN og Indonesia som blei samde om at Indonesia skulle ha ansvaret for sikkerheita kring valet. I staden blei den indonesiske hæren og politiet aktive deltakarar i terroren mot folket. Mange har kritisert FN for at dei tilsynelatande ikkje forsto at avtalen ville føra til katastrofe, men i staden evakuerte alle sine medarbeidarar ut frå Aust-Timor 14. september i fjor: Austtimoresarane vart på nytt svikta av verdssamfunnet, der dei sto att forsvarlause mot militsen og Indonesia sine terroraksjonar. Dei fryktar no kva som vil skje når FN ein gong i framtida vil trekkja ut dei fredsbevarande styrkane. Restane av dei pro-indonesiske militsgruppene opererer framleis i grenseområda mellom Aust- og Vest-Timor. At dei framleis kan skapa uorden, har me sett nye døme på i sommar då FN-soldatar har vorte skotne av militssoldatar i dette grenseområdet. Dette viser kor naudsynt det er å få avvæpna restane av militsgruppene og samstundes ein langvarig fredsbevarande operasjon på Aust-Timor.
Det vil ta mange år før Aust-Timor kan utdanna ein einaste planleggjar, lege og ingeniør som kan vera med å byggja opp infrastruktur. Det einaste universitetet på øya, i hovudstaden Dili, blei øydelagt etter militsherjingane, og alt av undervisningsmateriell manglar. ETSSC (East Timor Student Solidarity Council), studentorganisasjonen som mottok den fyrste Studentenes fredspris under Den internasjonale studentfestivalen i Trondheim (ISFiT) i fjor, arbeider med å få i gang universitetet. I mellomtida held dei kurs både for medstudentar og elevar i provisoriske klasserom. Det er FN-administrasjonen som held til på universitetet no, men truleg vil i alle fall delar av bygget bli klartgjort for undervisning innan 1. oktober. Aust-Timor treng sårt høgt utdanna innafor eit breitt spekter av fagfelt, personar som kan gå inn i nøkkelposisjonar i gjenoppbygginga. Mange årskull har fått utdanninga si øydelagt på grunn av den lange konflikten. José Ramos-Horta har ved fleire høve sagt at ein av dei måtane Norge effektivt kan følgja opp gjenoppbyggjinga på Aust-Timor på, er å tilby studiestipend for unge austtimoresarar. Denne utfordringa nobelprisvinnaren gir til norske styresmakter og norsk universitetsleiing, kan vera eit unikt høve til å bidra aktivt med effektiv bistand til eit land som byggjast opp att frå inkje.
Noralv Pedersen er frilansjournalist og hovudfagsstudent i geografi ved NTNU i Trondheim.
noralvp@stud.ntnu.no