Rolla til det sivile samfunnet
Me har ved fleire høve etterlyst meir og breiare debatt i Noreg om utviklingssamarbeid og kamp mot fattigdom. I Norad har me ambisjonar om å leggje til rette for ein debatt som dreiar seg om meir enn kor mykje pengar som skal setjast av på statsbudsjettet og kor mykje dette utgjer i prosent av den norske nasjonalinntekta. Bladet du held i handa, er ein av arenaene for bistandsfagleg debatt. Norads årlege fattigdomskonferanse er ein annan.
På konferansen i år som er 18. oktober, er tema det sivile samfunnets rolle i kampen mot fattigdom. Me ønskjer ein diskusjon rundt problemstillingar knytta til samordning kontra mangfald, uavhengigheit kontra styring og rolla norske og lokale organisasjonar speler i samarbeidslanda.
Det er nok av spennande diskusjonar å ta fatt i: Er det viktig at me konsentrerer pengar og arbeidskraft til dei same sektorane gjennom alle dei ulike kanalane? Eller er det viktigare med mangfald i både sektorar og blant samarbeidspartnarar?
Aktørane i bistandsbransjen blir stadig fleire og meir profesjonelle og dei blir meir og meir avhengig av statlige overføringar for å drive si verksemd. Står me i fare for å bli kloningar av kvarandre i staden for alternative aktørar med kvar våre føremoner? Bør støtta som går til det sivile samfunnet vera ein del av stat-til-stat avtalane mellom Noreg og samarbeidslanda? Eller risikerer me då at viktige talerøyr for vanlege folks rettar blir knebla? Kva kan me som norske aktørar gjera for å hindre at samarbeidspartnarane våre blir tappa for den beste arbeidskrafta? Og korleis kan me sikre oss at dei rette partnarane blir valde, og at dei me jobbar gjennom verkeleg har legitimitet?
Nokre av desse spørsmåla blir tekne opp i denne utgåva av Bistandsaktuelt, og me ønskjer lesarane våre velkomne til å diskutere både her i avisa og på Fattigdomskonferansen. Blir det ein interessant og opplysande debatt, kan me jo vone at også andre massemedia tar tak i den. Det kunne vere frigjerande om den neste bistandsdebatten kunne dreie seg om noko meir enn om regjeringa når målet om at én prosent av bruttonasjonalinntekt skal brukast på bistand.