Tusenårsmåla – berre tomme ord?

«Dersom me held fram på same måten som no, vil me ikkje greie å fullføre alle tusenårsmåla», sa FN-sjefen Kofi Annan til generalforsamlinga tidlegare denne månaden. Han er redd tusenårsmåla berre blir tomme ord dersom det ikkje skjer raske endringar.

Publisert

I samband med den internasjonale fattigdomsdagen 17. oktober er det naturleg å reflektere over korleis målet om å halvere fattigdomen innan 2015 og dei andre ambisiøse måla skal nåast. I ei tid der verdssamfunnet synest vera mest oppteke av faren for terrorisme og trugsmålet mot fred og tryggleik, ber Kofi Annan verdas leiarar ikkje gløyme dei som strevar med å overleva på under ein dollar dagen, dei som er utan reint vatn og som går svoltne til sengs kvar kveld. Det langsiktige utviklingssamarbeidet kjem lett i skuggen når regjeringssjefar og medier har blikket vendt mot det dei ser som meir akutte farar.

Tusenårsmåla ser ut til å bli nådde i delar av Asia, men landa i Afrika sør for Sahara slit. Der er det omtrent like mange fattige i dag som det var for ti år sidan. Det må dramatiske endringar til dersom fattigdomen skal halverast på 13 år.

Utviklingssamarbeidet har blitt meir effektivt og fattige land har fått gjeld stroken. Men å gje dei tilgang til dei rikes marknader ser ut til å vera politisk vanskeleg. Det er lettare å gje dei fattige gåver enn å handle med dei som likeverdige.

Bistanden i dag er oppteken av partnarskap. Men blir dei fattige høyrde i dette partnarskapet? Deepa Narayan frå Verdsbanken meiner svaret er nei. «Ingen høyrer på dei fattige, det er dei rike som blir lytta til», sa ho på NORADs fattigdomskonferanse.

Det finst inga standardløysing på korleis fattigdomen skal halverast. Men heldigvis finst det nokre allmenngyldige prinsipp. Respekten for at det er samarbeidslanda som sjølve må styre, er eitt av dei. At me må tilpasse verksemda vår til den politiske, institusjonelle og økonomiske røyndomen i landa, eitt anna. Kanskje tusenårsmåla i større grad må skreddarsyast kvart enkelt land?

Alle er samde om måla. La oss håpe Kofi Annans tankevekkjar har innverknad på regjeringssjefar slik at alle gjer sitt til at den store internasjonale dugnaden skal lykkast.

Powered by Labrador CMS