Ny rapport frå ITUC:
Norge investert i fire av seks verstingselskap: – Står for skadeleg politikk, meiner YS
Det norske Oljefondet er investert i fire av seks selskap i ITUC-rapporten Corporate Underminers of Democracy. Rolf Vestvik i Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund ønsker at grove brot på arbeidstakarrettar skal inngå i Etikkrådet sine vurderingar.
Dei siste tre åra har Den globale fagforeningskonfederasjonen (ITUC) publisert rapporten Corporate Underminers of Democracy.
Rapporten trekker fram store, internasjonale selskap som organisasjonen meiner brukar økonomisk makt, politisk påverknad og kontroll over arbeidslivet på måtar som undergrev demokrati og arbeidstakarrettar.
– Selskapa er valgt av ITUC fordi dei står for ein politikk som er skadeleg for arbeidstakarar spesielt, men også samfunnet generelt.
Det seier Rolf Vestvik. Han er internasjonal sekretær i Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS) som er medlem ITUC.
I rapporten for 2026 står det:
«Det siste året har fleire demokratiske grenser blitt kryssa i jakta på større selskapsmakt, samstundes som selskapsinteresser i stadig større grad blir vevde saman med politiske parti, enkeltpolitikarar og politiske dynasti».
Året markerer eit skifte og viser ei utvikling der selskapa ikkje lenger nøyer seg med å påverke demokratiske institusjonar utanfrå. No ser dei ut til å prøve å ta politisk makt, og i nokre tilfelle regjeringsmakt, direkte i eigne hender, i følgje rapporten.
2026-rapporten trekker fram seks selskap som undergravarar av demokratiet: Amazon, Apollo Global Management, Bolloré Group, Open AI, Palantir og Tesla.
Vil utvide Etikkrådets mandat
Rolf Vestvik i Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS) reagerer på at Norge, gjennom Oljefondet, er investert i fleire av desse selskapa.
– Vårt poeng er at når ein oppdagar at eit selskap driv i strid med grunnleggande arbeidstakerrettigheiter, må ein reagere.
I følge dei offentlege beholdningsoversiktene til Norges Bank Investment Management er Oljefondet investert i Amazon, Apollo Global Management, Palantir og Tesla.
Norge hadde blant anna ein eigardel på 1 prosent i Tesla og 1,24 prosent i Amazon per 30. juni 2026.
Tidlegare i år solgte Oljefondet seg ut av Bolloré Group etter tilråding om utelukkelse frå Etikkrådet. Oljefondet er ikkje direkte investert i OpenAI ettersom at selskapet ikkje er børsnotert.
– Gjennom Oljefondet eig det norske folk litt av fleire av desse selskapa. Sølv med små eigardeklar er Norge ofte blant dei store aksjonærane og har difor betydeleg makt, seier Vestvik.
Han meiner investeringar i selskap som Tesla ikkje kan sjåast som politisk nøytrale når selskapa mellom anna blir kritiserte for dårleg behandling av arbeidstakarar.
– Vi er ikkje for at ein alltid skal boykotte selskap som gjer noko galt. Nokre gonger kan det vere gode grunnar til å oppretthalde ein aksjepost i eit slikt selskap, seier Vestvik.
Det YS er opptekne av, er at det er full openheit om kva selskap fondet investerer i, og kva desse selskapa faktisk driv med.
– Det vil seie at det arbeidet som Etikkrådet gjorde med å undersøkte kva selskap holdt på med og anbefale utelukkelse ved grove brot, er ekstremt viktig. Vi treng at det finst eit slikt uavhengig organ.
Vestvik og YS er bekymra for det som kjem fram i Gjerdrem-utvalgets forslag. Dei er svært skeptiske til å gjere innskrenkingar i Etikkrådets mandat og korleis dei skal utføre det.
I staden ønsker dei å utvide mandatet.
– Vi ønsker at arbeidstakarar sine rettigheiter skal bli eit av elementa som ein vurderer når ein ser på om Norge skal vere investert i et selskap eller ikkje, og at ein skal ha mogelegheita til å trekke seg ut dersom eit selskap gjer alvorlege brot på desse.
Bruke eigarmakta
På spørsmål om kor store brot på arbeidsrettigheiter som skal til før det krev konsekvensar svarar Vestvik:
– Når Elon Musk brukar mange millionar og store ressursar på å hindre at tilsette i Sverige skal få ein tariffavtale så er ein inne på det som vi vil kalle for eit alvorlig brot på arbeidstakerets rettigheter. Ein bør vurdere om det er i slike selskap vi ønsker å ha sparekronene til det norske folk.
Vestvik meiner det viktigaste er å ha eit etikkråd som kan gjere bevisste vurderingar når fagbevegelsen legg fram rapportar som denne.
– Det finst ei rekke verkemiddel ein kan ta i bruk mot slike selskap, ikkje berre uttrekk. Ein kan også bruke eigarmakta på å betre situasjonen. Nokre gonger er det best.
Vestvik nemner strategiar som å legge fram forslag på generalforsamlingar og å alliere seg med andre aktørar med aksjepostar i selskapa.
– Trekker ein seg ut av eit selskap som Tesla, skjer det ingenting. Tesla held fram som før.
– Kva blir konsekvensen dersom Gjerdrem-utvalet sitt forslag blir vedtatt trur du?
– Konsekvensen vil vere at Norge vil bli trekt ut av ferre selskap vi ikkje burde vere investert i og at det vil bli vanskelegare å oppdage den type investeringer.