Jonas Gahr Støre har sjølv engasjert seg sterkt for Moldovas framtid. Den framtida kan by på store problem etter søndagens val, skriv ansvarleg redaktør Emil André Erstad i denne kommentaren.

Kommentar:

Derfor er dette valet Europas viktigaste

Vi burde alle bekymre oss for kva som skjer dersom Moldova fell i hendene på Putins bakkemannskap.

Publisert Sist oppdatert

Dette er ein kommentar. Meiningar i teksten er skribentens eigne.

Søndag går moldovarane til valurnene. Måndag kan dei vakne til ei framtid som avgjer ikkje berre demokratiet i eige land, men tryggleiken i Europa – og frontlinjene i Ukraina.

Moldova får lite merksemd i norske medier. Likevel har landet vore ein del av norsk bistandspolitikk i fleire tiår. Sidan 2022 har Noreg gitt fleire hundre millionar kroner, særleg for å hjelpe med å ta imot ukrainske flyktningar. Statsminister Jonas Gahr Støre har personleg engasjert seg for Moldova som han meiner er særleg sårbart for russisk påverknad og hybrid krigføring.

To kursar, éin skjebne

Valet handlar i realiteten om to hovudkursar. På den eine sida står pro-europeiske PAS, leia av president Maia Sandu, som vil halde fram med rettsstatsreform, energiuavhengigheit og tettare samarbeid med EU, Ukraina og Romania. Sandu har hatt eit tett samarbeid med mange land i Europa, mellom anna Norge, som ho i fjor var på statsbesøk til.

På den andre sida står pro-russiske og populistiske alternativ, som lokkar med lågare prisar og «stabilitet», men som vil føre Moldova nærare Moskva og lenger bort frå Brussel.

Åtvaringane mot motpartens kurs er sterke: Begge sider hevdar på kvar sin måte at motpartens alternativ vil truge både levekårsutviklinga og sjølve freden og stabiliteten i landet. 

Det er eit djupt alvor som kviler over valet i det vesle landet. Derfor er moldovisk politikk akkurat no, ei forteljing om eit delt land og eit skjebneval – slik Panoramas team, som nyleg besøkte landet, fortalde i ein reportasje om splittinga.

Ukraina som første valtapar

Det mest akutte spørsmålet gjeld Ukraina. 

I Transnistria står russiske soldatar som kan nyttast til destabilisering og angrep mot Odesa-regionen. Eit maktskifte i Chisinau kan gje Kreml ein ny plattform for krigføring i EUs nærområde. Det kan gi fleire soldatar og meir våpen til utbrytarrepublikken Transnistria. Det kan gi krav om bruk av moldovske flyplassar i krigføringa. Den ukrainske millionbyen Odesa, berre 60 kilometer frå Moldova, står høgt på Putins ønskeliste. 

Held Moldova EU-kursen, styrkar det Ukraina sitt «bakrom» gjennom logistikk, etterretning og ein demokratisk buffer i sørvest.

Det er ikkje tilfeldig at tenketankar som CSIS og Carnegie skriv at Moldovas framtid er uløyseleg knytt til Ukrainas.

Demokratiet på prøve

Men valet er òg ein test av demokratiets evne til å stå imot ytre press. EU-venlege krefter har kjempa mot korrupsjon og oligarki. Samstundes har Kreml støtta rivalar med pengar, propaganda og falske nyheiter. The Economist har kalla Moldova eit «laboratorium for russiske skitne triks».

Panoramas team har vore tett på valkampen og har skildra korleis Putins nettroll spreier løgner og kaos for å undergrave tilliten til institusjonane.

Å vinne eit val her, på ope og ærleg vis, med etterprøvbar teljing, er symbolpolitikk i ordets beste forstand. Det handlar om å vise at rettsstat og reform kan slå tilbake sjølv under massivt press.

Pengar, prestar og propaganda

Reuters dokumenterte fredag før valet korleis Kreml mobiliserer den ortodokse kyrkja i Moldova som politisk verktøy: hundrevis av prestar på «pilegrimsreiser», sponsa med gåver og kontantkort, som i retur spreier anti-EU-bodskap. 

LHBT-rettar blir til dømes brukt aktivt som ei sak for å skape ein slags austeuropeisk «verdiopposisjon», på bekostning av minoritetsrettar. I den russisklojale utbrytarrepublikken Transnistria er rettigheitsorganisasjonar som jobbar for LHBT-rettar stempla som «utanlandske agentar».

Panoramas team møtte derfor fleire av dei som har grunn til å frykte konsekvensane av eit Putin-venleg styre. 

Lorlei Grigoritá fortalde korleis ho, som skeiv, ser valresultatet som avgjerande for om ho kan leve ope i eige land.

Tre scenario 

Moldova har i tiår vore prisgitt russisk gass. Dei siste åra har landet fått hjelp til å diversifisere, mellom anna gjennom tilkopling til Romania og støtte frå EU og Noreg. Likevel er energiforsyninga framleis eit sårbart punkt. Kutt og prisjokk har blitt brukt som politiske våpen for å svekke tilliten til pro-europeiske styresmakter.

Mykje står på spel, og dei tre mest sannsynlege utfalla kan listast opp slik:

  1. Klart pro-EU (PAS) fleirtal: Moldova får fart i reformene, startar EU-forhandlingar og styrkar Europa.

  2. PAS størst, men utan fleirtal: ustabil koalisjon, treig framdrift for demokratiprosjektet og EU-integreringa og større rom for russisk påverknad. 

  3. Pro-russisk koalisjon: kursendring i klar retning mot Moskva, press på institusjonar og minoritetar, og EU-integrasjonen blir lagt heilt på is.

Dei siste oppdateringane frå Chisinau tyder på resultatet i augneblinken er heilt ope. Eit viktig element er spørsmålet om Maia Sandus EU-venlege regjering har klart å halde på dei mange migrantarbeidarane sine stemmer.

Moldova er eit lite land, men valet kan få store konsekvensar for heile Europa. Det kan svekke Ukrainas kampkraft og sjølvtilliten til små demokrati i krysselden. 

Når moldovarane stemmer på søndag, er det difor ikkje berre Moldovas skjebne som ligg i potten. Det er også uhyre viktig for Norge, Europa – og framtida til det liberale demokratiet som styreform.

Powered by Labrador CMS