Menn gir ikkje bort noko gratis

Finansinstitusjonane som gir lån til utviklingsland, kastar bort mykje pengar på å lønne ekspertar. Det hadde vore mykje lettare om dei hadde leigd inn kenyanske menn til å gjere jobben. Det ville kosta mykje mindre, og resultatet hadde blitt betre.

Publisert

Dei kenyanske brørne veit korleis dei skal knyte vilkår til einkvar teneste dei yter. Dei går Verdsbanken og IMF ein høg gang. Det verkar nemleg som om alle desse mannfolka har tatt til seg ordtaket: «Ingenting er gratis», og gjort det om til ein leveregel.
Berre frå mi personlege erfaring finst det eit utal døme. Og med tanke på at halvparten av innbyggjarane i dette landet er kvinner, kan ein undre seg over kor mange døme ein kunne kome opp med. Det ville ikkje vere få.

Til og med min eigen bror ventar å få noko igjen fordi eg får lov til å vere systera hans. Kvar gong han av ein eller annan grunn inviterer meg heim til seg, ventar han at eg skal ta oppvasken hans (som vanlegvis står uvaska ei heil veke i slengen), lage mat til han, og når eg går frå huset bør det vere litt mindre av ein svinesti enn når eg kom.
På eit tidspunkt ville broren min at eg skulle vaske kleda hans også, men da introduserte eg han heller for eit reinseri. Eg kan jo takke nei til invitasjonane, men i den seinare tida har han bydd meg ut på ein drink nokon av dei kveldane eg er trist og aleine. Til gjengjeld ventar han at eg tek med ei venninne slik at han kan flørte med ho heile kvelden. Meg overser han totalt.
Vilkåra brør set når dei kjenner seg gåvmilde er berre irriterande. Andre menn truar med å setje fri mordaren i meg. Til dømes denne karen eg møtte på bussen. Det var på ein av dei sjeldne turane heim til familien min på landet. Mannen sat ved sida meg og ville prate. Eg er vanlegvis ikkje ein hyggeleg person, men sidan eg har budd i byen for lenge, visste eg at det kan vere ein fordel å vere venar med desse typane frå landet. Særleg om dei jobbar for staten, der du berre kan få hjelp om du kjenner nokon.
På ein stad der bussen stoppar for at folk skal få strekke på beina, gjekk mannen ut og tok med seg litt mais og kjeks. Ettersom eg avslo tilbodet om å smake på maisen - eg rekna med at eg ville få ein overdose av det heime hos mor mi - fekk eg nokre av kjeksa. Eg åt dei med fryd, og gleda meg over turen meir enn nokon gong før fordi eg hadde fått ein sjarmør å le av. Han gjekk sterkt inn for å imponere meg med eit breitt glis, medan mørke bitar frå maisen hadde sete seg fast i tennene hans.
Men det var ikkje dei flekkete tennene som fekk meg til å ville ta livet av han. Det var det faktum at kjeksa, som eg med vilje ikkje hadde teke med meg sjølv fordi eg ikkje trengte dei, viste seg å ha nokre vilkår knytt til seg.

Ettersom han hadde gitt meg dei verdifulle kjeksa sine, trudde han at han kunne gjere krav på meg som ei slags pute, madrass eller noko i den duren. Før eg rakk å fordøye kjeksa, hadde han sovna med hovudet i fanget mitt på same viset som ein unge.
Då eg klaga, gav han meg eit blikk som om eg var gal. Og munnen hans opna seg med følgjande utbrot:
- Et du kjeksen min, så vil eg ha deg tilgjengeleg!
Eg undrar kva som hadde møtt meg om han hadde spandert ein femrettars middag på meg.

Powered by Labrador CMS