Risikabelt for kvinner og barn i Afghanistan

Til tross for stor internasjonal innsats for å betre helsetilbodet for kvinner og barn, er Afghanistan framleis eit av dei mest risikable landa i verda føde barn i, ifølgje Washington Post.

UNICEF melder at fleire afghanske kvinner døyr i løpet av svangerskapet og fødsel - 1700 per 100.000 - enn i noko anna land utanom Sierra Leone. FN seier at barnedødelegheita i Afghanistan på 165 per 1000 levande fødslar er det høgaste i verda. Ein av fire born døyr før dei er fem år. Av dei meir enn 70 prosent av afghanske kvinner som bur i bygdeprovinsar, er mange blodfattige og feilernærte. Dette gjer dei meir mottakelege for komplikasjonar frå graviditet og fødslar. I tillegg hindrar fattigdom og konservative haldningar mot kjønn kvinner frå å søkje profesjonell hjelp og omsorg, før og etter svangerskap. I eit land med 26 millionar menneske, er det no berre 7000 doktorar og like mange jordmødrer.

Powered by Labrador CMS