
Kommentar:
Nordmenn trur på ei verd som ikkje lenger finst
Det er oppsiktsvekkande at norske veljarar knapt har tatt innover seg at verda er blitt farlegare, skumlare og meir autoritær.
Dette er ein kommentar. Meiningar i teksten er skribentens eigne.
Det mest oppsiktsvekkande med Nupis undersøking om veljarane sine utanrikspolitiske haldningar i valåret 2025, er nettopp tala som manglar.
Nupis undersøking viser at fleire meiner utanrikspolitikk spelar inn på kva parti dei stemmer på – 39 prosent i år, mot 24 i 2021. Likevel er talet lågt, gitt den alvorlege situasjonen verda står i.
Vi nordmenn ser ut til å klamre oss til førestillinga om at verda er tryggare og meir regelstyrt enn ho i verkelegheita er.
I sommar las eg Giuliano da Empolis nye bok Rovdyrenes tid (førebels berre tilgjengeleg på dansk og engelsk). I den listar den italiensk-sveitsiske Sciences Po-professoren opp mange grunnar til at den regelbaserte verdsordenen vi har styrt etter sidan 1945, i stor grad er borte.
Vi er tilbake i ein tilstand der rå makt styrer verda.
I den norske stortingsvalkampen har det knapt blitt diskutert. Det ser også ut til å ha gått nordmenn flest hus forbi – skal vi tru Nupis tal.
Dagens conquistadorar
Forfattaren og statsvitskapsprofessoren da Empoli samanliknar situasjonen med conquistadorane som gjekk i land i Mexico for fem hundre år sidan. Då mennene til Hernán Cortéz erobra den sørlege delen av det amerikanske kontinentet, skjedde det ikkje ved bruk av like rå og brutal makt som mange av oss tenker at det gjorde.
Forfattaren skildrar korleis den aztekiske herskaren Moctezuma 2. samla rådgjevarane sine etter landgangen, og diskuterte korleis dei skulle forhalde seg til dei uventa gjestene utanfrå.
Det var så mange ulike oppfatningar og motstridande vurderingar om kven Cortéz sine menn eigentleg var, og kva som var den beste måten å møte dei, at Moctezuma 2. bestemte seg for den velbrukte politiske strategien om å ikkje gjere noko som helst.
Han tapte alt.
Høyrest strategien kjend ut? Det er nesten så ein skulle tru at Moctezuma 2. har vore ein av Nupis respondentar.
Giuliano da Empoli meiner i alle fall at politikarane i vestlege demokrati – i møte med nye fenomen og samansette trugslar – har gjort akkurat som aztekarkeisaren på 1500-talet: «Konfronteret med ilden og tordenen fra internettet, sociale medier og kunstig intelligens har de underkastet sig, i håb om at en smule av tryllestøvet vil lande på dem selv. Jeg har ikke tall på hvor mange gange jeg har overværet disse rituelle ydmygelser. De gentager sig på nøjaktig samme måde overalt. Oligarken træder ud af sit private jetfly, gnaven over at skulle spilde sin tid på en forældet stammehøvding når han i stedet kunne have brugt den på en eller anden nyttig posthuman bestræbelse. Efter at have modtaget ham med promp og pragt bruger politikeren det meste af deres korte samtale på at bønfalde ham om at skænke et forskningscenter eller et AI- laboratorium og ender med at stille sig tilfreds med en hastig selfie».
Status quo-folket i ei uroleg verd
Akkurat som med Moctezuma 2. og hans underdanige møte med conquistadorane, har ikkje politikarane klart å temme dei nye kreftene. Litt etter litt har nye krefter hevda sitt herredømme i verda. «Rovdyrenes tid står for døren», skriv da Empoli.
Difor er kontrasten til Nupis funn slåande. Dei norske veljarane sitt bilete av verda er nesten spegelvendt av da Empolis.
I Nupis undersøking er det heller ingenting som tyder på at veljarane er spurt om kunstig intelligens, teknologiselskap eller slike aktørar sin makt over den andre verda – dei trugslane som da Empoli skildrar som dei desidert største i kompaniskap med autoritære leiarar og klimatrugselen.
Hovudforteljinga i Nupis talmateriale er at vi nordmenn seier at vi bryr oss om verda – men vi meiner omtrent det same som før. Akkurat det bør skape grunn til uro og bekymring blant dei som har ansvaret for Norges rolle i verda.
Nupi kalla i 2021 rapporten sin om nordmenns haldningar for «status quo-folket i en internasjonal brytningstid».
Det var godt sagt då, og ei vel så treffande skildring på gjennomsnittsnordmannen anno 2025.
For lite utanrikspolitisk usemje
For også denne gongen er det Nupi-forskarane sitt inntrykk at denne tendensen står ved lag, med eitt stort unnta: Synet på USA. No ønsker berre éin av fire meir samarbeid, medan nesten halvparten vil ha mindre. Skepsisen mot Kina aukar også. Men dette er små justeringar i forhold til kor dramatisk verda har endra seg.
Undersøkinga stadfestar eit sentralt grunnproblem: Vi innbiller oss at det rår semje om den norske utanrikspolitikken, og at det difor ikkje trengst debatt. Men i røynda har partia ikkje vore så usamde om Norges rolle i verda på fleire tiår.
Det er som om vi ikkje har fått med oss det stemningsskiftet som har gått føre seg rundt oss.
Til dømes er det i utgangspunktet positivt at Nupis rapport viser at 52 prosent av veljarane vil oppretthalde eller auke norsk bistand, eller at 62 prosent vil oppretthalde eller auke norsk klimainnsats for verda.
Men, det er også eit slags symptom på at nordmenn vil spele rolla som eit moralsk, solidarisk føregangsland i ei verd som ikkje lenger premierer moral, men rå styrke – om vi skal tru den dystre Giuliano da Empoli.
Det er denne manglande evnen til å forstå verda rundt oss (om vi skal tillate oss å lese Nupi-rapporten så strengt) som er problemet. Vilje til solidaritet, å skape utvikling og eit positivt engasjement utanfor Norges landegrenser er viktige verdiar, men dei står på ustø grunn om vi ikkje gjer ein rett analyse av kva verd Norge skal spele ei slik rolle i.
Det var derfor verd å merke seg ein annan stjerneakademikar som var i Oslo denne veka. Rutger Bregman – mannen bak bøkene Folk flest er gode (2019), Utopia for realister (2017) og den nye boka Moralske ambisjoner (2025) – sa at han var i Norge med mål om å rope «varsku her». Det var i alle fall slik han formulerte seg under eit møte hos Tankesmien Agenda måndag kveld.
Bregman sa rett ut at det er viktig at eit land som Norge melder seg på i det som skjer i verda no, men då er det eit minstekrav at vi forstår alvoret.
Risikerer å vakne i ei rovdyrtid
I Giuliano da Empolis bok er FN redusert til kulisser der slitne statsleiarar spring i korridorane og held talar ingen lyttar til, medan den reelle maktbruken skjer med bombene over Beirut, Gaza og Kherson.
Han skriv også om kvifor krigen er kome på moten igjen. I nokre tider er det lettare å forsvare seg enn å angripe. Vi er komne inn i eit historisk rom der logikken er at det er billegare og lettare å angripe. Vi er i rovdyrlogikkens tid.
Når nordmenn ser ut til å meine at verda er uendra, viser det at vi ikkje har teke innover oss at ein del av grunnpremissane i verdspolitikken er endra.
Det er fint at fleire norske veljarar meiner utanrikspolitikken er blitt viktigare, men framleis er haldningane så slappe at det gir inntrykk av at vi står på trygg grunn, og at vi framleis lever i ei regelstyrt verdsorden.
Derfor er det ikkje heilt fjernt å samanlikne norske veljarar med ein saueflokk. Dei er som kjend lette bytte for ulvar og andre rovdyr.