Sylvia Arthur og Jessica Lauren Elizabeth Taylor står ved vannet under en paraply.
Sylvia Arthur og Michelle Tisdel jobbar begge for at afrikansk kulturarv blir tatt vare på og formidla på eigne premiss.

Vil løfte afrikanske forfattarar og litteraturarv:

– Afrika har blitt ein søppelplass for vestleg litteratur

Vestleg litteratur fløymer inn på det afrikanske kontinentet, medan afrikanske forfattarar får liten plass. Det meiner Sylvia Arthur, grunnleggar av Bibloteket for Afrika og den afrikanske diasporaen i Accra.

Publisert

Library of Africa and the African Diaspora (LOATAD)

  • Bibliotek i utkanten av Accra i Ghana dedikert til litteratur av afrikanske forfattarar og forfattarar med afrikansk bakgrunn frå diasporaen.

  • I tillegg til å vere eit fysisk bibliotek er det også eit arkiv og ein residens for forfattarar.

  • Biblioteket er grunnlagt på tre prinsipp: å ta vare på afrikansk kulturarv, å spreie og å produsere kunnskap om den. 

På marknadar og i gater i land som Ghana, Nigeria og Sør-Afrika blir det selt bøker, men ifølge Sylvia Arthur er dei aller fleste bøkene ikkje av afrikanske forfattarar. 

Mange bøker blir donert som bistand frå vestlege land som har dei til overs, utan at afrikanske lesarar blir konsultert. 

– Problemet når litteratur blir bistand, er at bøkene har null relevans for dei som skal lese dei. Afrika har blitt ein søppelplass for vestleg litteratur, seier ho og legg til: 

– Det er nok vel meint, men dessverre ikkje hjelpsamt. Skal du få folk til å lese for hygge, kan du ikkje tilby kva som helst og forvente at dei skal konsumere det.

Sjølv er ho ei motkraft. Sidan 2017 har ho arbeida med å bygge opp institusjonen Biblioteket for Afrika og den afrikanske diasporaen (LOATAD). 

Denne veka er ho i Norge for å delta på eit arrangement arrangert av Black History Month Norge i samarbeid med Deichman Bjørvika som handlar om å ta vare på og gjenreise afrikansk litteraturarv.

For Arthur handlar arbeidet om å gjere afrikansk litteratur og kunnskap tilgjengeleg på kontinentet – og om kven som får bevare og formidle historia.

Ingen afrikanske forfattarar

Arthur meiner at problemet ikkje berre er at bøker blir donerte utan omsyn til lesarane. Det speglar ei større utfordring.

Ho vaks sjølv opp i Storbritannia på 80-talet og las ikkje ein einaste afrikansk forfattar på skulen. 

– Som ein person av afrikansk opphav får det deg til å stille spørsmål ved kvar ein passar inn i den intellektuelle verda og kva Afrika eigentleg har bidratt med når det kjem til litteratur og vitskap. 

Arthur er oppvaksen i London med ghanesiske foreldre. På skulen las ho ingen afrikansk litteratur.

– For personar utan afrikansk opphav er konsekvensen at ein begynner å assosiere både Afrika og afrikanarar med kontinentet slik det blir presentert på TV: svolt, krig, sjukdom og katastrofe. 

– Kvifor trur du det ikkje finst afrikanske forfattarar på pensum?

– Fordi det tener visse formål at det ser ut som kolonialismen gjorde oss ei teneste og at folk held fram med å tenke det. 

Stor ignoranse

I 2010 flytta Arthur til Brussel. Der blei ho slått av kor lite mange visste om Afrika – inkludert kor lite ho sjølv kunne om kontinentet.

Det fekk henne til å begynne å oppsøke og å lese bøker av forfattarar med afrikansk bakgrunn.

Etter kvart hadde ho fleire hundre bøker liggande som ho ønskte skulle kome til nytte for nokon.

– I Ghana er det mange importerte bøker, men vanskelegare å finne afrikansk litteratur. Slik fekk eg ideen om biblioteket. 

I 2017 flytta Arthur for å starte det opp. 

Tre boktips frå Sylvia Arthur:

  • Our Sister Killjoy, Ama Ata Aidoo (Ghanesisk forfattar).

  • Search Sweet Country, Kojo Laing (Ghanesisk forfattar).

  • One Day I'll Write About This Place, Binyavanga Wainaina (Kenyansk forfattar).

Snart ti år seinare har LOATAD fått større lokale, ei omfattande boksamling og fleire oppgåver.

– Det folk kjenner på når dei besøker biblioteket er stoltheit og sjølvbekreftelse, at dei kjenner seg igjen i utvalet og blir klare over sin plass i verda, historia og den intellektuelle arva. Det er det som skjer når ein ser breidda av afrikansk litteraturarv, ikkje berre frå dei siste åra, men så langt bak som vi har klart å samle. 

Chinua Achebe sin Things Fall Apart frå 1958 blir ofte trekt fram som eit sentralt verk i moderne afrikansk litteratur, men det afrikanske litterære universet er langt eldre, understrekar Arthur. 

– Afrikansk litteratur starta ikkje i 1958. Folk skreiv før det og folk skriv etter. 

Den eldste boka dei har i biblioteket i dag er frå 1896. 

Vil løfte fram litteraturen

Med LOATAD ønsker Arthur først og fremst å gjere afrikansk litteratur, kunnskap og kultur meir tilgjengeleg på det afrikanske kontinentet. 

Ho meiner det er eit problem at mykje av kunnskapen om Afrika, både akademisk og kulturell, i stor grad blir produsert og formidla utanfor kontinentet. 

– Med biblioteket forsøker vi å gjere dette tilgjengeleg i Afrika, slik at ein ikkje treng å forlate kontinentet for å lære om seg sjølve og staden ein kjem frå.

To kvinner står med bøker mellom bokhyllene i et bibliotek.
For Sylvia Arthur handlar LOATAD om meir enn bøker. Det handlar også om at afrikanarar skal kunne oppdage si eiga litteraturhistorie utan å måtte leite etter henne utanfor kontinentet.

Arthur ønsker også å løfte afrikansk litteratur inn i den globale kanonen. 

Ho opplever at haldningane til Afrika er djupt rotfesta. At afrikansk litteratur når fleire er viktig for å endre narrativet om kontinentet.

– Afrika har alltid vore ein stad for ekstraksjon og har aldri blitt sett på som ein stad for produksjon. Dessverre er det framleis slik folk ser det. 

På eigne premiss

Arthur sitt besøk i Oslo var ein del av årets program av Black History Month Norge (BNHM), eit frivillig folkeopplysningsprosjekt som sidan 2019 har formidla kunnskap om afrikansk og afrodiasporisk historie og kulturarv.

– Athurs arbeid er eit glimrande eksempel på korleis individ kan påverke forhold og skape endring, seier Michelle Tisdel, sosialantropolog og fagleg ansvarleg i BNHM.

BNHM deler LOATAD sin visjon om at afrikansk kulturarv bør bli tatt vare på og formidla på eigne premiss og vere tilgjengeleg for dei relevante målgruppene.

Dette er ikkje tilfellet i Norge eller i Europa i dag, meiner Tisdel.

– I Norge lærer vi svært lite om afrikansk historie og kulturarv frå afrikanske perspektiv. Afrikas verdi og relevans er underkommunisert og fører til misvisande eller feilaktige inntrykk av deira historie og kulturarv.

Tisdel meiner afrikanske perspektiv sjeldan får kome fram på eigne premiss i møte med norske institusjonar.

– Sjølv om etablerte institusjonar tidvis inviterer afrikanske forfattarar og intellektuelle, er hensikta ofte ikkje å legge til rette for eit møte mellom den inviterte og den afrikanske diasporaen i Norge.

Dette var blant anna tilfelle då Chimamanda Ngozi Adichie og Abdulrazak Gurnah gjesta Norge, meiner ho.

Tisdel peikar også på at det kan vere utfordrande å få norske forlag interessert i forteljingar om afrikansk historie og kulturarv fortalt på eigne premiss.

Ho understrekar at kunnskap om afrikansk historie og kulturarv frå afrikanske perspektiv også er viktig for å forstå verda i dag og forholdet mellom Afrika og Europa.

–  Kva går vi glipp av når afrikansk litteratur og kunnskap ikkje får ein større plass i norsk offentlegheit?

– Ein går glipp av ei moglegheit til å lære om andre sine livsverdenar, reflektere over vår eiga forståing av verda og å oppdage nye idear, mogelegheiter og måtar å vere menneske på. 

Interessa har auka

Dei siste åra har den afrikanske litteraturindustrien og interessa for afrikansk litteratur skote fart, fortel Arthur. 

Ho trur biblioteket har ein finger med i spelet.

Den internasjonale mobiliseringa mot rasisme og Black Lives Matter-rørsla i 2020 i etterkant av drapet på George Floyd i USA, skapte også engasjement. 

– Eg opplever at det har skapt ein bevegelse av interesse. 

Det er likevel krevjande å byggje opp varige institusjonar for afrikansk litteratur og kulturarv.

Arthur trekker fram fleire utfordringar: Det er dyrt å reise mellom afrikanske land, krevjande å omsetje litteratur til fleire språk og vanskeleg å leve som forfattar på kontinentet. 

Flere personer holder frem bøker med fargerike omslag, blant annet en bok med religiøst preg.
Del av det afrikanske utvalet på Deichman: – Skal biblioteket vere relevant for heile befolkninga må vi aktivt jobbe med korleis tilbodet bidreg til å spegle byen vår, seier Nora Nordskar Hoel ved Deichman til Panorama.

– Det er vanskeleg over alt, men spesielt i Afrika. Det er ikkje dei same støttesystema eller anerkjenning og midlar for litteraturen.

Arthur meiner også at forventningane i den vestlege bokmarknaden kan påverke kva afrikanske forfattarar skriv om.

– Dersom du vil bli publisert i Europa eller USA skriv du gjerne om det som du tenker at dette publikummet vil lese.

Sjølv meiner ho at afrikanske forfattarar bør kunne skrive om det dei har lyst til å skrive om. Det er det som treff folk, uansett om ein er i Afrika eller den vestlege verda. 

– Då eg opna biblioteket hadde eg trudd at folk ville vere mest interesserte i bøker av svarte forfattarar frå andre stader enn kontinentet. Det overraska meg at dei fleste vil ha bøker frå Afrika.

Framtid leia av Afrika

Arthur ser på arbeidet med LOATAD som ein del av ein større kamp om kven som får produsere kunnskap og definere historia.

– Vi lever i ei tid utan sidestykke. Storbritannia og USA kuttar i program for afrikanske studium, afrikanarar på kontinentet blir nekta tilgang og ekskluderte frå diskusjonar om kven si historie som betyr noko.

Å byggje opp att det litterære økosystemet som kolonialismen og seinare utviklingstrekk har svekt, tek tid.

Samstundes er Arthur oppteken av at ein må dokumentere notida og å ta vare på litteraturen for framtida.

– Framtida til afrikansk litteratur må vere leia av Afrika og skriven av Afrika.

Powered by Labrador CMS