Meninger

Sør-Korea er eit av 81 land som Noreg er representert i. No foreslår ei ny gjennomgang å leggje ned fleire av dei norske utanriksstjasjonane og kutte stillingar i utenrikstenesta.

Å byggje ned ambassadar er å byggje ned kunnskap

Ein må gjerne eksperimentere med ulike måtar å vere til stades på – slik den nye områdegjennomgangen av utanrikstenesta tilrår – men å svekkje ambassadane er ikkje løysinga. For å skape resultat, er kunnskap avgjerande, og då må vi vere sterkt representerte i dei landa vi samarbeider med.

  • Dette er ein kronikk. Meiningar i teksten er skribenten sine eigne.

Gjennomgangen av utanrikstenesta er eit tidvis imponerande arbeid, som ville blitt endå meir treffsikkert med meir politisk analyse.

Eg saknar politikkens rolle.

Det kunne vore svært interessant om vi kunne få makt- og interesseanalyse tilsvarande slike vi sjølve bestiller når vi engasjerer oss sterkt i andre land. Men det låg nok utanfor mandatet.

Skiftande politiske interesser motverkar konsentrasjon

I eit poengtert og presist kapittel om bistand i tredje delrapport kjem konsulentane frå Deloitte og Fridtjof Nansens Institutt, som står bak gjennomgangen, med ei rad logiske forslag.

Dei vil styrke politisk styring, velje dei mest effektive bistandsformene og kanalane, konsentrere geografisk og bruke ressursane på dei høgast prioriterte tematiske områda.

Dersom ein kunne ha som utgangspunkt at ein har vel førti milliardar kroner å bruke på å gjere verda betre, redusere fattigdommen, styrke demokrati og folks rettar i samfunnet og bidra til fred og forsoning, ville dette la seg gjennomføre.

Men det er her ein støyter mot realitetane.

Ein ting er at skiftande politiske interesser og prioriteringar fører til endringar som lett motverkar konsentrasjon og fører til eit meir mangfaldig engasjement enn ein ideelt sett kunne ønskje seg.

Ei anna sak er at det er historiske grunnar til at norsk utviklingsengasjement er mangfaldig i sine former, kanalar, fagfelt og geografi. På ein måte speglar engasjementet av det norske samfunnet.

Eit slikt mangfald let seg ikkje målstyre og ikkje omorganisere i ei handvending.

Asbjørn Eidhammer

Det historiske bakteppet

Det går lange linjer i norsk utviklingspolitikk frå misjonæren Hans Schreuder i Zululand til Høybråten i Kirkens Nødhjelp. Frå Nansen til Egeland. Frå Armauer Hansen, som fann leprabasillen og fekk eit forskingsinstitutt kalla opp etter seg i Addis Abeba, til Tore Godal og dei store norske bidraga til global helse.

Og frå Trygve Lie til norsk engasjement i FN og dagens norske innsats for fred og rettferd i Colombia. Frå Just Faaland ved Chr. Michelsens Institutt sitt vellykka arbeid for å sikre Botswana god finansiell styring til vår omfattande støtte gjennom Verdsbanken.

Slik kunne eg halde fram. Poenget er at eit slikt mangfald let seg ikkje målstyre og ikkje omorganisere i ei handvending.

Ei tvangstrøye

Men også med dagens mangfald meiner eg det vil vere verdt å streve mot sterkare fokus og konsentrasjon, sjølv om eg ikkje trur at sterkare målstyring vil føre oss dit.

Ideen om detaljert målstyring er vel heller på veg ut. Den har vist seg å vere meir ei tvangstrøye enn hjelpemiddel til å nå fram med bistand.

Eg meiner ikkje at vi skal gi opp arbeidet med å målrette – i staden for å målstyre – og evaluere bistanden.

Det er ikkje muleg å måle den totale verknaden av norsk utviklingssamarbeid.

Lokalkunnskap og -kjennskap kan ein ikkje berre lese seg til, og den er vanskeleg å delegere til andre. Difor er det avgjerande for å skape resultat at vi er sterkt representerte i utviklingsland.

Asbjørn Eidhammer

Mangel på kunnskap er ikkje problemet

Det ein kan gjere er å evaluere meir spesifikt og målretta, på ein måte som kan bli tilnærma representativt samtidig som ein rettar søkjelyset på kva verknadene er for dei som skal nyte godt av bistanden.

Og her er vi ved eit kjernepoeng: Verknadene for dei som vi ønskjer å styrke livssituasjonen til, målgruppene om ein vil. Når vi ikkje lykkast, er det sjeldan mangel på fagkunnskap som er grunnen.

Men manglande kunnskap om nasjonale og lokale forhold går att frå evalueringsrapport til evalueringsrapport. Det gjeld anten vi snakkar om langsiktig bistand, humanitær støtte eller fredsinnsats.

Denne lokale kunnskapen er ikkje berre viktig for bistand til enkeltland, men også for å kunne vurdere den aukande delen av utviklingsbudsjettet som går gjennom internasjonale organisasjonar og fond.

Den kunnskapen og kjennskapen kan ein ikkje berre lese seg til, og den er vanskeleg å delegere til andre. Difor er det avgjerande for å skape resultat at vi er sterkt representerte i utviklingsland.

Å byggje ned ambassadane er difor å gå bort frå bruken av kunnskap og vekt på resultat.

Reindyrking av UD

Det konsulentane har rett i, meiner eg, er å styrke utanrikstenesta si overordna rolle og plassere det faglege ansvaret for eit fagområde på ein stad.

Men her synest eg at ein stoppar på halvvegen.

Så mykje forvaltning og fagpolitikk blir liggjande i Utanriksdepartementet at det ikkje løyser problemet med eit departement som er for stort og har for mange oppgåver.

Sjølv meiner eg at ei reindyrking av UDs som styrande og samordnande organ er både intuitivt og praktisk vegen å gå.

Powered by Labrador CMS