Den indiske statsministeren er ikkje ein mann som vaklar. Han veit kva rolle han – og India – skal spele i verda, skriv ansvarleg redaktør Emil André Erstad i denne kommentaren.

Kommentar:

Narendra Modis glasklare blikk

Verda ser nesten heilt annleis ut frå Dehli enn frå Oslo. Og vi bør alle lese det indiske verdskartet. 

Publisert Sist oppdatert

Dette er ein kommentar. Meiningane i teksten er skribenten sine eigne.

Det er hardt, klart og nesten urovekkande fokusert. Den indiske statsministeren verkar ikkje som ein mann som vaklar. Han veit kva rolle han skal spele.

Då norsk, indisk og internasjonal presse møtte opp til pressemøtet med Modi og Jonas Gahr Støre i regjeringas representasjonsbustad måndag ettermiddag, sa fleire av dei indiske journalistane i rommet at dei aldri hadde vore tettare på Modi enn akkurat der.

Han stod berre nokre få meter unna.

Norge som utkant på verdskartet

Støre og Modi kasta lovord over kvarandre og over dei forsterka norsk-indiske relasjonane. Noreg og India skal samarbeide tettare om handel, teknologi, klima, forsking og utvikling. Besøket var også historisk: Ikkje sidan 1983 har ein indisk statsminister vore på offisielt besøk til Oslo.

Det er lenge sidan Indira Ghandi og kong Olav snakka saman på Bygdøy kongsgard i 1983.

For nordmenn flest er India framleis ein stad langt borte, sjølv om norske og indiske flagg vaia side om side i gatene denne veka.

Men landet som Modi representerer, er ikkje perifert.

På det indiske verdskartet er det vi – og Europa – som ligg ute i kanten.

India er verdas mest folkerike land, ei teknologisk stormakt, ein økonomisk gigant på veg oppover – og ein stat med stadig større sjølvtillit og tydelegare krav til korleis omverda skal behandle landet.

Etter pressekonferansen snakka eg med professor Torkel Brekke frå MF, som gjennom heile si akademiske karriere har forska på hindunasjonalisme, religion og politikk i India. Han peika på at Modis besøk må forståast mot eit større geopolitisk bakteppe: India stolar mindre på USA enn før, og strekker difor handa ut til andre maktsentrum – ikkje minst Europa.

Det handlar ikkje berre om høflege statsbesøk og grøne samarbeidsavtaler. Det handlar også om at India vil ha fleire hestar å spele på i ei verd der gamle alliansar er blitt meir usikre.

India har heilt sidan sjølvstendet i 1947 vore opptekne av å ikkje binde seg for tett til éi blokk. Landet vil ha autonomi, handlefridom og rom til å balansere mellom stormaktene. Difor kan India kjøpe russisk olje, samarbeide med USA, snakke med Europa og samstundes halde døra open mot Kina.

Frå Oslo kan det sjå prinsipplaust ut.

Frå Delhi kan det sjå ut som realpolitisk overleving.

Brekke peikar også på at India under Modi er blitt eit anna politisk land. BJP har ikkje berre vunne val. Partiet har sett eit sterkt hindunasjonalistisk preg på staten, samla meir makt og gjort Modi til ein av verdas mektigaste politikarar. India er framleis eit demokrati, men eit demokrati der liberale rettar, pressefridom, minoritetar og kritiske røyster er under sterkare press.

Det er noko av dette Norge må forstå når Modi kjem til Oslo.

«Krigane i Vest-Asia»

Han kjem ikkje hit med lua i handa som representant for eit fattig land i det globale sør, men som leiar for eit land som ikkje lenger vil vere passiv mottakar av vestlege løysingar. India vil sjølv vil vere med på å levere løysingar – til Europa, til det globale sør og til verda.

Modis blikk på verda er eit anna enn Støres blikk.

India har ingen norsk tradisjon for å fordømme krigar i aust og vest etter same moralske mal. Landet kjøper russisk olje, samarbeider med USA, konkurrerer med Kina, snakkar med Europa og tek ei stadig tydelegare leiarrolle i det globale sør.

Difor var det verdt å lytte nøye då Modi snakka om «krigane i Vest-Asia».

Det er regionen vi vanlegvis kallar Midtausten. Frå Delhi ser han annleis ut. Han ligg tettare på indiske interesser, indiske arbeidarar, indisk energi og indisk tryggleik.

Også Ukraina-krigen plasserte Modi i eit anna kart. Frå Oslo er krigen i Ukraina sjølve prøven på Europas tryggleik og ei regelstyrt verdsorden. Frå Delhi kan han lettare omtalast som ein regional krig i Europa – ein konflikt Russland og Ukraina, og den europeiske regionen, sjølve må finne ei løysing på. Under Oslo-besøket sa Modi at partane må setje seg ned saman og finne ei løysing på krigen.

Samarbeid for milliardar av menneske

Fleire av avtalene som blei inngått under besøket, er meir interessante enn den vanlege høgtidelege talen om «gode bilaterale relasjonar». Den kanskje mest framtidsretta avtala blei signert i Norad-bygget, av utviklingsminister Åsmund Aukrust. Det var ei avtale om digitalisering og felles digital offentleg infrastruktur.

India har dei siste åra bygd digitale fellesløysingar i enorm skala: digitale ID-system, betalingsløysingar og offentlege plattformer som kan knyte menneske til banktenester, velferdsordningar, helsetenester og offentleg informasjon. Når Norge og India no vil samarbeide om slike løysingar i tredjeland, handlar det potensielt om system som kan påverke livet til millionar – kanskje milliardar – av menneske.

Avtala som blei signert under Modi-besøket, er ny. Men ho byggjer på eit norsk-indisk digitalt samarbeid som alt har fått konkrete utslag i Etiopia.

I Etiopia har den same typen digital offentleg infrastruktur fått svært konkrete følgjer. Landet sitt nasjonale ID-system, Fayda, byggjer på den indiskutvikla MOSIP-plattforma – eit digitalt fellesgode Noreg har vore med på å finansiere. Verdsbanken skreiv i februar 2025 at over 12 millionar menneske var registrerte, og at prosjektet har som mål å gi digital ID til 90 millionar menneske, inkludert flyktningar.

For mange handlar det ikkje berre om eit nummer i ein database, men om tilgang til bankkonto, sosialstønad, helsetenester, utdanning og offentlege tenester. Seinare tal frå Verdsbanken viser at registreringa har halde fram i stort tempo: I september 2025 var over 25 millionar innbyggjarar registrerte i Fayda-systemet.

Tydelegare kan det knapt seiast: Modis India er ikkje lenger ein passiv mottakar av norsk bistand. India er blitt ein offensiv og ressurssterk samarbeidspartnar i utviklingspolitikken.

Det er eit stort skifte.

Samstundes er det viktig å hugse at digital infrastruktur også handlar om makt. Om kven som eig data. Om kven som får tilgang. Om kven som blir synleg for staten – og kven som kan bli overvaka, kontrollert eller stengd ute.

Difor bør Noreg møte India med både audmjukskap og årvakne auge.

Det siste er ikkje uviktig når samarbeidspartnaren heiter Narendra Modi.

Kritikken mot Modi på heimebane

For det er nesten svimlande å tenkje på kor mektig Modi er blitt som politikar. Han er elska av mange indarar, ikkje minst blant hindunasjonalistar, for å ha løfta Indias posisjon i verda og gitt landet eit økonomisk og teknologisk sjølvtillitsløft.

Men han er også djupt kritisert.

I India har rommet for pressefridom, opposisjon og minoritetar blitt trongare. Menneskerettsorganisasjonar og pressefridomsforkjemparar har lenge ropt varsku. For muslimar og andre minoritetar er utviklinga under Modi blitt langt meir utrygg.

På pressemøtet i Oslo ville ikkje Modi svare på spørsmål. Han gjekk tilsynelatande av scena utan at nokon fekk høve til å utfordre han – bortsett frå Dagsavisens Helle Lyng Svendsen, som ropte etter Modi og spurde kvifor han ikkje ville svare på spørsmål frå den friaste pressa i verda. 

Dei indiske journalistane i rommet gjorde ikkje det same.

Det var ikkje vanskeleg å forstå kvifor.

I eit India der journalistar, intellektuelle, komikarar og kritikarar kan møte trakassering, truslar og politisk press, kan eit slikt spørsmål få konsekvensar lenge etter at statsministeren har forlate Oslo. 

Torkel Brekke skildra i podkastintervjuet med Panorama nettopp korleis ytringsfridom, media, NGO-ar og kritiske røyster er under press i dagens India.

Det er dette som gjer Narendra Modis blikk så interessant – og så utfordrande.

Verda ser annleis ut frå Delhi enn frå Oslo.

Delar av det bør Norge lære av, men openbert ikkje alt.

Powered by Labrador CMS