Marte Heian-Engdal om norsk fredsdiplomati:
– Tid for å sjå seg i bakspegelen
Norge har brukt tiår på å bygge ein posisjon som fredsnasjon. No meiner historikar Marte Heian-Engdal at det er på tide å spørje seg kva arbeidet faktisk har ført til.
– Personleg meiner eg at det er umogleg å sjå på det som skjer i Gaza i dag og seie at Norge har lukkast i sitt oppdrag. Det er ei forferdeleg katastrofe for millionar av menneske. Det betyr ikkje at det ikkje har vore verdifulle ting som har vore gjort undervegs.
Heian-Engdal meiner ikkje at norsk fredsdiplomati kan erklære siger. Likevel vil ho halde diskusjonen om kva Norge faktisk kan få til, i live.
Dagen etter lanseringa av boka Et helsikes oppdrag møter Panorama Nyheter historikaren.
Ho skriv ikkje om eit miljø ho berre kjenner frå utsida. I fleire år var ho sjølv tilsett i Noref.
– Eg er oppteken av at debatten om norsk fredsdiplomati må ramme fleire nivå enn berre «fred», seier ho.
Dessutan må den inkludere fleire deltakarar. Boka er eit forsøk på det.
– For folk flest er det umogeleg å lene seg inn i diskusjonen utan å vite kva som er forsøkt og utan å ha sett kva ein kan få til. Etter å ha lese boka håpar eg at folk gjer seg opp si eiga meining: vi må spørje oss kva det er vi kan få til, om vi synest det er verdt det eller om ein bør velje ei anna linje.
I bakspegelen
Heian-Engdal ser at handlingsrommet som opna seg for Norge ved Berlinmurens fall er – om ikkje lukka – mykje mindre i dag. Verda har endra seg og Norge si rolle har endra seg med den.
– Eg ville skrive denne boka fordi det er riktig tidspunkt å sjå seg i bakspegelen.
Historia forstod ho raskt at ho ville pakke ut gjennom den pensjonerte toppdiplomaten, Tor Wennesland.
– Dette er ikkje ein person som har lukkast med alt. Eg synest det er meir spennande med ein slik karakter. Han er ikkje ein polert person eller eit glansbilete, men eit heilt menneske som har satsa og tapt – som har gått på smellar slik vi alle gjer, men som reiser seg og held fram.
Boka følger Wennesland gjennom fire tiår som «fredsdiplomatiets handverkar» frå han kom inn i utanrikspolitikken gjennom den norske kyrkja på 70-talet til han gjekk av som FN-diplomat i 2025 midt under katastrofen i Gaza og med den internasjonale regelbaserte ordenen i ruinar.
– For meg viser forteljinga ein dualitet mellom håp, optimisme og pågangsmot, opp mot tragedie og feilsteg. Verda er ikkje så lett å redde.
For tett på?
Heian-Engdal og Wennesland trefte kvarandre første gong i 2008 då Wennesland var sjef til mannen til Heian-Engdal. Sidan har dei hatt sporadisk profesjonell kontakt gjennom forskingsprosjekt og møter i samband med at Heian-Engdal har jobba i Noref. Dei har aldri jobba saman.
– Kritikarar vil seie at du har vore for tett på. Kva seier du sjølv?
– Det er ei fornuftig innvending og eg ville nok tenkt det same sjølv. Kanskje er det ein dårleg posisjon for ei røff og ærleg omrøring i diskusjonen:
– Samtidig: Er det ikkje dumt dersom det at du har vore med på noko skal diskvalifisere deg frå det å ha ei meining om det? Eg jobbar ikkje i Noref lenger og har ikkje noko å vinne på dette. Eg er kritisk til delar av bransjen og positiv til andre. Ingen fortel meg kva eg skal meine eller synest.
– Så du synest ikkje du er for tett på sjølv?
– Nei.
Heian-Engdal er oppteken av radikal openheit. Det som kan oppfattast som interessekonflikt av andre, meiner ho sjølv at ho har gjort greie for i boka.
– Det er ingen hemmelegheit at eg er ein tilhengar av norsk fredsdiplomati og synest det er ein bra ressurs som vi ikkje bør gi oss med.
Til kritikarar som meiner at Heian-Engdal manglar journalistisk brodd, svarar ho:
– Eg ser ikkje på meg sjølv som journalist eller på dette som eit journalistisk arbeid. Det er ei forteljing om ein person som reiste ut i verda på våre vegne. Eg stiller spørsmål ved kva vi kan lære av det og håper boka er starten på ein betre diskusjon om norsk utanrikspolitikk og særleg norsk fredsdiplomati.
Dei krevjande historiene
Boka skildrar eit mylder av prosessar og episodar i Wenneslands liv. To episodar stikk seg ut for Heian-Engdal.
– Det mest krevjande var samtalen med Wennesland om hans personlege oppleving av 22. juli.
Begge sønene var involverte – ein på Arbeiderpartiets kontor i Oslo og ein på sommarleir på Utøya. Begge overlevde.
– Som forfattar blir ein var på at ein har hamna i eit anna menneske sitt verste minne. Dette er openbert eit stort traume for han og hans familie sjølv om det er enda verre for mange andre familiar.
Heian-Engdal er mest oppteken av Wennesland som yrkesperson, men denne delen skjær med tonen i resten av boka.
– Sjølv om 22. juli gir eit innblikk i ei nasjonal tragedie, så var det også unekteleg personleg for Wennesland.
Den andre delen som stikk seg ut for forfattaren er Wenneslands arbeid med Kongo-saka som han kanskje oftast er forbunden med. I denne saka opererte Tor Wennesland i moralske gråsoner då han trossa UD-leiinga og brukte den korrupsjonsmistenkte, israelske diamanthandlaren, Dan Gertler, som hemmeleg døropnar for å redde livet til Joshua French.
– Eg var ikkje i utgangspunktet så oppteken av denne saka og synest på ein måte at det er skrive for mykje om den allereie. Likevel enda eg opp med å bruke mykje tid på det sjølv. Å skrive om Tor utan å inkludere Kongo-saka var ikkje eit alternativ.
I boka kan det verke som at Heian-Engdal flyttar mykje av æra, som tidlegare blei gitt Wenneslands etterkommar Arild Øyen, over til Dan Gertler og Wenneslands metode.
– Arild Øyen kjem ikkje så godt ut av denne boka?
– Eg veit ikkje om eg er einig i at Øyen ikkje kjem godt ut av boka. Eg trur innsatsen hans absolutt var avgjerande, men at det kanskje var fleire ting som spelte ei rolle enn det som blei kommunisert på pressekonferansen i etterkant. Eg har aldri forstått kvifor det er viktig at ein person skal ha all æra. Eg trur verken Dan Gertler, Wennesland eller Øyen har den.
Ingen konklusjon
I epilogen skildrar Heian-Engdal ein pensjonert Wennesland som ser 40 års arbeid gå opp i flammar.
Men boka gir ingen fasit på om norsk fredsdiplomati har vore ein suksess eller ein fiasko.
– Eg har ingen konklusjon.
Ho har likevel eit bilete av mannen ho har brukt fire år på å forstå:
– Tor er av oppfatninga at det alltid er rett å prøve. Han gir seg aldri og har eit kraftig pågangsmot og vilje. Eg er fascinert av at han i eit nederlag enda med å tenkje på mogelegheitene. Det er ein skikkeleg fin menneskeleg kvalitet, men også ein utruleg viktig ingrediens for norsk diplomati, seier Heian-Engdal.