Det var ein gong ein utviklingsminister frå KrF som heitte Dag Inge Ulstein og som presenterte regjeringa sin nye handlingsplan mot diskriminering på bakgrunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og kjønnskarakteristika.

Kommentar:

Ting eg gjerne skulle ha spurt KrF-leiaren om

Dersom KrFs internasjonale solidaritet har forsvunne like mykje frå partiets politikk som frå Ulsteins retorikk, er det mange også utanfor partiet som bør gå i seg sjølv.

Publisert Sist oppdatert

Dette er ein kommentar. Meiningar i teksten er skribentens eigne.

Ein av dei mest interessante retoriske snuoperasjonane i norsk politikk denne valkampen, er det KrF-leiar Dag Inge Ulstein som har stått for. 

Det kan òg vere den som får størst konsekvensar for Norges rolle i verda – dersom borgarleg side vinn valet.

Ulsteins spektakulære endring

Mannen som tidlegare var utviklingsminister, og som snakka om verdas fattige på inn- og utpust, har denne valkampen knapt nemnt utviklingspolitikk, bistand eller internasjonal solidaritet.

I den grad Ulstein har sagt noko om internasjonale spørsmål i valkampen, har det handla om at han ikkje vil fordømme Israels krigføring på Gazastripa. Han har også meldt seg på debatten om Oljefondet og Etikkrådet ved å seie at han er mot at fondet skal brukast til «posering».

Mange har tatt det for gitt at KrF kjempar for Norges internasjonale ansvar i borgarlege regjeringskonstellasjonar. Felles for mange av desse er at dei ikkje har stemt KrF.

Eit anna illustrerande døme er at ein organisasjon som Helsingforskomiteen i førre valkamp gav KrF ein av dei beste karakterane på menneskerettspolitikken, men i år plasserte partiet på jumboplass.

Vi treng ikkje gå lenger tilbake enn til debatten om Støre-regjeringas budsjett i fjor for å finne ein heilt annan Ulstein. Då var eitt av hovudbodskapa hans at regjeringa svikta verdas fattige ved å kutte bistandsprosenten.

Om dette berre er ein retorisk manøver, eller om KrF faktisk har endra politiske prioriteringar, får vi først svar på ved eit eventuelt regjeringsskifte.

Travle partileiarar

Panorama nyheter har denne valkampen prøvd å få partileiarane i tale om globale spørsmål. 

Med unntak av Guri Melby (V), Arild Hermstad (MDG), Kirsti Bergstø (SV) og tidlegare Raudt-leiar Bjørnar Moxnes, har det vore vanskeleg.

Ulstein har vore øvst på lista vår nettopp på grunn av snuoperasjonen vi har observert. Likevel har vi ikkje fått han i tale – trass gjentekne forsøk.

Vi forstår at valkampen er toppidrett for partileiarar og at Panorama nyheter ikkje er øvst på kommunikasjonsplanen – men sjølv Jonas Gahr Støre (Ap) og Ine Eriksen Søreide (H) har funne tid til korte intervju.

Ta på alvor Frps utanrikspolitikk

Spesielt påfallande er det kanskje at den einaste partileiaren som i debatt etter debatt har snakka om bistandspolitikk – riktig nok har ho berre snakka om at ho vil kutte i det ho kallar «sløsing» – ikkje har ville stille til ein einaste debatt eller intervju om å utdjupe temaet

Frp og Sylvi Listhaug ligg an til å bli det største partiet på borgarleg side og Listhaug har statsministerambisjonar. Vi skuldar oss sjølv og veljarane å ta partiets utanrikspolitikk på alvor, men då må partiets leiar kunne svare oss på enkle spørsmål.

Til dømes: Kva endringar vil vi sjå i Utanriksdepartementet dersom Frp endar opp med utanriksministerposten? 

Det er nok vel så sannsynleg som at Listhaug blir statsminister.

Våre spørsmål til Ulstein

Så er det Ulstein og spørsmåla eg gjerne skulle stilt han, om eg fekk han i tale:

  • Kva skjedde med Dag Inge Ulstein som tidlegare snakka brennande om internasjonal solidaritet?

  • Trur du ikkje lenger det løner seg å løfte fram bistandspolitikk i ein norsk valkamp?

  • Har KrF fått så lite igjen for å stå opp for verdas fattige i borgarlege regjeringssamarbeid, at de no har valt å teie om det?

  • Kva terskel må Israel krysse før han fordømmer krigføringa og tar folkeretten skikkeleg i forsvar – slik eg mistenker at han ville gjort då han var utviklingsminister?

Mange har tatt det for gitt at KrF kjempar for Norges internasjonale ansvar i borgarlege regjeringskonstellasjonar. Felles for mange av desse er at dei ikkje har stemt KrF.

Dersom partiet no har lagt frå seg denne rolla, er det ikkje berre KrF som bør gå i seg sjølv. Også dei som brenn for internasjonal solidaritet og Norges rolle i verda, har grunn til å reflektere over om dei kunne gjort meir for å støtte KrFs tidlegare strategi.

For det er grunn til å tru at KrFs rolle i norsk utanrikspolitikk er endra gjennom denne valkampen. Det kan få store konsekvensar.

Powered by Labrador CMS