Norsk bistand – frå naudhjelp til langsiktig støtte
DILI (b-a): Norge har fasa ut den akutte naudhjelpa til Aust-Timor, men har samstundes trappa opp den langsiktige bilaterale utviklingshjelpa. Den tosidige bistanden, om lag 13 millionar kroner i 2001, vert kanalisert gjennom den katolske hjelpeorganisasjonen Caritas Norge som driv tuberkuloseklinikkar og stipendprogram for studentar.
Hardt råka av tuberkulose. - Aust-Timor er eitt av verdas fattigaste land og er blant dei som er hardast råka av tuberkulose. Per 100.000 pasientar er 129 smitta, eit tal som i verdsmålestokk er særs høgt, fortel Ernst Basil Rolandsen, Caritas Norge sin representant på Aust-Timor sidan 1996. Rolandsen har budd i hovudstaden Dili sidan januar 1999.
- Det brutale indonesiske militæret tvang mange austtimoresarar opp i fjella i åra etter invasjonen i 1975. Der levde dei under særs vanskelege forhold. Etter tiår med svolt, sjukdom og kummerlege levekår har mange austtimoresarar eit svekka immunforsvar, noko som gjer dei endå meir mottakelege for den smittsame sjukdomen, fortel Rolandsen. Caritas Norge driv i dag to tuberkuloseklinikkar på landsbygda i den vestlege regionen av Aust-Timor og lækjer 4000 pasientar per år.
Lågt utdanningsnivå. Aust-Timor treng sårt høgt utdanna innafor eit breitt spekter av fagfelt. Både universitetet og polytekniske høgskulen på øya har vore øydelagt etter militsherjingane i 1999. UNTAET har slite med å få kvalifiserte austtimoresarar til mellom- og toppstillingar. Dersom ikkje styresmaktene greier å retta opp det låge utdanningsnivået, kan kunnskapsgapet på sikt verta eit alvorleg trugsmål, også mot demokratiseringsprosessen.
Caritas starta i 1997 eit stipendprogram som i dag støttar om lag 370 austtimoresiske studentar som gjer ferdig studiane sine i Indonesia. Den austtimoresiske ministeren for utdanning har bede Norge om hjelp slik at endå 500 studentar skal få stipend.
- Trongen for høgt utdanna er størst innan jordbruk, skule, økonomi og planlegging, seier Ernst Basil Rolandsen.
Attentatforsøk. Økonomisk vil Aust-Timor dei neste åra vera heilt avhengig av olje- og gassutvinninga i Timorhavet. Også kaffi og turisme kan skaffa landet inntekter.
- Kaffiprodusentane har med sin økologisk dyrka kaffi funne ei nisje i verdsmarknaden. Problemet er låge råvareprisar og at arbeidskrafta stadig vert dyrare fordi FN og dei internasjonale hjelpeorganisasjonane tvingar lønene i veret, fortel Rolandsen. Sidan 1999 har prisane på marknaden i Dili vorte femdobla.
Konfrontasjonar. 30. august skal det haldast val på lovgivande forsamling på Aust-Timor. Per i dag er det skipa oppunder femten parti. Politiske konfrontasjonar dei siste månadene, som attentatforsøket på Xanana Gusmao i byrjinga av mars, kan gjera den komande valkampen turbulent. Rolandsen støttar UNTAET som har valt ikkje å setja tak for talet på parti.
- Austtimoresarane må sjølve finna eit godt styresett. Det er ikkje sikkert ein skandinavisk, sosialdemokratisk modell er den rette. Tradisjonelt har Aust-Timor hatt føydalt styresett med småkongar som har eigd landet. Skal den jamne austtimoresarar no få tiltru til demokratiet, må grasrota verta høyrd og få politisk påverknadskraft i gjenoppbygginga, seier Ernst Basil Rolandsen.