Verdsbanken og rettar for dei fattige

I Bistandsaktuelt 10/2000 skisserer rådgjevar i NORAD, Bodil Maal, opp Verdsbanken sin nye fattigdomsstudie, World Development Report 2000 (WDR), og diskuterer konsekvensar denne har for kampen mot fattigdom verda over. Som tidlegare rapportar frå Verdsbanken, meiner Maal også denne vil få stor innverknad på både multilateral og bilateral bistand. Mange av konklusjonane i rapporten er nokså nye tankar frå Verdsbanken si side, i alle fall uttrykt i eit så viktig dokument som WDR.

Publisert

Likevel er ikkje kunnskapen om at fattigdomen har fleire dimensjonar særleg ny i seg sjølv. Det nye og viktige er vel at det vert uttrykt i Verdsbanken sin offisielle rapport. Samstundes er grunnlagsstudien for rapporten, «Voices of the Poor», eit viktig signal frå Verdsbanken, i det han legg vekt på å få fram korleis dei fattige sjølve opplever fattigdomen og at strategiar for fattigdomsreduksjon må ta utgangspunkt i fattige sine eigne opplevingar. Dette medfører ein individualisering av fattigdomen. Dermed vert aggregerte mål slik som bruttonasjonalprodukt per innbyggjar mindre viktig, medan fordeling og enkeltmenneske sine kår vert viktigare mål på fattigdom. Dette ser ein igjen i rapporten sine tre nøkkelomgrep, «Opportunity», «Empowerment» og «Security». Men sjølv om Verdsbanken strekar under at mønsteret og kvaliteten på den økonomiske veksten er sentral, er det framleis økonomiske vekst som står i høgsetet.
Fattige menneske er ofte det same som marginaliserte menneske. Det er menneske som av ulike årsaker ikkje får ta del i økonomiske, politiske, sosiale eller kulturelle prosessar som er viktige for å sikra seg eit levebrød. Marginaliseringa kan skje på mange måtar. Det kan vera småprodusentar som på ulike måtar mistar marknaden sin i kamp mot større produsentar, arbeidarar som må akseptera løner som ikkje kan brødfø ein familie, etniske eller sosiale grupper som ikkje får ta del i samfunnet på lik linje med andre eller menneske som vert fråteken levebrødet sitt gjennom politiske eller andre handlingar frå styresmakter, bedrifter eller enkeltpersonar.
Ofte kan denne marginaliseringa sjåast på som eit menneskerettsbrot. Dei fleste land i verda har ratifisert Konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle menneskerettar. Denne konvensjonen slår fast at alle menneske har rett til ein tilstrekkeleg levestandard, noko som inkluderar rett til helse og mat. Staten har plikt til å nytta alle tilgjengelege ressursar for i aukande grad å innfri alle folk sin rett til ein tilstrekkeleg levestandard, altså å vera fri frå fattigdom.
Diverre legg ikkje Verdsbanken eit menneskerettsleg syn til grunn for si nye forståing av fattigdom og kamp mot fattigdom. Ein skulle tru at den individualiseringa av fattigdomen som rapporten fører med seg, at ein er oppteken av enkeltlagnader og sjølvopplevd fattigdom, også ville føra med seg ei understreking av kvar einskild sine rettar i samsvar med FN sine menneskerettskonvensjonar. Dette er ein av dei viktigaste ankepunkta ved rapporten.

Den siste «Human Development Report» frå UNDP set fokus på nettopp menneskerettane sin plass i utviklingsarbeidet. Rapporten slår fast at å sikra menneskerettane til alle er ein heilt sentral del av kampen mot fattigdom. Utan ein viktigare status for dei økonomiske, sosiale og kulturelle rettane vil inkludering av marginaliserte menneske i samfunnet si utvikling vera umogleg.
Av både Verdsbanken og andre vert det ofte hevda at å arbeide med økonomiske og sosiale menneskerettar er det same som å arbeide med økonomisk og sosial utvikling. Og det gjer jo Verdsbanken heile tida, gjennom finansiering av ulike prosjekt og gjennom støtte til strukturtilpassing. Men sjølv om det er mange likskapar mellom økonomisk og sosial utvikling og økonomiske og sosiale menneskerettar, kan ein ikkje setja likskapsteikn mellom dei.
For det første er det forskjell på å setja seg mål og å innføre juridiske krav og plikter. Også menneskerettar kan sjåast på som mål som må innfriast, men mange menneskerettsbrot i dag går ut på at statar ikkje respekterer menneskerettar eller vernar mot overgrep frå tredjepart. Vidare skal krava vera mogleg å gjennomføra - gjennom lov, med klare kriterium, slik at brot kan verta retta på.
Til sist, menneskerettar skal ikkje berre vera oppfylt, men sikrast gjennom sosiale ordningar. Rettar som er oppfylte i dag skal ikkje kunne takast bort i morgon. Dette set fokus på dei ansvarlege - statar og i aukande grad internasjonale organ - sine handlingar i forhold til å følgja sine plikter.

Verdsbanken har ingen referanse til menneskerettar i sitt mandat, sjølv om eigarane av Banken har menneskerettsplikter. Dette er eit paradoks. Banken har då også ved fleire høve vorte kritisert for menneskerettslege konsekvensar i samband med både enkeltprosjekt og strukturtilpassingsprogram. Ein årsak til at det er viktig å sjå Verdsbanken sine aktivitetar i eit menneskerettsleg lys, er at det er dei delane av folkesetnaden som allereie er utsett for brot på økonomiske og sosiale rettar som i mange høve har tene minst på prosjekta til Verdsbanken. Dette har til dømes gjeldt lokalbefolkning som har måtte flytta for å gje plass til damanlegg eller andre store utviklingsprosjekt.

Problemet med Verdsbanken sin manglande vilje til å ta på seg menneskerettslege plikter kjem til syne i eit av dei nye prestisjeprosjekta dei siste åra, «marknadsbasert jordreform». Jordreform blir av menneskerettsorganisasjonar sett på som eit dokumentert veleigna middel for å sikra menneske retten til mat. Omfordeling av jord og reform av jordbrukssystemet er ein viktig måte å setja mange fattige på landsbygda i stand til å brødfø seg sjølve. Konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle menneskerettar nemner eksplisitt jordreform som eit tiltak statar er forplikta til å vurdere for å sikra alle retten til mat. Også Verdsbanken har innsett at omfordeling av jord er viktig. Likevel meiner Verdsbanken at jordreform basert på ekspropriasjon av jord ikkje har vore særleg vellukka. Verdsbanken si løysing er «marknadsbasert jordreform». Gjennom prosjekt i spesielt Brasil, men også i andre land som Sør-Afrika, satsar Banken på å tilby lån på gode vilkår til dei jordlause bøndene, slik at desse kan kjøpa jorda dei treng av storbøndene. Målet er å skapa ein marknad for jord, der både kjøpar og seljar skal tene på dette.
Det kan vera både positive og negative sider ved dette. Den viktigaste negative sida i denne samanhengen er at Verdsbanken gjennom dette prosjektet ikkje sikrar retten til mat til dei som vert taparane i dette systemet. Det er ikkje sikkert at det vert nok tilbod av jord for alle som har behov for det, og sikringsnettet for dei som ikkje klarar lånevilkåra er høgst usikkert. Det kan hevdast at denne tilnærminga til jordreform undergrev staten sine plikter når det gjeld å innfri retten til mat. Hadde Verdsbanken vore bunden av menneskerettskonvensjonane hadde han måtta ta andre omsyn i sin utarbeiding av ein strategi for jordreform.

Den manglande vektlegginga på økonomiske og sosiale menneskerettar er ein alvorleg mangel ved Verdsbanken sin nye fattigdomsrapport. Gjennom den omfattande studien «Voices of the Poor» går Verdsbanken langt i å individualisere og menneskeleggjera fattigdom, men tek ikkje steget fullt ut og gjev dei fattige rettar. Dersom denne rapporten har like stor innverknad på utviklingspolitikk som tidlegare rapportar, så får ein håpa at institusjonar som NORAD kan ta sine menneskerettslege plikter meir på alvor og i aukande grad inkludera økonomiske og sosiale menneskerettar i sitt arbeid.

Stein Terje Vikan er styreleiar i FIAN-Noreg, norsk avdeling av ein internasjonal menneskerettsorganisasjon som arbeider med økonomiske, sosiale og kulturelle menneskerettar. Organisasjonen sitt fokus er spesielt retta mot retten til mat.

Powered by Labrador CMS