Anestesilege, Stian Vilberg Hallèn, behandlar ein ebolapasient for første gong, men denne er ikkje ekte.

Dette skjer hvis ebola kjem til Norge

Medan ebolautbrotet i DR Kongo eskalerer, førebur Oslo universitetssjukehus seg på å kunne ta imot ebolapasientar i Norge. 

Publisert Sist oppdatert

Fem helsearbeidarar i store, gule smitteverndrakter omringar Amina på isolatposten på Ullevål sjukehus.

Helsearbeidaren har fått påvist ebolavirus etter å ha behandla ein pasient for det same viruset på eit sjukehus i DR Kongo.

Ebola

Ebola er ein alvorleg virusinfeksjon som gir blødingsfeber.

Det finst fem kjente Ebolavirus der bundibugyoviruset er eit av desse.

Dei siste 20 åra har det vore registrert rundt 20 offisielle utbrot av ebola i Afrika. Blant desse var berre to Bundibugyo-virus: Uganda 2007 til 2008 og DR Kongo 2012.

Menneske kan bli smitta av dyr eller frå person til person gjennom direkte kontakt med blod og andre kroppsvæsker frå sjuke.

Inkubasjonstida kan variere frå 2 til 21 dagar. I denne perioden er ein ikkje smittsam.

Kilde: FHI

Ho er sløv og pustar for dårleg. Blodet surnar og det er avgrensa kor lenge ho kan vere i denne tilstanden før hjartet og andre kritiske funksjonar tar skade.

Ho sluttar å puste.

No står det om liv og død.

Anestesilege, Stian Vilberg Hallèn, pumpar luft inn i lungene hennar manuelt. Saman med teamet legg han henne i narkose og respirator.

Det er risikabelt med så sjuke og svake pasientar, men potensielt livreddande for kvinna.

Ei simulering

– Timeout, vi har eit teknisk problem, ropar Kristine Mørch-Winther som er fasilitator for ebolasimuleringa på Ullevål denne veka.

Spelet blir sett på pause.

Amina er ikkje ekte. Ho er ei dukke. Ein case som helsepersonell på Oslo Universitetssjukehus skal øve seg på. 

Casen er 25 år frå Kongo og er på sjukehuset saman med barnet sitt på åtte månadar. Begge har fått påvist ebolavirus. 

Sjølv om dette var ei øving, er sannsynet for at helsepersonell frå Oslo universitetssjukehus må stå i den same situasjonen med ein ekte ebolapasient betydeleg større enn for berre nokre månadar sidan.

Kvar helsearbeidar er ei brikke i det store spelet. Dei avhenger av kvarandre til alt frå påkleding til pasientbehandling.
Helsepersonell i gul beskyttelsesdrakt sitter på isolatposten ved Ullevål.
Sjukepleiar Thuan Kenny Vo tek seg ein pust i bakken før han entrar isolasjonsrommet.
Personell i gule beskyttelsesdrakter står på et gulv ved en slukrist.
– Det vanskelegaste er draktene, seier anestesilege, Stian Vilberg Hallèn.

Medan øvinga går føre seg aukar intensiteten på utbrotet av den sjeldne ebolavarianten Bundibugyo i DR Kongo. Utbrotet er ukontrollert og det finst ingen vaksine.

Per 5. september var det ifølgje Leger utan grenser 3175 menneske bekrefta døde og 6604 bekrefta smitta i landet. Også i Uganda var det registrert 20 smitta og to døde før utbrotet blei erklært over i juli. 

Dødelegheita har så langt lege på 48 prosent. 

Duggdekket rundt vindu inn til isolatposten, med en person synlig bak glasset.
Helsearbeidarar ved Oslo universitetssjukehus vil stå i frontlinja dersom ebolaviruset kjem til Norge. Der har dei vore før, og dit kan dei kome igjen.

Som det einaste sjukehuset i landet med nasjonal beredskap for høgrisikosjukdommar må Oslo universitetssjukehus og høgsikkerheitsisolatet på Ullevål vere førebudd på å ta imot slike pasientar. Uansett kvar dei dukkar opp i landet, hamnar dei her til slutt.

Det er sjeldan. Siste tilfelle av ebolavirus var i 2014.

Akkurat difor er det viktig å øve med jamne mellomrom. Det gjer dei rundt tre gonger årleg.

– Å handtere ein intensivpasient kan vi veldig godt. Det er alt rundt vi må trene på, seier beredskapssjukepleiar for høgkonsekvenssmitte, Ove Bøe-Fjogstad som arrangerer øvinga saman med sim-senteret ved sjukehuset.

På isolasjonsrommet

I ein vanleg situasjon har sjukepleiar Ingrid Otterlei Åsemyr frå infeksjonssengeposten som regel god oversikt.

Inne på isolasjonsrommet er situasjonen ein annan.

Ved høgrisikosmitte må helsepersonellet bruke smitteverndrakter. Det susar frå vifta som sørgjer for lufttilførsel, og dei tette draktene gjer det vanskeleg å høyre kvarandre.

Slik ser kommunikasjonen stort sett ut inne på rommet. Sjukepleiarane Anna Bakke Johansen og Ingrid Sørgjerd står heilt tett.

– Vi må snakke høgt, stå nærme og sjå kvarandre i auga for å forstå kva som blir kommunisert oss imellom, seier Åsemyr.

Alt som skal inn på rommet under isolasjon, må gjennom eigne sluser og smittevernrutinar. Det tek tid.

Sjølv ein så enkel ting som eit glas vatn og ein paracet kan dermed bli ei utfordring.

– Pasienten er tørst, og vi har ingen kopp her, seier infeksjonslege Ingrid Olsen høgt ut i rommet.

To helsearbeidere i gule vernedrakter arbeider ved et bord med medisinsk utstyr.
Sjukepleiar Ingrid Otterlei Åsemyr og infeksjonslege Ingrid Olsen forsøker å kartlegge kva dei må bestille inn av utstyr til rommet: – Det er frustrerande, seier Olsen om at det tek tid før pasienten får vatn og paracet.
Juan Carlos Dopico Montero informerer om utviklinga i pasienten sin helsetilstand frå sidelinja.
Operatør Christine Lorentze-Styr og fasilitator Kristine Mørch-Winther driv simuleringa framover.

Inne på isolatet finst det berre eitt samband ut. Beskjeden om eit glas blir sendt vidare – og gjenteken.

Likevel kjem ingenting.

Det tek 45 minutt før glaset dukkar opp i slusa.

45 minutt før Amina får sløkt tørsten og smertene lindra med ein paracet.

Når spelet blir verkeleg

På det mest dramatiske kan ein lett gløyme at dette er ei øving. 

Nokre helsearbeidarar ved sjukehuset har opplevd å stå der i eit verkeleg scenario. 

Arne Broch Brantsæter, overlege ved Infeksjonsmedisinsk avdeling, var med å behandle den siste ebolapasienten i Norge, feltarbeidaren Silje Lehne Michalsen, tilbake i 2014.

– Samanlikna med situasjonen i Afrika er det luksus å behandle ein ebolapasient her på sjukehuset. Her har vi alle ressursane vi treng tilgjengeleg, seier han.

Tidlegare same året var han i Guinea under det store ebolautbrotet der.

Overlege Arne Broch Brantsæter har behandla ebola både i Norge og i Guinea.

Der det i Norge var éin pasient med ebolasmitte innlagt på isolasjon i 2014 og ingen sidan, var det 10 pasientar innlagt samstundes på sjukehuset då Brantsæter jobba i Guinea.

– Det er veldig annleis å jobbe med ebola i ein afrikansk samanheng. Ein har ikkje same mogelegheit til å hjelpe pasienten.

Han forklarar at det gjeld alt mogeleg: frå medisinsk diagnostikk til intensivbehandling og varmt klima som gjer at det er vanskeleg.

Ebolapasientar blir ofte behandla på provisoriske behandlingssenter utafor etablerte sjukehus for å etablere gode rutinar for smittevern. Avansert intensivbehandling er vanlegvis ikkje mogeleg. 

– Heldigvis kan mange liv bli redda ved å gi enklare behandling som erstatning etter tap av væske, oksygentilføring og behandling av symptom som feber og hovudverk, seier han. 

Då Brantsæter drog ifrå Guinea våren 2014 såg det ut som at utbrotet var i ferd med å ebbe ut.

– Eg reiste heim med trua på at situasjonen var under kontroll og på veg til å gå over. Der tok eg grundig feil, seier han.

I ettertid blussa det kraftig opp og ebolautbrotet i Vest-Afrika blei det største nokon gong.

– Det er kjempedramatisk

– Er det realistisk at det kan kome ebolapasientar til Norge igjen i nærmaste framtid?

– Ja, seier Bøe-Fjogstad.

Helsearbeidarar frå Norge som reiser med organisasjonar som Leger Uten Grenser og andre hjelpeorganisasjonar til DR Kongo utgjer den største risikoen for å bringe smitte tilbake til Norge.

Det var også slik Michalsen fekk viruset i 2014. 

Leger og sykepleiere øver på ebolabehandling ved Oslo universitetssykehus Ullevål.
Beredskapssjukepleiar Ove Bøe-Fjogstad har ansvaret for øvinga og mange ballar i lufta denne veka. Her på kontrollrommet.

Likevel er ikkje Bøe-Fjogstad bekymra for eit stort utbrot.

– Hadde det kome smitte hit ville det truleg vore veldig kontrollert. Eg kan aldri tenke meg at vi ville fått ein ebolapandemi i Norge, seier han.

Med forferdelege bilde av utbrotet i DR Kongo, forstår han redselen for viruset.

– Det ser kjempedramatisk ut, og det er kjempedramatisk, men det er viktig å tenke på at DR Kongo har eit anna helsesystem enn Norge. Vi har heilt andre føresetnader for å faktisk klare å handtere viruset og at det skal gå bra.

Slusevaktene Andrea Bogen og Marius Iversen er til hjelp for kollegane inne på isolatet. Dei hentar og leverer nødvendig utstyr.

Ei bekymring har han likevel:

– Det er svært ressurskrevjande for sjukehuset å ha ein ebolapasient. Det vil gå utover andre pasientgrupper, forklarar han.

Ressurskrevjande

Rundt 60 helsepersonell frå avdelingar på både Ullevål og Rikshospitalet deltek på øvinga denne veka.

– Målet er at det er dei som ville hatt ansvaret for behandlinga i verkelegheita som skal trene i simuleringa også, seier Bøe-Fjogstad.

Når helsearbeidarane arbeider med ebolapasienten blir dei frigjort frå sine vanlege arbeidsoppgåver. 

Eit team rundt éin pasient består av to sjukepleiarar inne på rommet, ein ansvarshavande sjukepleiar utanfor, ein som hentar og leverar utstyr, og minst éin som tek seg av på- og avkleding av smittevernutstyret. I tillegg kjem legar og støttepersonell frå mellom anna laboratorium og røntgen.

– Dette er minimum. Kor mange som må hentast inn og frå kva avdelingar kjem an på pasienten og status på denne, seier Bøe-Fjogstad. 

Smittevrensdraktene kan halde lenge, men dei opererer med ei øvre grense på to timar inne på isolasjon, mest på grunn av komfort. 

Helsepersonell i vernedrakter behandler en spedbarnsdukke under en ebolaøvelse.
Barnet til Amina er åtte månadar og blir behandla samstundes som mor av eit team frå barneintensiven.

– Pasientane blir truleg liggande i fleire veker. Vi går som regel over til 12-timars vakter for å oppretthalde drift.

Ullevål sjukehus kan i teorien handtere opp til seks pasientar samstundes. 

– Når dette er så ressurskrevjande her, korleis kan eit afrikansk sjukehus med ein brøkdel av ressursane klare å behandle viruset på ein god måte?

– Fordelen som mange afrikanske sjukehus har, og som vi ikkje har, er erfaring med desse pasientane. På den andre sida er vi svært privilegerte med dei ressursane vi har tilgjengeleg.

– Særleg på vårt sjukehus har vi fasilitetar som til og med fleire europeiske land ikkje kan konkurrere med, seier Bøe-Fjogstad.

Godt førebudd

Tilbake på isolasjonsrommet er Amina og barnet etter ei vekes tid på betringens veg.

Det mest alvorlege er over. Pasientane er framleis svake, men dei blir friske.

På det meste har det vore ti helsearbeidarar inne på isolasjonsrommet med pasientane samstundes.

Øvinga har vore så ekte som ein kan få det. Inkludert kaoset.

Helsepersonell i gult verneutstyr behandler en pasient på en isolatpost.
Intensivsjukepleiar, Simen Skolsmo, følger opp pasienten. Som i dette tilfellet er ei øvingsdukke.

– Ein oppdagar svakheiter som ein ikkje kan føresjå berre ved å lese prosedyrar og teori, seier Bøe-Fjogstad.

I starten tok det tid å finne ut av ting. Utover dagen går samhandlinga betre. Etter kvart blir helsearbeidarane vande med draktene, kommunikasjonen på isolatet og rutinane rundt smittevern.

Sjukepleiar Ingrid Otterlei Åsemyr seier øvinga var intens, men at ho likevel føler seg førebudd på å ta imot ebolapasientar. 

– Vi har utruleg flinke legar og sjukepleiarar. Eg føler isolatposten er klar for å ta imot det som skulle kome.

– Kvifor er det viktig med slike øvingar?

– Verda blir mindre og mindre, så det er viktig å vere klar.

Norge og ebola

Norge bidreg på fleire måtar i kampen mot ebola blant anna ved å: 

  • Finansiere og støtte WHO, Røde Kors og andre aktørar. 

  • Bidra med kompetanse og personell.

  • Investerer i vaksineutvikling og beredskap som GLOBVAC, Gavi og CEPI.

Kilde: Regjeringen.no

Powered by Labrador CMS