Det er Etikkrådet som ser på etiske spørsmål, seier Nicolai Tangen. Det er ikkje lenger godt nok, skriv ansvarleg redaktør Emil André Erstad.

Kommentar:

Det er typisk norsk å vere krigsprofitør

Altfor lenge har Oljefondet fått halde det gåande i eit rom utanfor politikken. Debatten om investeringane i Israel og andre stader høyrer betre heime i stortingsvalkampen enn Etikkrådets møterom.

Publisert Sist oppdatert

Dette er ein kommentar. Meiningane i teksten er skribenten sine eigne.

Det er faktisk mogleg å seie noko positivt om at Norge har tent fleire hundre millionar kroner på investeringar i israelske selskap som produserer teknologi brukt til å bombe Gazastripa.

Men det faktum at aksjekursen i Bet Shemesh Engines Holdings har auka med over 630 prosent sidan Oljefondet kjøpte seg inn, er ikkje blant desse tinga. Endå mindre at selskapet har som hovudoppgåve å vedlikehalde F-15- og F-16-fly og Apache-helikopter – dei same maskinane som har påført det palestinske folket uuthaldeleg smerte. Berre lyden av desse flya har skapa traumer som vil sitje i generasjonar.

Mykje tyder på at dagens modell gjer det mogleg for Oljefondet å skyve det vesle, underdimensjonerte og overarbeidde Etikkrådet framfor seg.

Emil André Erstad, ansvarleg redaktør

Når etikk ikkje tener pengar

At fondet har gjort dette med opne auge, gjer det ikkje betre. Oljefondets primærlogikk har vore klar: å maksimere profitt – uavhengig av kva det kostar andre.

Nei, det einaste positive med FriFagbevegelse og Aftenpostens avsløring denne veka, er at norske veljarar endeleg kanskje har fått augo opp for at Oljefondets investeringar er djupt problematiske. 

Og at Oljefondets investeringar er politikk i aller høgste grad.

Derfor høyrer denne avsløringa heime i ein stortingsvalkamp. Kanskje endå meir då denne valkampen teiknar til å bli den valkampen i vår generasjon der globale spørsmål står høgast på dagorden.

Vi burde ikkje vere overraska

Avsløringa burde ikkje sjokkere nokon. For faktum er: Finansdepartementet vart varsla allereie i juni, då FriFagbevegelse meldte at Oljefondet var inne i israelske selskap som sel dronemotorar og overvåkingskamera til det israelske flyvåpenet.

Den gongen skapte ikkje FriFagbevegelse sine avsløringar store sjokkbølger. 

Kanskje fordi nyheiter om investeringar i den etiske gråsona har blitt regelen, heller enn unntaket. Å maksimere avkastning handlar av og til om å gjere det ingen andre ville gjort. Når folk spring vekk på grunn av uro og krig, skal den gode investoren springe i motsett retning.

Nicolay Tangens jobb nummer ein er ikkje å vinne etikkprisar, men å tene pengar. Det er politikarar, og indirekte veljarane, som må definere kva grenser som skal gjelde.

Det same mønsteret igjen og igjen

I juli melde til dømes Panorama nyheter om ein internasjonal rapport der Oljefondet fekk kritikk for sine investeringar i Kasakhstan, der kinesiske selskap fondet er investert i, øydelegg grunnvassreservane. Det er heller ikkje lenge sidan Oljefondets investeringar i afrikansk oljeindustri vart kalla nykolonialistiske. Tidlegare har fleire av fondets investeringar i Myanmar vore under sterk kritikk, før det vart gjort vedtak om uttrekk. Fleire hundre andre døme kunne vore lista opp.

Men berre eit fåtal av fondets nærare 9000 investeringar har fått merksemd i offentlegheita. Min spådom? Vi kjem til å sjå fleire slike saker i tida framover. I ei verd prega av krig, konflikt og klimaendringar, blir det vanskelegare å tene pengar utan å bli medskyldig i noko ubehageleg – med mindre ein politisk bestemmer seg for det.

Då må fleire enn dei spesielt interesserte i menneskerettsbransjen melde seg på.

Eit vendepunkt?

Aftenpostens avsløring verkar likevel å ha endra dynamikken. Opposisjonen krev svar. Både Erna Solberg og fleire andre partileiarar ber om ei utgreiing frå Finansdepartementet. Statsminister Jonas Gahr Støre har på si side peikt på Norges Bank og Etikkrådet.

Men det har ikkje stansa kritikken. For kritikken går djupare enn kven som visste kva – og handlar om sjølve systemet.

Etikkrådet – ei praktisk blindgate

Etikkrådet har blitt ein praktisk ventil for moralsk ansvar, men det er feil adresse for sinnet mot investeringane i den israelske krigsmaskina. Mandatet dei har fått, er nærast umogleg å oppfylle. Då rådet vart oppretta i 2004, forvalta fondet investeringar i 3000 selskap. I dag er talet tredobla – nesten 9000.

Rådet møtest éin gong i månaden og har eit knøttlite sekretariat. Det seier seg sjølv at dei ikkje kan overvake tusenvis av selskap i sanntid, spesielt i ei verd prega av eskalerande konfliktar og raske endringar.

Likevel gir denne mangelen på kapasitet rom for fondssjef Nicolai Tangen til å seie, som han gjorde til E24: «Det er Etikkrådet som ser på etiske spørsmål.» Det viser kor upolitisk sjølvbiletet til Oljefondet har blitt – og kor lett det er å bruke Etikkrådet som skjold mot kritikk.

Mykje tyder på at dagens modell gjer det mogleg for Oljefondet å skyve det vesle, underdimensjonerte og overarbeidde Etikkrådet framfor seg.

Difor er det politikarane som må ta stilling. Og det fine er: Dei stiller til val 8. september. Det gjer verken Etikkrådet eller Nicolai Tangen.

Emil André Erstad, ansvarleg redaktør

Norges fremste utanrikspolitiske verkemiddel

Sjølv om ingen ønsker seg eit statleg pensjonsfond kor stortingsrepresentantar og statsrådar sit og kikkar porteføljeforvaltarane over skuldra, er det ingen tvil om at det knapt finst større utanrikspolitiske verkemiddel i Norges hender enn Oljefondet.

Då Russland invaderte heile Ukraina i 2022, trekte regjeringa investeringane frå russiske selskap – utan å spørje Etikkrådet først. Det var politikk, ikkje etikk.

Også i 2022 peikte Sverdrup-utvalet på at det er vanskeleg å oppretthalde eit reint skilje mellom fondet og norsk utanrikspolitikk. Dei føreslo å opprette eit ekspertråd – utover Etikkrådet – til å kontinuerleg vurdere det geopoltiske biletet og utanrikspolitisk risiko, samt å styrke fondets interne kompetanse på det geopolitiske området. 

Det er tydeleg at det ikkje har skjedd i tilstrekkeleg grad.

Stortinget må ta styringa

Derfor blir det underleg når finansminister Jens Stoltenberg no seier han ventar på ei vurdering frå Etikkrådet – innan 20. august. Det er ingenting som tilseier at rådet kan levere ei heilskapleg vurdering av investeringane i den israelske krigsøkonomien innan då.

For investeringane er ikkje berre enkeltaksjar – dei er del av eit system. Eit økonomisk maskineri der teknologi, okkupasjon og militærmakt heng tett saman. Sjølv investeringar som ikkje direkte støttar krigen, kan indirekte bidra til å halde han gåande.

Her er det dermed rom for at norske politikarar som stiller til val kan avgjere kva dei vil gjere med investeringar i den israelske krigsøkonomien. 

Difor er det politikarane som må ta stilling. Og det fine er: Dei stiller til val 8. september. Det gjer verken Etikkrådet eller Nicolai Tangen.

Powered by Labrador CMS