Resultata må betre fram
Dersom regjeringas framlegg til bistandsbudsjett blir vedteke, skal det brukast over fjorten milliardar kroner på internasjonalt utviklingssamarbeid neste år. Om lag ein tredjedel skal forvaltast av NORAD. Å forvalte så mykje pengar forpliktar – også på informasjonsområdet. Me må bli flinkare til å melde tilbake til samfunnet kva me brukar pengane til, korleis me gjer det, kvifor me arbeider slik me gjer, kva som er rolla vår og ikkje minst; kva resultat me oppnår.
Dette blir stadig vanskelegare fordi interessa for det me held på med ser ut til å gå ned. Folk flest er positive til norsk utviklingssamarbeid, men dei har liten kunnskap om kva me driv på med.
Internasjonalt utviklingssamarbeid har lenge fokusert mykje på mål, metode og ikkje minst prosess. Resultata av innsatsen har kome i skuggen. Gjevarsamarbeid, semje om tusenårsmåla og fokus på samarbeidslandas eigarskap til løysingane er viktig. I mykje sterkare grad enn tidlegare er det mogeleg å snakke om ein internasjonal dugnad. Men utan gode svar på kva resultat som blir nådde, blir resten av historien me har å fortelje, mindre interessant. Det er resultata av innsatsen norske skattebetalarar helst vil vita noko om. Derfor har UD og NORAD sette i gang arbeid med å synleggjera resultata betre.
Og det er ingen tvil om at dei finst, me har berre ikkje vore flinke nok til å formidle dei. Det er truleg ikkje så interessant for store grupper her i landet å veta kva ein nasjonal fattigdomsstrategi (PRSP) er, og at Nepal har ein slik eller ikkje. Men det er forhåpentlegvis interessant at Noreg, saman med andre gjevarar og styremaktene i Nepal, har bidratt til at mange tusen fleire barn i landet har tilbod om grunnskule no enn for fire år sidan.
Dersom me blir betre til å informere om resultata av utviklingssamarbeidet, blir det lettare å gje eit realistisk bilde av innsatsen vår og den rolla Noreg spelar. Og me vil kunne få ein meir nyansert bistandsdebatt. For debatt om både arbeidsmåtar og kva land me samarbeider med er viktig. Ikkje minst innan utviklingssamarbeidet - eit politisk område som inneheld fleire dilemma enn dei fleste andre område.