Kommentar:

7. oktober tar ikkje slutt

Tre år etter 7. oktober er det vanskelegare enn nokon gong å sjå korleis denne konflikten skal ende – uansett om ein står i Tel Aviv, Gaza eller Ramallah.

Publisert Sist oppdatert

Dette er en kommentar. Meninger i teksten er skribentens egne.

Det er nøyaktig tre år sidan eg sist var i Israel.

Den morgonen kom væpna menn med grøne hovudband gjennom grensegjerdet frå Gaza. Dei drap, valdtok, bortførte og gjorde unemnelege brotsverk mot menneske som var uskuldige. Det var kvinner og barn, tusen forteljingar, videoar og bilete eg aldri vil få ut av hovudet.

I kveld skal vi stå saman med israelarar i Yarkon-parken i Tel Aviv og minnast dei døde. Eg veit ikkje korleis det vil kjennast.

Å vere tilbake her kjennest framandt. Gamlebyen i Jerusalem er like mektig, Ben Gurion-flyplassen tar framleis imot menneske frå heile verda, og strendene i Tel Aviv er like provoserande bekymringslause.

Men tre år seinare ligg den fatale morgonen framleis over alt. Over politikken, frykta, krigen og måten menneske ser kvarandre på. Slik 11. september teikna historia over ein heil epoke, gjorde også 7. oktober det.

Israels eksistensielle traume

Saman med Panorama-fotograf Andrea Gjestvang er eg tilbake for å lage journalistikk om situasjonen, om det israelske valet, all den norske støtta til Palestina og om dei nesten ikkje-eksisterande fredsprosessane.

Israelarane er framleis høglydte, opne, smilande og politisk splitta, men vi opplever samstundes at noko er borte. 

For mange israelarar stadfesta 7. oktober den eldste og mørkaste frykta deira: at det finst menneske på den andre sida som ikkje berre vil kjempe mot Israel, men som rett og slett ikkje vil at Israel skal eksistere.

Den frykta er langt eldre enn 7. oktober 2023. Ho lever i eit samfunn bygd av menneske som flykta frå forfølging, pogromar og Holocaust, og av barn og barnebarn som har vakse opp med historia om kva som kan skje når jødar ikkje kan forsvare seg sjølve.

Uansett kva ein meiner om den israelsk-palestinske konflikten: 7. oktober kan ikkje samanliknast bort. Det israelske traumet er ekte, og vi skuldar dei døde å forstå det. Det gjeld også dei som går i ymse demonstrasjonstog i Oslo.

«Heilt ærleg meiner eg var det var feil»

Dei siste dagane har vi reist rundt på Vestbreidda. Vi har vi spurt fleire av palestinarane vi har møtt om kva dei tenker om Hamas-åtaket – tre år etterpå.

Då kjem det ofte ei pause.

«Heilt ærleg?», seier dei.

Så ei pause til.

«Heilt ærleg meiner eg det var feil»

Gravemaskiner arbeider i ruiner og røyk foran tett boligbebyggelse.
Gravemaskiner river ei fem etasjar høg bustadblokk i Al-Tur i Aust-Jerusalem. Bygget hadde ti leilegheiter og rundt 70 bebuarar.

Dei seier at det skada den palestinske saka, at lidinga ikkje førte til noko, og at det først og fremst øydela for folket i Gaza.

«Berre sjå på Gaza no», seier dei.

Og det er vanskeleg å sjå bort. Store delar av Gaza ligg framleis i ruinar. Menneske lever fordrivne i telt, matmangelen er alvorleg, og krigen har rive sund eit heilt samfunn.

Steinkasting, brannar og spyttklyser

Det er uansett ganske visst ikkje det svaret ein israelar ønsker å høyre. Fordømminga kjem ofte med atterhald, forklaringar og eit nokså ubehageleg «men».

For på Vestbreidda er 7. oktober også startpunktet for tre år der den israelske kontrollen er blitt hardare og kampen om dei små landstykka meir brutal. Her går kampen om åsryggar, kvadratmeter, steinrøyser og oliventre.

Fram til 14. september hadde FN registrert meir enn 1600 busettarangrep på Vestbreidda berre i 2026 der palestinarar vart skadde eller eigedom øydelagd. Det er i snitt 6,7 angrep om dagen. Dei færraste høyrer vi eit ord om heime.

Dei siste dagane har vi møtt fleire som vart angripne berre timar eller dagar tidlegare.

Vi såg sjølve unge busettarar stå i ei rundkøyring med steinar i hendene. Bilar med israelske skilt fekk køyre forbi. Bilar med palestinske skilt fekk stein og spyttklyser etter seg.

Ungdommane såg ikkje redde ut, då dei mest sannsynlegvis visste at palestinarane i bilane ikkje utan vidare kunne ta igjen. Ungdommane kunne berre ringe israelske soldatar, og det vil sjeldan by på problem for ungdommane sjølv.

Gutt med sykkel i et steinete landskap med bebyggelse og fjell i bakgrunnen.
Ein gut ser utover dei utbrende områda i beduinsamfunnet Ma'azi Jaba, nord for Jerusalem. Israelske busettarar gjekk til angrep her måndag kveld, ifølgje palestinske kjelder.

Det ulmar på Vestbreidden

Då kveldsmørket senka seg over hovudvegen frå Ramallah måndag, såg vi flammar i horisonten frå beduinsamfunnet Ma'azi Jaba, nord for Jerusalem.

Israelske busettarar hadde gått til angrep. Bygningar og innhegningar vart sette i brann, bilar øydelagde og fleire menneske skadde, ifølgje palestinske kjelder. Også israelske Jerusalem Post omtalte angrepet dagen etter. Heime i Oslo var det tyst.

Morgonen etter var vi sjølve der. Det ulma framleis mellom husa.

Ein 16-åring låg på sjukehus med brot på skallen etter det familien fortalde var eit slag med ein geværkolbe. Då vi møtte han, var han ved godt mot. Han hadde trass alt vore heldig.

Ma'azi Jaba var ikkje aleine. Same kveld vart det rapportert om angrep i Immatin ved Qalqilya, Al-Minya ved Betlehem, Wadi Jheish og Wadi al-Rakhim sør for Hebron og Izbat an-Nazla ash-Sharqiya ved Tulkarm. I fleire av tilfella vart menneske skadde, heimar eller bilar angripne og palestinarar jaga frå jordene sine.

Andre stader blir oliventre rivne opp eller brende. Vegar blir stengde. Bønder blir jaga frå jorda si.

Mennesker, noen i verneutstyr, står blant murbrokker og ødelagte bygninger.
Israels tryggingsminister Itamar Ben-Gvir besøker området medan ei palestinsk bustadblokk blir riven i Al-Tur i Aust-Jerusalem. Etter rivinga poserte han på ei gravemaskin framfor kamera.

Tysdag var vi også vitne til at den høgreorienterte israelske tryggingsministeren Itamar Ben-Gvir stilte seg opp ved rivinga av ei fem etasjar høg bustadblokk i Al-Tur i Aust-Jerusalem. Bygget hadde ti leilegheiter og rundt 70 bebuarar. Etterpå poserte Ben-Gvir på ei gravemaskin framfor kamera, medan ti palestinske familiar hadde mista heimen sin. Slik ser òg valkampen i Israel ut.

Heile dette politiske teateret, denne slagmarka, handlar i botn om frykt.

Draumen om den palestinske staten

Men under alt som handlar om 7. oktober, krigen i Gaza, Vestbreidda og heile den israelsk-palestinske konflikta, ligg noko veldig konkret:

Kampen om land, og eit ønske om å fordrive nokon frå landet.

Kven skal bu der? Kven skal kontrollere det? Kven skal få bygge? Kven skal få vende heim? Kven får dyrke oliventrea sine? Kven har soldatane på si side?

Eit land kan ikkje tilhøyre to folk samtidig. Eller kan det nettopp det?

Før 7. oktober var det framleis mogleg å høyre seriøse forskarar og politikarar diskutere alternativ til den stadig meir usannsynlege klassiske tostatsløysinga: konføderasjon, ein binasjonal stat, delt suverenitet eller ulike føderale løysingar. Tre år seinare verkar slike idear nesten berre som svevande fantasiar.

Det som står att, liknar stadig meir på eit ulideleg status quo.

Også på israelsk side har landskapet endra seg. Dei som før gjekk i gatene mot okkupasjonen, som protesterte mot busetjingane og insisterte på at palestinarane hadde krav på ei framtid, verkar færre, meir stille og meir åleine.

Etter 7. oktober har frykta også flytta inn hos mange av dei.

I fleire tiår har Noreg lagt milliardar, prestisje og politisk tru inn i håpet om to statar. Pengane har blitt til mat, medisinar, skular, rettshjelp og tak over hovudet. Dei har halde menneske oppe medan politikken har falle saman rundt dei. I 2025 gav vi 2,1 milliardar kroner til Palestina og palestinske flyktningar. Nesten halvparten var humanitær bistand.

Pengane reddar liv. Men bygger dei den palestinske staten, dersom busetningane øydelegg grunnlaget for den?

Noko tok slutt 7. oktober

Men når ein køyrer gjennom Vestbreidda, melder spørsmåla seg:

Kva er det vi prøver å oppnå?

Kor lenge kan vi finansiere institusjonane til ein stat som ikkje kjem?

Kor mykje bistand skal til for å vege opp for at det politiske handlingsrommet forsvinn?

Uniformerte sikkerhetsstyrker holder fast en person i en bygate.
Israelske tryggingsstyrkar under rivinga i Al-Tur i Aust-Jerusalem. Ti palestinske familiar mista heimane sine då den fem etasjar høge bygningen vart riven tysdag.

Tre år etter 7. oktober har israelarane trekt tryggleiken tettare rundt seg. Palestinarane har sett staten dei ventar på, forsvinne lenger og lenger ut i horisonten.

I kveld blir dei døde minna i Tel Aviv. Det finst ingen «men» etter dei namna. 7. oktober var dagen livet tok slutt for altfor mange uskuldige menneske.

Men det var også dagen noko tok slutt for dei som overlevde.

Powered by Labrador CMS