Den lange reisa heim
DILI (b-a): Militsgrupper i Vest-Timor held framleis 100.000 austtimoresiske flyktningar i jarngrep. Soldatar valdtek kvinner og spreier frykt og pro-indonesisk propaganda i leirane. Berre dei sterkaste flyktningane greier å rømma.
Dei kraftlause orda kjem stille og stotrande:
- Eg er redd. For at innbyggjarane i landsbyen min skal banka meg opp. Heldigvis lever nokre familiemedlemmer enno. Eg vonar verkeleg at dei vil ta seg av meg.
Antonio dos Santos stryk rastlaust den grove handa over kjaken. Morgonrauden kveikjer dei grå skjeggstubbane i det brune andletet hans. Augo er mørke; 59-åringen har ikkje sove stort dei siste døgna. I mange dagar har dos Santos og dei 496 andre flyktningane på Patrica Anne Hotung vore på reise for å koma seg vekk frå dei kummerlege leirane i Vest-Timor. Den siste etappen var ei 14 timar lang sjøreise i natta frå den vesttimoresiske hamnebyen Kupang. I det solkula klauv horisonten i aust, kunne det kvite kinesiske skipet leggja til kaia i Dili.
Antonio dos Santos måtte reisa frå den vesle maisavlinga han hadde dyrka i flyktningleiren. Då han fekk plass på Patrica Anne Hotung, tenkte han at det var no eller aldri. Ei høne var alt han berga. Ho kviler på dekket, fastbunde til rekkverket med ein kvit taustump. Dei mange ungane spring mellom vasskanner, risbøtter og plastposar med klede. Dei kvervlar opp ei stram lukt av dyr og trøytte, sveitte og skitne kroppar.
Redd for hemn. Antonio dos Santos var berre ein av dei mange hundretusen austtimoresarane som måtte flykta frå Aust-Timor i 1999. Den historiske folkerøystinga 30. august det året, der eit overveldande fleirtal stemde for sjølvstende frå Indonesia, drukna i blod. Militsen, med open støtte frå den indonesiske hæren, sette i gang ein valdsorgie som kosta minst 800 menneske livet og som dreiv tre fjerdedelar av folket på flukt - opp i fjella eller til flyktningleirar i Vest-Timor.
- Militsherjingane var skremande. 5. september bestemte eg meg for å flykta med ein militærbåt til Kupang, fortel Antonio dos Santos. I Kupang har dos Santos budd i ein av dei 247 ulike flyktningleirane som den indonesiske hæren bygde opp over heile Vest-Timor sommaren 1999. Indonesarane planlagde desse leirane og la deportasjonsplanar. Samstundes rekrutterte dei austtimoresar til pro-indonesiske militsgrupper. Det vart ein folkehær som under heile valkampen fram mot folkerøystinga dreiv utbreidd terror og truga sine eigne landsmenn på livet om dei røysta for lausriving frå Indonesia.
Antonio dos Santos grip fastare kring skipsrekkverket. Han skodar mot dei mange hundre landsmennene, flest menn, som har samla seg ved inngangen til hamna. Under oppsyn av væpna FN-soldatar stirer dei mot flyktningskipet. Dei ser etter familie og vener, men også personar som skal straffast for ugjerningane sine. Antonio dos Santos vik unna dei kvasse blikka. Han let seg nemleg verva til det indonesiske politiet på Aust-Timor som er ansvarleg for eit ukjent tal overgrep under okkupasjonen. Dos Santos er no spent på korleis familien og folka i landsbyen hans utanfor Dili vil ta imot han.
Vanskeleg forsoning. - Dei er mange som vil hemna seg på quislingane, seier Bjørg Fredriksen som i mange år har arbeidd for FN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR), det siste halvanna året på Aust-Timor.
- Mange austtimoresarar har sjølvsagt vanskeleg for å tilgje angrande militsmedlemmer som har drepe sambygdingar og brent ned husa deira. For å få til forsoning samlar me innbyggjarane i landsbyen til samråd der den skuldige må be om orsaking for ugjerningane og ta straffa si, fortel Fredriksen der ho overvakar lossinga av mais, ris og andre eigedelar. Den energiske sørlandskvinna fortel at repatrieringa er særs tidkrevjande. UNHCR har arbeidd intenst i fire veker berre for å få desse flyktningane tilbake til Aust-Timor.
- Nokre flyktningar kjem aldri tilbake, fordi dei vil bu i Indonesia. Andre ventar på kva som skjer på Aust-Timor. Ei tredje gruppe vil fyrst hausta avlingane. Dessutan spreier militsen rykte om at den austtimoresiske fredsbevarande styrken mishandlar kvinner som vender tilbake, at dei stel eigedelane, langar dop og at internasjonale hjelpearbeidarar spreier aids. Alt dette er sjølvsagt skitprat, seier Bjørg Fredriksen oppgitt.
Purunge sexslavar. Mellom 50.000 og 100.000 flyktningar bur framleis i leirane i Vest-Timor. Militsgrupper held mange av leirane i eit jarngrep. Dei bruker denne makta for alt ho er verd. Soldatar har tenåringsjenter som sexslavar. Ei av desse jentene er Juliana dos Santos som nettopp har fylt 16 år. I 1999 var ho ei av dei få overlevande etter den grufulle massakren i katedralen i byen Suai. Militsen drap 200 menneske; dei skaut eller hogg dei uskuldige i bitar med macheteknivane sine. Juliana dos Santos såg militsleiar Igidio Mnanek myrda broren sin før ho vart dregen med til det militære hovudkvarteret der soldatar valdtok henne etter tur. Militsleiar Mnanek tok henne deretter til ein flyktningleir i Vest-Timor som krigstrofé. Der gjekk ho som sexslave, vart med barn etter eitt av dei mange seksuelle overgrepa og fødde ein son i november i fjor.
Store vanskar. UNHCR har teke opp situasjonen til dos Santos og dei mange andre kvinnene som er i hennar situasjon med indonesiske styresmakter. Sjølv om indonesarane har forsikra FN-utsendingane frå tryggingsrådet om at dei arbeider for å sleppa fri desse unge kvinnene, finst det ingen prov på at dei har gjort noko konkret med sakene. Regjeringa i Jakarta har store vanskar med å kontrollera og instruera dei eigenrådige hæravdelingane som utstyrer militsgjengane med våpen og mat.
Militsgruppene har også terrorisert dei internasjonale hjelpeorganisasjonane. I september i fjor vart tre UNHCR-hjelpearbeidarar frå Etiopia, Kroatia og USA i den vesttimoresiske grensebyen Atambua drepne på bestialsk vis.
- Det internasjonale samfunnet må halda fram med å leggja kraftig press på Indonesia slik at dei ryddar opp i leirane og avvæpnar militsen, oppmodar Bjørg Fredriksen.
Smertefull forsoning. Austtimoresarane står no føre eit tøft rettsoppgjer og ein smertefull forsoningsprosess. Dei har i det halvanna året som har gått sidan dei grufulle herjingane i 1999, vist vilje til å tilgje, men krev samstundes rettferd. Drapsmenn, torturistar og kriminelle skal dømmast og sona straffa si. Dette veit Antonio dos Santos der har står på skipsdekket som gløder under sola i senit. Dos Santos viftar rastlaust med den raude og svarte Umbro-skuggehua si, men sveitten sildrar like fullt nedover nasen. Han losnar tauet frå rekkverket og fiskar opp høna og ei halvtom vassflaske. Det er hans tur. Antonio dos Santos festar skuggehua før han går ned landgangen og inn i dei kvite UNHCR-bussane. Væpna panserbilar eskorterer han og dei andre flyktningane ut frå hamna, gjennom havet av mistruiske augo, inn i ein ny kvardag, i eit Aust-Timor som reiser seg frå branntomtene.