Kong Haakon VIII sitter på en utsmykket tronstol, mens kronprinsesse Ingrid Alexandra står ved siden av i Stortinget.
Kong Haakon VIII avla ed på Stortinget onsdag 1. september. Som konge vil han få avgrensingar for sitt personlege engasjement.

Mange år med internasjonalt engasjement har gitt stort nettverk: 

– Vil komme Norge til gode

I fleire tiår har det nye kongeparet engasjert seg i fattigdom, utvikling, hiv, aids og internasjonalt samarbeid. No skal dei ta med seg erfaringane inn i ei ny rolle der omsynet til norske interesser set tydelegare grenser, seier TV 2 sin kongehusekspert, Ole-Jørgen Schulsrud-Hansen.

Publisert Sist oppdatert

– Alt for Norge betyr å kjempe for at alle i Norge skal ha mogelegheit til å leve frie liv.

– Det inneber også eit ansvar for at vi som nasjon bidrar positivt i verda.

Det sa kong Haakon i sin første tale til folket etter sin fars død. 

Han framheva Norge si rolle i verda og løfta fram demokrati, likeverd og fellesskap som verdiar han ville bere vidare i si gjerning. Ikkje ulikt sin forgjengar. 

Det internasjonale engasjementet til den nye kongen strekk seg langt tilbake. 

I fleire tiår har han arbeidd med spørsmål knytt til utvikling, fattigdom, klima og hav.

Også dronning Mette-Marit har bygd ein internasjonal profil, mellom anna gjennom arbeid mot hiv og aids.

TV 2 sin kongehusekspert Ole-Jørgen Schulsrud-Hansen meiner det internasjonale engasjementet er i Noregs interesse.

Gjennom mange år i feltet har det nye kongeparet bygd eit stort internasjonalt kontaktnett.

– Det vil kome Norge til gode, seier han. 

Person med krøllete hår og mørk genser står med armene i kors foran fargerike gardiner.
TV 2 sin kongehusekspert Ole-Jørgen Schulsrud-Hansen

At ein har eit kongepar som ønsker å ta del i Norges engasjement i utlandet gjer at ein kan opne dører som ingen andre får opna ifølge kongehuseksperten.

– For dei har aktivt valt denne vegen sjølv?

– Det stemmer. Det er absolutt ei aktiv deltaking og den har vore akseptert frå statsapparatets hold. 

Schulsrud-Hansen meiner at engasjementet likevel ikkje nødvendigvis berre kjem av personleg interesse. Det kjem også som eit følge av Noregs ønske om å ha ein plass i verda og å spele ei rolle internasjonalt.

– Det er heilt riktig at dei har eit stort engasjement, men det kjem som ei naturleg følge av at også Norge har hatt eit mykje større internasjonalt engasjement.

Han peiker på at dette ikkje begynte med kong Haakon.

– Kong Harald begynte i si tid å leie næringslivsdelegasjonar rundt om i verda. Han sa også til UD: «Gi meg beskjed om kvar de vil ha meg, så drar eg dit.»

Nye perspektiv

Vegen mot det internasjonale engasjementet starta tidleg for kong Haakon.

Då han som kronprins skulle velje si utdanning, landa valet på University of California, Berkeley, der han tok ein bachelor i statsvitskap. 

Kronprins Haakon Magnus poserer framfor Berkeley i 1996.

NRK besøkte kronprinsen på campus. Han fortalde om korleis møte med menneske frå ulike delar av verda gav han nye perspektiv på både internasjonale konfliktar og utfordringar i Noreg.

– Du kjem under huda på konfliktane i verda fordi du kjenner folk frå begge sider og du kjenner folk frå ei side med veldig forskjellig oppfatning av kva ein bør gjere med det. Ein får eit innblikk i mangfald.

– Når eg er i utlandet fortel eg folk om norge. Då har eg ofte ønskt å seie kor bra vi har det, sa han til NRK. 

Samtidig meinte han at Norge framleis hadde mykje å jobbe med.

– Når det gjeld kvinnesak, det å respektere homofile og begge kjønn, diskriminering. Det er ikkje noko vi har jobba oss ferdige med. Det er ein prosess som vi kanskje ikkje jobbar nok med ein gong i Norge. Når eg snakkar med utlendingar om desse tinga så ønsker eg å dra heim og forsøke å forandre dette slik at eg kan seie kor fint Norge er om 20 år.

I 1999 blei han uteksaminert frå Berkeley. 

Same året tok han fatt som praktikant ved Noregs FN-delegasjon i New York, der han mellom anna følgde arbeidet i Generalforsamlinga sin tredje komité.

To år seinare heldt han fram i det internasjonale sporet då han følgde UD sitt aspirantkurs.

Smilende portrett av kronprins Haakon foran et verdenskart.
Kronprins Haakon på sin første dag på Utenriksdepartementets aspirantkurs.

Ein felles veg

Etter kvart blei det internasjonale engasjementet også eit felles prosjekt for kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit.

I samband med deira bryllaup oppretta dei Kronprinsparets Humanitære Fond som skulle støtte utviklingsprosjekt i utlandet og ungdom i Norge. I 2012 blei det omdøpt til Kronprinsparets Fond med ny strategi om å hovudsakleg styrke innsatsen for norsk ungdom.

Året etter bryllaupet flytta kronprinsparet saman til London for å studere utviklingsspørsmål. Kronprinsen på London School of Economics (LSE) og kronprinsessa på School of Oriental and African Studies (SOAS).

– Dette er noko som opptek oss begge, og difor har vi lyst til å lære meir om det.

– Vi ønsker også å lære for å kunne jobbe meir med dette i vårt virke seinare, i forbindelse med fondet eller i eit meir langsiktig arbeid i ein organisasjon, sa kronprinsen til Dagbladet den gong. 

Han tok ein mastergrad i utviklingsstudium med fordjuping innan internasjonal handel og Afrika. Kronprinsesse Mette-Marit tok samstundes eksamenar i utviklingsemne.

Ho var også hospitant i Norad i tre månader, med særleg fokus på hiv og aids, eit fokus som skulle følge henne vidare.

FN-ambassadør

På spørsmål om kva saker som har oppteke kongeparet svarar Schulsrud-Hansen:

– Det er det internasjonale samarbeidet ikkje minst. Ein skal ha kontakt med kvarandre og ta del i samtalar. FN har også vore spesielt viktig. 

I 2003 blei kronprins Haakon utnemnd som goodwillambassadør for FNs utviklingsprogram, UNDP. Det har han vore sidan.

Seinast i 2025 signerte den dåverande kronprinsen ei ny toårig kontrakt som skulle gå ut i 2027. 

Tidlegare denne veka melde Panorama Nyheter at kongen no sluttar som ambassadør for UNDP:

UNDPs øvste leiing har takka både Hans Majestet Kongen og Kongehuset for samarbeidet.

– Han har vore ein av dei lengstsittande UNDP-ambassadørane vi har hatt. Han har også vore ein av dei mest synlege, fortalde Toril-Iren Pedersen, direktør for Global Policy Centre for Governance i Oslo, til Panorama Nyheter.

Som goodwillambassadør har kronprinsen hatt eit særleg fokus på FNs tusenårsmål og seinare også FNs berekraftsmål med spesielt engasjement for berekraftsmål 1 (fattigdomsutryddelse) og 14 (livet i havet).

Han har vore på mange utviklingsrelaterte reiser, inkludert feltreiser til blant anna Jamaica, Kenya, Tanzania, Haiti, Nepal og Guatemala.

– I alle desse landa har han lagt stor vekt på at han først og fremst ønsker å møte lokalsamfunn, seier Pedersen.

Kronprins Haakon på besøk i Tanzania som goodwill-ambassadør for UNDP. Her er han på Hungumalva-marknaden i Mwanza ved Victoriasjøen.

Kampen mot hiv og aids

Dronning Mette-Marit har på si side i fleire år og samanhengar arbeidd med hiv- og aids-problematikk.

Sigrun Møgedal, lege, tidlegare rådgivar i FNs felles aidsprogram (UNAIDS), har jobba tett på dronninga i arbeidet med denne tematikken. 

– Det var lokalt i Oslo at kronprinsessa sitt engasjement vaks fram. Rett og slett «på golvet» i ulike samanhengar der ho fann ein stad ho som frivillig kunne gi nærvær, saman med dei som kjende seg utestengt og stigmatisert, fortel ho til Panorama Nyheter.

Kvinne med briller og mønstret kåpe står på en gangvei ved et anleggsområde.
Sigrun Møgedal, lege, bistandsarbeidar, politikar og ambassadør for aids og globale helseinitiativ.

Den dåverande kronprinsessa kom til Norad for å lære om det internasjonale hiv- og aids-arbeidet som då sto høgt på den norske bistandsagendaen. Samarbeidet med UNAIDS sto sentralt.

I 2006 blei ho utnemnd som UNAIDS sin nye spesialrepresentant.

– Som rådgivar i UNAIDS og etter kvart norsk «Aids-ambassadør» fekk eg gleda av å følge arbeidet hennar, seier Møgedal.

– Ho ville vere engasjert på ein måte som kunne bidra til handling. Det var møter med den enkelte, ærlege og opne samtalar i grupper og utveksling av idear om vegar vidare, som bar hennar arbeid. 

Arbeidet innebar alt frå deltaking på store internasjonale aids-konferansar, reiser i land som Nicaragua og Ukraina, møter med unge jenter som bar med seg sjølvforakt og stigma, sprøytebrukarar og aktivistar, deltaking i rollespel og samtalar med landa sine leiarar.

– Engasjementet var tvers igjennom ekte. 

– Vårt samarbeid gikk begge vegar. Vi inspirerte kvarandre og kunne bidra saman, seier Møgedal. 

Ho understrekar at spesielt engasjementet for ungdom hadde stor betydning. Der drog kronprinsessa lasset før UNAIDS kom etter og lét seg engasjere.

Saman med eit nettverk av ungdom som ho hadde knytt kontakt med, inviterte ho til to konferansar for ungdomsleiarar i Oslo i 2008 og 2009. Dette var hennar initiativ og det var ho sjølv og ungdommane som stod for planlegging og leiing. 

– Vi frå Aids-teamet i UD og Norad fekk vere med som støttespelarar. UNAIDS følgde sidan opp med å etablere «HIV Youth Mentorship Hub».  

Kronprinsesse Mette-Marit på den 18. internasjonale aids-konferansen i Wien i 2010.

I nye roller

Schulsrud-Hansen påpeiker at kong Haakon også har engasjert seg og fått kritikk. Den har han tatt til etterretning.

Han var blant anna med å starte Global Dignity, eit initiativ som skulle få ungdom til å diskutere menneskeverd og verdigheit. I Norge blei dette blant anna til Global Dignity Day, som blei arrangert på skular. 

Kronprinsen fekk kritikk for å blande roller, ta fokuset vekk frå FN-dagen og Operasjon Dagsverk og å vere for politisk.

Som konge og dronning blir grensene endå tydelegare.

– Kan dei halde fram med å leve ut engasjementet i nye roller?

– Ikkje i så stor grad. Dei må ta mykje meir omsyn til kva Utenriksdepartementet tenker. 

Schulsrud-Hansen seier at kongeparet har gode rådgivarar som vil hjelpe dei med å finne ut kvar grensene går i dei nye rollene.

– Det som dei må tone ned er individuell aktivitet og initiativ som kan reflektere negativt på både kongehuset og Norge som nasjon. 

– Kongen seier i talen sin at «Alt for Norge» også handlar om eit ansvar i verda. Kva betyr det at han understrekar dette? Er det nytt å definere valspråket på denne måten?

– Det er nytt å definere valspråket på denne måten. I utgangspunktet er det folket som må definere korleis kongen oppfyller sitt valspråk, men det var absolutt ikkje negativt den måten kong Haakon definerte sitt eige valspråk. 

Men sjølv om kongen kan engasjere seg i verda, kan han ikkje bli politisk.

– Kongeparet kan aldri vere politisk, det ville gjort monarkiets eksistens vanskeleg å forsvare, med tanke på den samlande effekten vi ofte omtaler at den har, seier Schulsrud-Hansen.

Powered by Labrador CMS