Fem år etter Dayton

Fem år har gått sidan krigen i Bosnia. Fem år sidan partane samla seg om ein fredsavtale, den såkalla Dayton-avtalen. Den slo fast at Bosnia-Hercegovina er ein einskapleg stat som utgjer to ulike delar innanfor internasjonalt godkjende grenser. Dei to delane er Bosnia-Hercegovina der fleirtalet av folkemengda er muslimar og Republikken Srpska med serbarar i fleirtal.

Men etter fem år er Bosnia-Hercegovina framleis ikkje ein suveren stat som fungerer på eiga hand og som samlar dei som bur i landet. Landet har blitt fullstendig avhengig av bistand, og mykje av ansvaret for det ligg hjå oss, hjå gjevarane, seier statssekretær Espen Barth Eide i denne utgåva av Bistandsaktuelt.

Bosnia-Hercegovina blir framleis styrt på grunnlag av Dayton-avtalen der den internasjonalt oppnemnde High Representative har vidtgåande fullmakter. Han har ofte brukt si makt til å tvinge gjennom politiske endringar og å kaste lokalt valde leiarar som handlar i strid med Dayton-avtalen. Med mangelen på eit berekraftig politisk system, utbreidd korrupsjon og omfattande kriminalitet ser det ut som det internasjonale samfunnet gjennom «High Representative» må belaga seg på å styre Bosnia-Hercegovina i mange år framover. Dessutan sit hatet mellom dei ulike folkegruppene framleis sterkt i og optimismen hjå dei unge som skal ta over landet, er ikkje stor.

Ei gruppe frå NORAD gjesta landet nyleg, og der blei me viste til ei fersk rundspøring blant eitthundre ungdomar. Spørsmålet var kvar dei såg seg sjølve om ti år. 93 av dei 100 svara at dei såg seg i eit anna land enn Bosnia-Hercegovina. Noko som klart syner manglande tru på framtida.

Hatet etter ein krig kan sjølvsagt ikkje viskast vekk på fem år. Det kan heller ikkje dei fysiske hindra folket i Bosnia- Hercegovina lever med til dagleg. Ein million miner er lagt ut i landet, 40 prosent av desse er det ingen som veit kvar er.

Foreldre i Sarajevo kan ikkje ta med seg barna på sundagstur i dei vakre åsryggane rundt byen av redsel for dei mange dødsminene. Slikt legg store avgrensinar på fridomen til kvar einskilt i Bosnia - Hercegovina.

Nokre lyspunkt er det likevel midt i skuggen frå krigen. Kommunevalet nyleg var med på å bryte opp hegemoniet til dei nasjonalistiske partia mange stader noko som gjev ei viss von om forsoning framover.

Siste året har det også løsna når det gjeld tilbakeflytting av minoritetsflyktningar og internt fordrevne. Fire gonger så mange vende tilbake i løpet av fyrste kvartal i år som same perioden i fjor. Stadig fleire område som tidlegare var umogelege å vende tilbake til, er i ferd med å bli tilflytte.

NORAD skal no trekkjast sterkare inn i Noregs engasjement i Søraust-Europa og tek del i planlegginga av støtte til Bosnia-Hercegovina. Det er naudsynt at norsk støtte blir endra frå mest naudhjelpsretta bistand til meir langsiktig satsing på gjenoppbygging og stabilisering. Institusjonsbygginga må stå heilt sentralt slik at landet etterkvart kan styre seg sjølv. Det må stillast krav til at partane sjølve løyser stridsspørsmåla og ryddar opp i korrupsjon og manglande styringsvilje.

Og når millionane no skal fordelast er det viktig å ha eitt klart mål: Det må vera hjelp til sjølvhjelp. Bistands-planlegginga må gå parallellt med å planlegge lokal overtaking og internasjonal uttrekking. Dessutan er det viktig at både nasjonale og internasjonale gjevarar samordnar oppgåvene og ikkje konkurrerer og trør i hælane på kvarandre.

Me må vurdere kven som er best til kva og samordne oss etter det. Så kanskje me kan vera med på å hindre at Bosnia-Hercegovina i tiår framover blir avhengig av hjelp utanfrå.

AV

Powered by Labrador CMS