Meir bistand for pengane
Kravet til norsk utviklingssamarbeid er aukande – ikkje minst internt i NORAD. Måten bistanden blir gjennomført på er konstant oppe til vurdering og revurdering.
Dette fordi me som jobbar med bistand ønskjer og krev at kvar krone skal gje så mykje effekt som mogeleg. Derfor talar NORAD no om «meir heilskapleg tilnærming, «meir analyse av situasjonen i det enkelte landet» og «meir verdiskaping og ressursmobilisering».
Bistanden skal dreiast frå prosjekt til program. Målet er meir bistand for pengane.
Me veit at store pengeoverføringar har liten utviklingseffekt i land utan reell vilje og evne til å gjennomføre ein sunn økonomisk politikk.
I mange land som slit med dårleg styresett vil det ha større effekt å overføre idear enn pengar. Det er vanskeleg å overstyre nasjonale prioriteringar. Viss me i Noreg ønskjer at det skal brukast meir pengar på utdanning i eit land, har øyremerking av pengar til utdanningssektoren liten effekt dersom landet reduserer sin eigen innsats tilsvarande.
Erfaring syner også at det er for lita samordning mellom ulike gjevarar og mellom staten, næringslivet og krefter i det sivile samfunn i dei enkelte samarbeidslanda.
«Det nye NORAD» organiserer frå nyttår arbeidet rundt fire regionavdelingar og ei avdeling for samarbeid med norske partnarar og internasjonale organisasjonar. Ambisjonen er at det skal vera færre kontaktpunkt for norske samarbeidspartnarar og at samarbeidet er så tett internt at det ikkje skal spela noka rolle for norske partnarar kva avdeling som sit på løyvingsfullmakta.
NORAD inviterer til samarbeid på tvers av tradisjonelle skiljeliner mellom næringsliv, statsinstitusjonar og frivillige organsisasjonar når det gjeld det konkrete samarbeidet med kvar enkelt land. Kva løyving pengane blir henta frå, skal bli mindre viktig enn opgåvene som skal løysast. Derfor er det viktig at det blir danna arenaer for læring og erfaringsutveksling mellom dei ulike aktørane.
Bistandsaktuelt har ambisjonar om å vera nettopp ein slik arena. Og ein arena for debatt om korleis me kan gjera jobben betre og få meir og betre utvikling for kvar krone.