Før Tor-Øyvind Rand byrja i Norad, jobba han for UNICEF Noreg, Norec i Førde, med entreprenørskap i Malawi, som spansklærar i Stryn og for eit fredsprosjekt i Colombia – for å nemne noko.

«Du kan bli alt du vil her i livet, så lenge du ikkje blir byråkrat»

Tor-Øyvind Rand lytta ikkje til det rådet, for Norad-byråkrat vart han. – Det høyrest sikkert skikkeleg dårleg ut, men det verste med jobben er at det er ein jobb. Eg sit jo ofte inne og tenker at eg heller vil vere ute i sola og ha fri, fortel Tor-Øyvind Rand (32).

Publisert Oppdatert

Når Tor-Øyvind Rand forlèt PC-skjermen sin i Bygdøy allé, finn du han ute i det fri, til fots eller på ski. Og til trass for mykje erfaring frå det store utland, med mastergrad frå Asia og ei salsafortid i Colombia, er draumeferie-destinasjonen Vestlandsfjella.

Byråkraten

Byråkratiet er sjølve bautaen i samfunnet vårt, og byråkratane er tannhjula som får det heile til å gå rundt. Men kven er dei eigentleg, alle desse byråkratane som sit på kontor og i opne landskap i departement og direktorat over det ganske land? Og kva driv dei eigentleg med? I denne spalta får du møta nokre av dei.

Korleis startar du dagen?

Dagen startar i senga, der eg kjempar ein knallhard mental kamp mot meg sjølv for å stå opp. Eg vurderer vanlegvis å førtidspensjonere meg opptil fleire gongar, før eg endeleg klarar å rulle ut av senga. Så er det anten rett på jobb eller, av og til, rett på trening.

Kva er det beste med jobben din?

Eg er ganske fersk i jobben, så akkurat no held eg på å lære meg alt eg skal kunne. Eg jobbar med høgare utdanning og forsking, der eg forvaltar fleire avtaler som Norad har med mellom anna norske universitet. Mykje spanande å setje seg inn i. Men eg trur at eg må svara kombinasjonen av å sitje i eit sosialt arbeidsmiljø med fagleg sterke kollegaer, samstundes som vi får reise ut og sjå korleis Norad, saman med partnarane, setter pengar i arbeid. Den siste leddsetninga lånte eg frå Norad sin strategi, for eg synest den passa fint. Det er spanande å vere med på å finne den beste og mest effektive måten å forvalte midlar på, og det er motiverande sjå resultata av arbeidet som blir gjort.

Og kva likar du minst?

Oi. Tja. Altså. Er det lov å seie «at det er ein jobb» utan at det høyrest skikkeleg dårleg ut? Altså, eg sit jo ofte inne og tenker at eg heller vil vere ute i sola og ha fri – men det gjer vi vel alle? Heldigvis har vi veldig gode ordningar når det gjeld fleksitid, så eg er jo eigentleg utruleg heldig.

Kor ofte tenker du på at det er skattebetalarane sine pengar du forvaltar?

Eg føler at riktig svar bør vere «ofte,» men eg trur eit meir riktig svar er «nesten aldri». Eg fokuserer på at pengane skal bli brukt på ein god, forsvarleg og effektiv måte, så sjølv om eg ikkje tenker direkte på at det er skattebetalarane sine pengar, så trur eg at eg fokuserer på det som er forventa – og krevd – av skattebetalarane. Eit litt snikete «politiker-svar» der, altså.

«Byråkrati», «byråkrat» og at noko er «byråkratisk» er nærast blitt til skjellsord i Noreg. Byråkratar vert ofte skulda for å vere trauste og keisame. Er dei det?

Dersom du ser ein byråkrat arbeide, så er det ubeskriveleg keisamt og traust. Det er mykje PC-skjerm, skriving, notat, Excel-ark, bla, bla, bla, snork! Eg trur alle andre yrkesgrupper er meir spanande å sjå på. Men, når byråkraten forlèt PC-skjermen sin, då trur eg mange boblar over av kreativitet. Dersom du har stirra på eit Excel-skjema for lenge, då får du lyst til å arrangere papirflykonkurranse. Eller «pranke» ein kollega. Eller lage ein filmatisert påskekrim for kontoret. Då er byråkraten på sitt beste, meiner eg.

Er du stolt over å vere byråkrat?

Eg minnest godt at då eg var liten, sa Besten: «Du kan bli alt du vil her i livet, så lenge du ikkje blir byråkrat.» Byråkraten stod ikkje høgt i kurs i heimbygda i Stryn. Eg slit difor litt med å høyrest stolt ut når eg seier «eg er byråkrat,» men når eg utdjuper og fortel kva eg jobbar med – då er eg stolt, for eg har verkeleg trua på jobben vi gjer. Det trur eg nok Besten ville tenkt òg.

Kva sak engasjerer deg for tida?

Det er diverre fleire konfliktar som dominerer nyhendebilete om dagen, som engasjerer mange. Sidan dette intervjuet har vore ganske lettbeint skal eg ikkje grave for djupt i det, men 2024 teiknar til å bli eit utfordrande år der vi må håpe, og vil og arbeide for, at våpen blir lagt ned. Etter eit år i UNICEF Norge har eg fått eit sterkare bilete av korleis barn vert råka av konflikt, så dette engasjerer ekstra mykje.

Om du ikkje hadde vore byråkrat – kva er draumejobben?

Ingen avgrensing? Eg kunne gjerne vore toppidrettsutøver, kanskje til dømes skiskyttar, men det er eigentleg mest fordi eg har lyst til å delta i Mesternes Mester etter å ha lagt opp. Så er livet som forfattar ganske forlokkande. Kanskje ein omreisande skribent som kan skrive både skjønnlitterært og sakprosa. Litt som Hemingway – men utan alkoholproblema, depresjonen og den tragiske slutten. Ein Hemingway med godt humør som fekk lov til å delta i Mesternes Mester – då nærmar vi oss perfeksjon, men eg innser at det kanskje ikkje er ein jobb. Ja ja. Nærme nok.

På tampen: Kva er dine beste lesetips?

Eg er glad i å lese, og held som regel på med ei bok – med mindre eg er inne i ein «binge-periode» der eg er hekta på ein eller anna TV-serie. Og mitt aller beste tips er å setje av tid til å lese litt lengre bøker. Det er fort gjort å la seg «skremme» av ei lang og tjukk bok, men om det er ei god bok er det utvilsomt verdt det. I jula for nokre år sidan sette eg med ned med Johan Harstad si fantastiske «Max, Mischa og Tetoffensiven» og hadde ein av mine beste leseopplevingar nokosinne.

Veit du om ein byråkrat som bør vera med i spalta? Send ein e-post til post@panoramanyheter.no



Powered by Labrador CMS