Presse under press
Laurdag 28. oktober blei fotojournalist Khalfan Said i den tanzanianske avisa The Guardian arrestert og halden innesperra i åtte timar. To av filmane hans blei konfiskerte. Said var på Zanzibar for å dekkje valet.
Tre dagar seinare blei ein annan journalist frå Tanzania fråteken filmar fordi han hadde teke bilde av hæren i samband med valet på Zanzibar. Valet på øygruppa som er ein del av Tanzania, men har stor grad av sjølvstyre, enda i kaos. Opprørspolitiet slo hardt ned på alt tilløp til uro og situasjonen var til tider svært spent.
Også i slike situasjonar er pressas rolle svært viktig. Det er presse og medie som er folkets auge ved val. Og autoritære styremakter har sine heilt klare grunnar for å hindre journalistisk arbeid og konfiskere innsamla materiale: fusket og rotet må ikkje koma fram, sanninga toler ikkje dagens lys.
Frie og uavhengige medie er avgjerande i kampen mot korrupsjon og for demokrati og menneskerettar. Ein kamp som er heilt sentral i norsk utviklingspolitikk. Det er gjennom media folk flest får den informasjonen dei treng for å kunne ta viktige val for dagen i dag og for framtida.
I Zambia har NORAD i nokre år gjeve støtte til medieutdanning. Ei kartlegging av det zambiske mediebildet synte sterk polarisering, med den statsfinansierte pressa på den eine sida og den uavhengige på den andre. I statsmedia er styremaktene hardt arbeidande heltar som jobbar for folkets beste. I dei uavhengige er dei styrande ein gjeng skurkar som berre er ute etter eiga vinning. Trulegvis ligg sanninga ein stad midt i mellom, men i det som blir publisert finst det ingen mellomting.
I mange andre av samarbeidslanda våre er situasjonen den same. Derfor er mediestøtte så viktig i menneskerettsarbeidet og derfor vil NORAD intensivere arbeidet på dette området. Men det å gje mediestøtte, er slett ikkje noko lettare enn å gje annan bistand. Kanskje er det noko av den vanskelagste form for bistand me kan gje. Media har stor makt, og ved å gje mediestøtte vil me truleg og som oftast vonaleg, vera med på å endre maktbalansen. Derfor er det også her viktig at me veit kva me gjer.
For å kunne bidra konstruktivt til å styrkje medias evne og mogelegheit for å fylle rolla si, må me ha gode kunnskapar om mediesituasjonen i kvart enkelt land. Det er profesjonelle journalistar og redaktørar som kan utvikle media. Det er profesjonelle mediefolk som kan levere relevant informasjon og som kan vera folks vaktbikkje mot maktmisbruk frå styremaktene og andre maktsentra.
Derfor er noko av det viktigaste me kan gjera å støtte profesjonalisering av journalistar og skribentar - det vil seia gje støtte til skulering og utdanning. Og å styrkje organsasjonar som jobbar for rettar, rettsvern og arbeidsvilkår for journalistar. Sterke særinteresser med stor økonomisk og /eller politisk innverknad utan folkeleg forankring styrer ofte informasjonsflaumen. Mange redaksjonslokale blir ransaka og stengde, journalistar og forfattarar blir sette bak lås og slå og informasjonskanalar er direktestyrte frå regjeringskontora.
Derfor er det ein tøff røyndom me skal påvirke.
AV