Hellestveit meiner norske media bommar i si analyse av Iran-krigen: – Det er eit mykje større bilete her
Cecilie Hellestveit meiner USAs krig mot Iran inngår i ein langsiktig strategi og handlar om langt meir enn atomvåpen, Israel og Hormuzstredet. Ho er optimist.
I dagens episode av Verdensproblemer spør podkastvert og Panoramaredaktør Emil André Erstad folkerettsjurist og analytiker Cecilie Hellestveit om vi har misforstått krigen i Midtausten.
Svaret hennar er ja.
– Dette er stort og handlar om meir enn det som er hovudfokus i våre media, seier ho i episoden.
Ifølgje Hellestveit ser vi for mykje på dei enkelte konfliktane og for lite på dei lange linjene. For å forstå kva som skjer, må vi zoome ut.
– Del av ein større strategi
– Mange analysar påpeikar at krigføringa mot Iran var ei feilvurdering av amerikanarane. Kva er gale med den analysen?
Hellestveit meiner analysen blir for enkel. Etter hennar syn må den amerikanske krigføringa sjåast som del av ein langt større strategi.
– Amerikanarane sin krig, som starta 28. februar i år, ser ut til å ha vore ganske godt førebudd frå USA si side.
Planlegging og scenario for ein Iran-krig har vore diskutert i det amerikanske tryggingsapparatet i rundt 20 år.
– USA veit veldig godt korleis ein krig mot Iran kjem til å sjå ut.
Ho peikar på at USA har forsøkt å trekkje seg ut av Midtausten i fleire tiår.
– Dei har ikkje heilt klart å gjennomføre tilbaketrekkingprosessen. Det forårsakar veldig mykje av det som har skjedd dei siste ti åra, og spesielt sidan 7. oktober-angrepet på Israel og den etterfølgande dramatiske krigføringa på Gaza, på Vestbredden og i nabolanda.
Konflikten mellom USA og Iran har samtidig røter tilbake til tidleg på 2000-talet, då USA byrja å vurdere korleis landet kunne trekkje seg ut av regionen.
– Før USA kan trekke seg ut av Midtausten, må dei ha kontroll over Iran sitt atomvåpenprogram og Iran sine tentaklar i Midtausten.
I Hellestveit si analyse handlar krigen dermed om eit større spørsmål: Korleis skal Iran sameksistere med nabostatane i regionen på ein måte som gir tilstrekkeleg stabilitet?
Fleire konfliktar har smelta saman
Hellestveit meiner ein ikkje kan forstå utviklinga gjennom Iran-krigen åleine.
– Det som først var fleire ulike konfliktar, har no smelta saman til éin stor krig, seier ho.
Ho peikar på Gaza, Israel, Iran, Vestbreidda og nabolanda som delar av eit større konfliktbilete.
– Alt dette har gått frå å vere forskjellige konfliktlinjer til å bli eitt stort vepsebol som har trekt med seg heile verda.
Særleg på grunn av Hormuzsundet som påverkar den globale økonomien.
– No har vi ein situasjon som har eskalert voldsomt, kor stadig fleire tunge aktørar har ei interesse av at dette handterast på ein måte som verda kan leve med.
For Hellestveit er dette det store biletet som lett forsvinn når merksemda blir retta mot éi enkelt hending eller éin konflikt.
Kva vil USA eigentleg oppnå?
Ho meiner difor at det er for tidleg å konkludere med at USA berre har gjort ei feilvurdering og hamna i ein krig dei ikkje var førebudde på.
Hellestveit understrekar også at årets krigføring mot Iran er ein annan krig enn den USA blanda seg inn i året før, då Israel gjekk til angrep på Iran.
– Min analyse av USAs krigføring mot Iran er at den handlar om meir enn Hormuzstredet og skjebnen til det iranske regimet. For å forstå kva som eigentleg går føre seg, må vi zoome ut.
Kva USA faktisk ønskjer å oppnå, meiner ho er uklart med vilje.
– For ei stormakt som driv krigføring er tvetydigheit veldig viktig. Dersom folk blir for klar over kva du vil oppnå, er det mange som vil gjere mykje for å øydeleggje for deg. Det er ikkje meininga at vi skal forstå kva krigen handlar om.
Ho meiner likevel at enkelte mål er tydelege:
– Det handlar om atomvåpen, om å avgrense Irans kapasitet til sjøss og Irans cyberkapasitet.
Eit nytt Midtausten?
Den større analysen hennar handlar også om kva som kan kome etter krigen.
Hellestveit meiner utviklinga kan peike mot eit nytt regionalt sikkerheitssystem.
– Personleg trur eg dette vil lande ein stad og eg trur det er riktig at avgjerdene om korleis dette skal lande, treffast i få hovudstadar med mykje innflytelse.
Ho peikar på at regionale alliansar er i endring, og viser mellom anna til samarbeid mellom India og Israel, og mellom Pakistan, Tyrkia og Saudi-Arabia.
Det kan gi dei regionale atommaktene, India og Pakistan, ei større rolle i Midtausten.
Hellestveit ser for seg at eit slikt regionalt sikkerheitssystem kan gjere mellomstatleg krig vanskelegare fordi det blir for farleg. Kanskje kan det også bidra til å hindre atomopprusting i regionen, meiner ho.
Poenget hennar er at slike endringar blir vanskelege å få auge på dersom ein berre ser på dei enkelte krigane.
– Når ein skal snakke om kva som eigentleg går føre seg og utsikta mot ei løysing, må ein sjå det i ein større samanheng.
I den store samanhengen
På spørsmål om hennar analyse er for optimistisk med tanke på konsekvensane for blant anna folkeretten, svarer Hellestveit at ho ikkje nødvendigvis meiner at folkeretten er i ferd med å bryte saman.
– Amerikanarane følger reglane i stort, men bruker anledninga til å presse reglane fordi dei ønsker at det skal sjå litt annleis ut. Det er problematisk, men betyr ikkje at reglane kollapsar.
Ho meiner også at måten krigen føregår på, i stort er i samsvar med folkeretten.
– I alle krigar er det brot på folkeretten, men i forhold til kor mange land som er med i krigen og kor mykje ammunisjon som er brukt, er det relativt låge tapstal. Hadde ikkje statane heldt seg til reglane, skal eg love deg at dette hadde sett heilt annleis ut.
Mot slutten av episoden spør Erstad kva Hellestveit meiner er det største verdsproblemet.
Ho peikar på at den omfattande konflikten i Midtausten kan vere eit sidespor i den større utviklinga.
– Vi er i ein farleg situasjon. Eg må seie meg einig med Donald Trump som har sagt at det som går føre seg i Midtausten er eit «side-show». I den store samanhengen, trur eg også det.
– Til det store showet som er?
– Korleis vi kan handtere ei så kompleks verd når vi i tillegg får teknologi som vi ikkje forstår.