Kong Harald i uniform og Nelson Mandela i dress står sammen i en hage i Cape Town.
Kong Harald saman med dåverande president Nelson Mandela under statsbesøket i Sør-Afrika i 1998.

Slik var kong Haralds engasjement for verda

Gjennom eit langt liv har kong Harald møtt menneske i mange ulike delar av verda – frå urfolk i Amazonas til ungdommar og statsleiarar i Sør-Afrika. 

Publisert Sist oppdatert

Kong Harald sovna stille inn på Rikshospitalet fredag klokka 06.35, melder kongehuset. Han vart 89 år gammal. 

– Kongehuset har vore del av bistandsstormakta Norge og har vore tilstades for å framme Norge i verda, seier TV 2s kongehusekspert Ole-Jørgen Schulsrud-Hansen. 

Ole-Jørgen Schulsrud-Hansen, TV 2s kongehusekspert.

Sidan 1991, då kong Harald tok over rolla etter kong Olav, har han reist verda rundt som ein av Norges fremste representantar internasjonalt.

– Utanriksdepartementet tar med seg kongehuset dei gongane det er passande. Monarkiet funkar fordi alle forstår det. Difor er dei ein døropnar, seier Schulsrud-Hansen. 

Kong Harald har teke del i store internasjonale augneblink, vore president i Verdas Naturfond (WWF) og har gjennom statsbesøk i utlandet og til Norge møtt landsleiarar og kongelege, men også studentar, skuleelevar, leiarar i næringslivet og fattige menneske. 

Første president i WWF

Kongen sitt internasjonale engasjement begynte lenge før han blei konge. Han har blant anna hatt eit mangeårig engasjement for natur og miljø.

Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdas naturfond.

– Det personlege engasjementet til kongen for naturvern har vore uvurderleg. Natur- og klimakrisa er krevjande å snakke om fordi løysingane ikkje er enkle. Han klarte å formidle kor viktig det er å ta vare på naturen, på ein samlande og engasjerande måte, seier Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdas naturfond, til Panorama.

I si tid som kronprins, var Harald også blant initiativtakarane til at WWF blei grunnlagt i Norge i 1970. 

– Kong Olav var kritisk til dette fordi kronprins Harald kunne hamne i interessekonflikt dersom han måtte vere kronprinsregent, fortel TV 2s kongehusekspert Schulsrud-Hansen. 

Han blei likevel også den første presidenten i organisasjonen og hadde rolla i 20 år.

Kong Harald mottar et innrammet kunstverk fra Viggo Ree under et WWF-arrangement i Oslo.
Kong Harald takkar for seg etter 20 år som president i Verdas Naturfond (WWF Norge).

– Han har ein stor del av æra for at vi som global organisasjon fann ein plass her i landet. Sidan var han organisasjonen sin høge beskyttar, og vi er svært glade for at vi i fjor fekk besøk av han i samband med 55-årsjubileet vårt, fortel Andaur i WWF.

Andaur seier at organisasjonen no er i stor sorg etter bortgangen til kong Harald.

– WWF vil minnast han som ein monark som såg alle og fekk alle til å kjenne at vi var eitt lag. Han var ein samfunnsengasjert, varm og samlande konge, seier Andaur.

Kong Harald på WWF sitt 55-årsjubileum.

Sov i hengekøye i Amazonas 

Kongen ønskte sterkt å besøke Amazonas, og i 2013 fekk han draumen oppfylt på invitasjon frå Regnskogfondet. 

Han besøkte Demini nord i Brasil, landsbyen til urfolksgruppa yanomami i Amazonas, og budde der i fire dagar. Han sov i hengekøye under opphaldet.

– Eg synest det har vore ein fantastisk tur – heilt utruleg bra, oppsummerte kong Harald ifølgje kongehusets eigne nettsider i etterkant av turen.

Kongen besøkte også Svalbard same året og løfta besøka som ei aktualisering av klimautfordringane i sin tale under stortingsmiddagen på slottet. 

Kong Harald står foran yanomamifolk i en gresskledd landsby i Amazonas.
Kong Harald på besøk i Demini, Brasil.

Over 100 statsbesøk

Saman med dronning Sonja har kong Harald tatt del i over 100 statsbesøk i Norge og i utlandet. 

– Det har vore vanvittig mange statsbesøk i deira regentperiode. Sjølv statsbesøk frå og til nasjonar som ikkje eksisterer lenger, seier Schulsrud-Hansen. 

Kongen har delteke på statsbesøk til blant anna India, Myanmar, Jordan, Chile og Kina. 

Kronprins Harald og kronprinsesse Sonja framfor Taj Mahal under eit offisielt besøk i India i februar 1986.

Besøket i Myanmar

I 2014, på eit statsbesøk i Myanmar, talte han for ei fullsett forsamling av studentar på Universitetet i Yangon om tydninga av ei grunnlov med rettar og plikter for folket dersom ein skal få eit velfungerande demokrati.  

Han var også til stades under ein samtale mellom ein norsk og myanmarsk delegasjon som enda med ei signering av ein avtale om utviklingssamarbeid mellom landa. 

Besøket hadde samstundes ei bakside. I forkant av kongeparet si reise til byen Mandalay vart fleire fattige familiar tvangsflytta frå uformelle busetnader langs Irrawaddy-elva.

Til Bistandsaktuelt, som no heiter Panorama, sa Slottet den gongen:

– Det er leit. Dette er noko kongeparet verken ønskjer eller har bede om. Tvert imot, dei ønskjer å sjå Myanmar slik det er.

Mandela sin gjest 

Kongen har også ved fleire høve besøkt Sør-Afrika. 

I 1998, kort tid etter oppløysinga av apartheidregimet, var kongen gjest hos president Nelson Mandela. 

På same turen besøkte han også barneskulen Winnie Nowekazi i Soweto Township. 

Kong Harald og dronning Sonja møter barn og ansatte ved en skole i Soweto.
Kongeparet besøkte også Winnie Nowekazi barneskule i Soweto Township.

I 2009 var kong Harald tilbake i Sør-Afrika. Denne gongen omfatta besøket blant anna ei omvisning på helsestasjonen The Uitzig Clinic og eit møte med Zeekovlei Yacht Club, ein arena der unge frå fattige område fekk sjansen til å lære å segle.

Kongen opna også eit seminar ved Universitetet i Pretoria om sårbare statar og utfordringar for fred og tryggleik i Afrika. 

Første reise i Midtausten

Kongeparet var også i Jordan i 2020, deira første reise i Midtausten. 

Her var dei gjestar hos kong Abdullah, dronning Rania og kronprins Hussein av Jordan. 

Statsbesøket markerte 50 år med diplomatisk samarbeid mellom landa og utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) samt næringsminister Iselin Nybø (V) tok del i besøket. 

Kongeparet deltok i samtalar og diskuterte blant anna Jordans gjestfridom overfor syriske flyktningar, den palestinske befolkninga og Norges humanitære støtte til Jordan – spesielt støtten til utdanning. 

Kongeparet sitt statsbesøk til Jordan.

Tett samarbeid med UD

Mykje av kongens engasjement har vore i samarbeid med UD. 

– Det har vore ein klar tanke at UD skal legge føringane, men at kongen følgjer med, seier Schulsrud-Hansen. 

Likevel har kongen også hatt ein tanke om si eiga rolle i dette. 

– Etter terrorangrepet mot Israel 7. oktober ønskte kongen å kondolere Israel, men blei fraråda å gjere dette av UD. 

Schulsrud-Hansen fortel at kongen likevel omtala saka på ein forsiktig og fin måte i Året med kongefamilien. 

– I ettertid har UD sagt at kongen hadde rett. Han skulle fått kondolere Israel.

Kongen har også tidvis hamna i vanskelegheiter på grunn av tanken mange har om kva ein konge er.

På eit statsbesøk i Russland skulle den dåverande norske utanriksministeren snakke med president Boris Jeltsin om politikk som omhandla den nordlege halvkule.

Utviklingsminister Åsmund Aukrust sitter ved et vindu på kontoret sitt i Utenriksdepartementet.
Utviklingsminister Åsmund Aukrust (Ap)

– Jeltsin sa til utanriksministeren at «Det går fint. Kongen og eg tek oss av dette». Som vi veit, har ikkje kongen makt til det.

I etterkant av kongen sin bortgang kom utviklingsminister Åsmund Aukrust (Ap) med ein uttale i ei pressemelding. 

– Under minneseremonien etter terroråtaka 22. juli sa kongen, med broten røyst av kjensler: «Som far, bestefar og ektemann kan eg berre begynne å sjå føre meg smerta dykkar. Som konge i dette landet kjenner eg med kvar og ein av dykk.» I dag er det kvar og ein av oss som sørgjer over kongen vår. Takk til bestefaren til nasjonen. Takk for eit liv i teneste for Noreg.

Bidra der vi kan

Det internasjonale engasjementet til kong Harald har gått i mange retningar gjennom eit langt liv: natur og miljø, helse og utvikling, og forholdet mellom land.

Sjølv har kongen dei siste åra formulert det som eit spørsmål om internasjonal solidaritet.

«Vi må bidra der vi kan», sa han i nyttårstalen i 2025:

– Både i det store og det små. I det store bildet gjeld det framfor alt å halde fast ved internasjonalt samarbeid – for vi har ingen gode alternativ.

Han heldt fram med å takke alle som står på kvar dag for fred, utvikling og samhandling i verda.

– Gjennom diplomati og humanitært arbeid, gjennom forsvar og handel. Vi treng kvar og ein av dykk. Ikkje mist trua på at de gjer noko av verdi.

Powered by Labrador CMS