Norge gir 113 millionar kroner til nytt naturverktøy

Verktøyet brukar satellittdata for å gi betre oversikt over kvar det er natur, kvar naturen blir øydelagt og kvifor. Oversikta over øydelegginga av natur skal bli tilgjengeleg for alle ved hjelp av kunstig intelligens.

Publisert Sist oppdatert

Det kjem fram i ei pressemelding frå Klima- og miljødepartementet. 

For tretten år sidan blei ideen om å gjere satellittbasert informasjon om verdas skogar fritt og tilgjengeleg for alle til Global Forest Watch.

– Eg er stolt over at Noreg har bidratt til å bygge dette globale fellesgodet som no blir brukt over heile verda til å ta betre vare på skogen, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.

No blir arbeidet utvida til å omfatte andre økosystem enn skog, og Global Forest Watch blir til Global Nature Watch.

Dei 113 millionane frå Norge skal bidra til denne neste fasen.

Powered by Labrador CMS