Ny utfordring for norske politikarar
Utviklingsminister Ann Kristin Sydnes vil trekkje dei norske politiske partia på Stortinget sterkare inn i utviklingssamarbeidet. Gjennom kunnskapsoverføring, rådgjeving og internasjonal utveksling vil dei politiske partia kunne vera med på å styrkje arbeidet med å redusere fattigdommen, meiner ho.
Dette opnar for ei rad interessante perspektiv i det praktiske bistandsarbeidet, men inneheld også ei mengd utfordringar.
Fleire av partia på Stortinget har alt samarbeid med søsterparti i andre land, og tanken til utviklingsministren om å utvikle dette vidare er god.
Dei politiske partia her i landet kan spela ei viktig rolle i demokratiutviklinga. Det finst mykje kompetanse i partia som aktørar og demokratibyggjarar i yngre nasjonar kan ha stor nytte av.
Det har blitt stadig tydelegare at det er viktig med ei meir heilskapleg tilnærming til det sivile samfunnet i samarbeidslanda. I den samanhengen vil også samarbeid med politiske parti kunne spela ei viktig rolle.
Dersom det å trekkje dei politiske partia med i det praktiske utviklingssamarbeidet kan føre til auka medvet både i dei politiske miljøa og blant folk flest her heime, er det ein ekstra gevinst for alle som er opptekne av å få desse spørsmåla høgare opp på dagsorden.
Gjennom politiske parti vil det kunne vera mogeleg å støtte dei kreftene som vil positive endringar i eit land. Dei som ønskjer økonomisk og sosial vekst, demokratisering og meir rettferdig fordeling.
Ikkje ei endring i bestemt partipolitisk retning, men ei erkjenning av at dei politiske partia har ei viktig rolle i ein demokratisk endringsprosess.
På den andre sida skal ein ikkje undervurdere faren for å blande seg inn i indre politiske forhold i landa. Av den grunn vil det vera svært viktig å ha god kunnskap om både sosiale, økonomiske og politiske forhold i kvart land. Har ein ikkje det, kan ei slik støtte virke i motsett retninga av det ein ønskjer. Dette blir også ei utfordring for dei politiske partia: Korleis vil dei bruke midlane? Kva perspektiv vil dei ha for å gå inn i eit slikt partisamarbeid?
Erfaringane frå Sverige med å at politiske parti forvaltar ein del av bistanden, er ikkje berre gode. Det syner seg at det ikkje er så lett å finne søsterparti i dei minst utvikla landa. Støtta går helst til land med forholdsvis velutvikla demokratiske system, mest i Aust- og Sentral-Europa. Det er viktig å støtte opp under positive prosessar i desse landa, men det samsvarar ikkje med hovudmålsettinga i norsk utviklingssamarbeid om å prioritere dei fattigaste landa.
Likevel er dette eit positivt demokratisk prosjekt. Det er bra at det blir tenkt nytt og ikkje minst at dei politiske partia blir utfordra på å vera meir aktive i bistandsarbeidet.
AV